Hjørundfjordportalen » Lokalt » Alle artiklar

Artiklar

June 2013

Ivar Svein Mo

28.06.2013

Kyrkja si sommaropning

Sommaropa kyrkje har vore ei god ordning som folk har sett pris på. Også i år har Hjørundfjord sokneråd fått ja frå frivillige vertar som vil halde opa kyrkja, to kveldar i veka, tysdag og fredag, frå 25.juni til 9.august...

Les heile

Hilde Sæbønes

27.06.2013

Torsdagstur på Sæbønestua

Heile 16 stk møtte opp på trimgruppas første torsdagstur :) Frå sjølve toppen har ein ei fantstisk utsikt ned på Sæbø city.

Les heile

Bodil Skare

24.06.2013

Grøthaugen med ny start på råsa.

Det har vorte merka ein ny start på råsa til Grøthaugen, skilt står eit stykke nedom gardane på Moane.
No skal vi flytte trimgruppa sitt skilt, så slepp vi å trakke ned voksterleg gras på vår veg.
Denne råsa var forresten godt merka, og fin å gå.

Les heile

Hilde Muren

24.06.2013

Ei ny tid for jonsokbålet på Kapteinkvia

Kapteinkvia på Sæbø står etter kvart fram som ein fantastisk vakker samlingsplass for bygdefolk og turistar. Dessverre er det ein "liten" ting som skjemmer plassen: bålet, eller rettare sagt, skrotplassen. Dette ønskjer styret i Sæbø grendalag å endre.

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjordheimen Sæbø

24.06.2013

Grillfest og rekekveld.

No er det snart midtsommar, og vi på Hjørundfjordheimen ventar framleis på sommaren.
Det hindrar oss ikkje i å arrangere grillfest, eller ta en rekekveld på hotellet.

Les heile

[1 kommentar]

Hilde Muren

17.06.2013

Jonsokfeiring i Kapteinkvia

Sæbø grendalag byd inn til jonsokfeiring i Kapteinkvia, søndag 23. juni frå kl. 18:00.

Det blir lurvetog frå ca kl 18:00, då tenner vi og på grillane. Bålet tennast kl 20:00.

Sal av rømmegraut til inntekter for Bedehuset. Ta elles med eigen grillmat og drikke.

Vel møtt!

Les heile

[1 kommentar]

Ingvild Mork

19.06.2013

Velkomen til Midtsumar på Bjørke

Arrangementet ”Midtsumar på Bjørke” markerer opninga av sommarsesongen på Bjørke, der fleire lokale aktørar går saman om eit program som høver for dei fleste. Det er entusiasme og skapertrang som er drivkrafta bak hendinga, og målet er å skape festivalstemning og liv i bygda, samstundes som Bjørkefolket vil vise fram det blomstrande kultur- og næringslivet i heimbygda dei er så stolte av.

Les heile

Siw Lillebø

11.06.2013

Hjørundfjorddagar 2014?

Skal bygda arrangere Hjørundfjorddagar 2014?
Kva gjer vi vidare?
Kva ynskjer vi?
Møt opp og sei di meining tysdag 18. juni på klubbhuset kl 20.00.Dersom du ikkje kan møte men har noko på hjartet så send ein epost til saboidrettslag@gmail.com

Les heile

[1 kommentar]

Bodil Skare

10.06.2013

Gunnar-råsa og Storenakken på sitt vakraste.

Strålande sol etter ei helg med mykje regn, var det beste me kunne håpe på.
Fint og tørt i råsa, grønt og lunt i skogen, mykje fuglekvitter, og nitten spreke turglade trimmarar i råsa, snakk om velstand.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

15.06.2013

Solskin og song.

Balrian søv i godstolen medan damene pludrar i solsteiken med ein kopp kaffi.
Ja, katten veit å tilpasse seg, men han kan ikkje vere med på slett alt som føregår.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

13.06.2013

På tur til Raftevold.

Ein dag i finevêret slo vi på stortromma og reiste på tur til Raftevold`s hotell på Grodås.
Ein kjempetriveleg tur, og for ei servering.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

10.06.2013

Vårlege glimt.

Heile helga har regnet hølja ned, så då fann vi ut at det er godt å sjå tilbake til mai månad då vi hadde det varmt og fint, ja vi hadde rett og slett sommar.

Les heile

Statistikk

1073 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 27 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

586 besøk idag.

4428 besøk - 06.05.2018
2941690 besøk og 24532242 visningar totalt