Hjørundfjordportalen » Lokalt » Alle artiklar

Artiklar

September 2016

Kari Stokke

23.09.2016

Klar for loppemarknad i helga!

Då er vi klar for loppemarknaden laurdag og søndag.
Vi har fått fantastisk mange lopper og dugnadsgjengen har vore på plass kvar kveld denne veka for å pakke ut alle kassene som har vorte avlevert.
Ta turen då vel, her er mykje spennande å finne!

Les heile

Silje Solhaug

20.09.2016

Marknad på Bondalen Grendahus

2.OKTOBER Kl.14.00-17.00

Velkomne til marknad på Bondalen grendahus. Vi skal ha ein kjekk søndag i lag, med aktivitetar, underhaldning og god mat.

Det blir mellom anna luftgeværskyting, lykkehjul, åresal, tombola og nye aktivitetar for born.
Det vert sal av gode kaker, smørbrød, brus og kaffe.

Generasjonskorpset spelar for oss, og vi skal ha enda eit musikalsk innslag!

Les heile

Aanon Aanonsen

20.09.2016

Flaskeinnsamling

Handballgruppa kjem med ny flaskeinnsamling. I perioden 23 september - 2 oktober vil blide handballspelarar kome rundt til alle husstandar i Bondalen. Så vi håper dokk har mange flasker liggande.

Les heile

Gjest

20.09.2016

lKulturminnetur på Bjørke

Det blir kulturminnetur rundt Bjørke laurdag kl 12 . Kjell Bjørke vil vere kjentmann og vil fortelle om den nye historie og om hus og folk til den eldre tid og vikingfunn

Les heile

Gjest

19.09.2016

Olavsdalen ilag med Ørstingar.

To blide,kjekke og spreke Ørstingar møtte i dag til tur i Olavsdalen. Været var flott med skya litt mørkt merkelig lys. Flott temp på ca 15 grader.....perfekt turvær!

Les heile

Kari Stokke

19.09.2016

Loppemarknad laurdag og søndag

Det nærmar seg loppemarknad på Sæbø og i ettermiddag startar vi mottak av "lopper".

Det er alltid utruleg spennande å opne poser og kasser som vert levert og vi har eit håp om at det kjem mykje flott også denne gongen.

Les heile

Lars Vatne Nielsen

18.09.2016

Helselaget treng nye medlemmer.

Helselaget vil med dette oppfordre folk til å melde seg inn i helselaget. Vi treng nye medlemmer på medlemslista vår. På biletet ser de styret som sit no : Frå Venstre, Lisbet Vatne Nielsen, Ragnhild Frøland, Karianne Myklebust, Marit Rekkedal, Janneche Mo og Manuela Ritter. (Torill Aarseth var ikkje tilstades då biletet vart teke.)

Les heile

Gjest

13.09.2016

Bygdakveld

GP Pedresen og Asbjørn Berg Kjem til Bjørke/Haukly den 24 september.

Les heile

Anette Dagfinrud

12.09.2016

Sykkeltur til Urke - Barneidretten med i krafttaket!

Laurdag 17. september arrangerer barneidretten på Sæbø sykkeltur til Urke. Vi har vorte trekt ut til å vere med på Krafttaket, som Tussa arrangerer, der vi får vere med å kjempe om til saman 100.000,- i sponsormidlar.

Les heile

Bodil Skare

11.09.2016

Turmarsj på Elverampa

Hausten er på god veg og vi i Helselaget og Trimgruppa vil invitere deg til å ta trimturen søndag kl 1500 langs Elverampa.
Ta med deg vener og kjende og møt opp!

Les heile

Espen Aarseth

11.09.2016

Open kyrkje søndag 11. sept kl 20.00

Grunna sjukdom vert det ikkje gudsteneste kl 20.00 søndag kveld i Hjørundfjord kyrkje, men vi vil ha open kyrkje med roleg musikk og høve til å tenne lys. Velkomen! - Hjørundfjord sokneråd

Les heile

Kari Stokke

07.09.2016

Er du grasrotgjevar?

Stadig fleire vert grasrotgjeverar når dei leverer tippekupong/lottokupong og kupongar til andre spel i regi av Norsk Tipping, men framleis er det mange som ikkje tek del i denne fantastiske ordninga.
Er du ein av dei som utgjer dei 49 % som ikkje har ein mottakar av 5 % av tippeinnsatsen din?
Det bør du gjere noko med.
Du kan sjølv bestemme kven du vil skal nyte godt av din innsats og kvar ei krone har stor betydning for lokale lag og organisasjonar.

Les heile

Bodil Skare

06.09.2016

Gunnarråsa og Åseråsa.

Endelig sol og varme.
Dette var ein perfekt dag å gå på tur og Gunnarråsa er aldri feil å gå tur i , til og med Åseråsa var eit flott valg denne måndagen.

Les heile

Kari Stokke

05.09.2016

Strikkekaféen startar opp igjen

Onsdag 7. september startar strikkekaféen på Sæbø opp igjen etter ein lang sommarferie.
No vert kveldane lange og mørke og då er det tid for å hente fram handarbeidet og ta turen til bedehuskjellaren.

Les heile

Sæbø skule

01.09.2016

Treningstider i gymsalen 2016/2017

Nokre grupper er ivrige og ynskjer å starte opp med trening snarast råd. Dermed må ynskjer meldast inn slik at treningstider kan tildelast. Dei som allereie har meldt inn ynskjer treng ikkje gjere det på nytt.
Gruppene sender ynskjer på mail til saboskule@orstaskulen.no innan 08.09.2016

Les heile

Statistikk

1070 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 11 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

69 besøk idag.

4428 besøk - 06.05.2018
2860624 besøk og 24045638 visningar totalt