Hjørundfjordportalen » Lokalt » Alle artiklar

Artiklar

November 2015

Hjørundfjordheimen Sæbø

18.11.2015

Vi treng råvarer!

Hjørundfjordheimen treng strongar så denne arbeidskaren kan få sage meir ved. Er det nokon som har stokkar på to meters langde og mindre, ikkje altfor tjukke, vil vi gjerne ha dei.

Les heile

Perry Bjørke

18.11.2015

Konsert på Haukly

Konsert med Stig Ulv på Bjørke
Haukly den 22 november kl 18
Open Kafe kl 17 varme mat-vafler-kaffi
Inngang 100kr barn gratis

Les heile

Kari Stokke

17.11.2015

Julemesse på Sæbø 22. november

Søndag 22. november er det igjen tid for julemesse på bedehuset på Sæbø.

I salane oppe vert det salg av kunst og handverk og nede i kjellarstova vert det kafé med salg av gode kaker og brennsnut.

Utstillerane gir kvar si sjølvlaga gåve til eit lotteri til inntekt for bedehuset. Lodd kan kjøpast ved inngongen til salane oppe.

Les heile

Øyvind Taklo

06.11.2015

Sæbø-mesterskapet i quiz

Sæbømeisterskapet i quiz rullar vidare! 2. runde for sesongen 2015/16 blir fredag 6. november kl 20.00 på Hotel Sagafjord.
Kom sjølv om du ikkje har lag, alle får vere med!

Fine premiar, m.a. dei populære "Kaule på Sæbø" t-skjortene.
18 års aldersgrense. Kr 100,- pr. lag.

Velkomne!

Les heile

Bodil Skare

02.11.2015

Sirkeltrening ?

No når haustmørket er komt sigande er det ikkje berre å legge turskona på hylla, nei.
Trimgruppa har aktivitetar i gymsalen som du kan vere med på, eller ta deg ein tur i skogen på tur med haudelykt.
Kansje begge deler?
No vil vi starte oppatt med sirkeltrening måndagane frå klokka 2015, vel møtt.

Les heile

Ivar Svein Mo

01.11.2015

Det nye soknerådet i Hjørundfjord sokn

Folket har sagt si meining gjennom val i kommune og kyrkjeval og i dag, Helgemessesundag 1.november, vart det nye soknerådet presentert i gudstenesta i Hjørundfjord kyrkje...

Les heile

Sverre Måseidvåg

01.11.2015

`Takk til Bodil og trimgruppa

Så er det slutt på trimsesongen utadørs for i år, og kringom i sidedalane og på tuene og toppane ligg ræsene, steinane og utsiktspunkta og kjenner på saknet etter Bodil og alle følgjevenene hennar.
Måndagar og torsdagar kom ho med gjengen sin - uansett ver eller vind - engasjerande, inkluderande og sporty.
No må Sæbønestua, Keipen og Stokkehornet vente på slike koselege besøk til neste vår.

Les heile

[1 kommentar]

Åse-Lill Leknes Kvistad

04.11.2015

Kven skal bli årets Bondaling 2015?

Vi er no i starten av november, og det nærmar seg fort desember og ein ny 3. dagsfest. For å kåre årets Bondaling, treng vi i ungdomslaget di stemme.

Les heile

Statistikk

1070 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 11 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

69 besøk idag.

4428 besøk - 06.05.2018
2860624 besøk og 24045650 visningar totalt