Hjørundfjordportalen » Lokalt » Alle artiklar

Artiklar

February 2013

Hilde Muren

27.02.2013

Velkomen til Stemningskonsert i Hjørundfjord kyrkje

Åmdalskoret Berre Damer byr inn til Stemningskonsert. Laurdag tenner koret lysa i Hjørundfjord kyrkje og søndag i Ørsta kyrkje. Dei har funne fram eit fargerikt utval av musikk frå fleire verdsdelar. Lokale folketonar blir blanda med musikk frå Island, Afrika, Karibia og Amerika.

Les heile

Knut Hustad

23.02.2013

Matøskja 1332 m, Harpehornet 1192 m

Er det djup puddersnø og glimrande forhold for nedkøyring på ski, finn du deg eit anna fjell enn Matøskja. Men har du sans for ein liten ekspedisjon, ja, då kan du gjerne satse på det høgste fjellet mellom Høydalen og Bjørkedalen...

På foto til høgre ser vi fjellet Matøskja.

Les heile

Hilde Muren

20.02.2013

Årsmøte Sæbø Grendalag

Sæbø grendalag byr inn til ÅRSMØTE torsdag 14. mars kl 19:30 på Klubbhuset.

• Vanlege årsmøtesaker

Debatt:
• Bustadareal Sæbø
• Kva skjer med Prestegarden?
• Bålplass på Kapteinkvia.

Saker til årsmøtet må meldast til styret ved Øyvind Taklo innan torsdag 7. Mars.

Vel møtt

Les heile

Kari Stokke

17.02.2013

Besøk på strikkekafeen onsdag

Det går mot vår og dei store garnleverandørane har gjort klar kolleksjonar med flotte plagg i nye og kjende kvalitetar.

Onsdag kjem Ingrid Salt frå Volda Mode til strikkekafeen på Sæbø. Dersom dei nye brosjyrene er komne ut til butikkane vil ho kunne vise fram noko av det vi har i vente av modellar for varmare dager.

Les heile

Lars Vatne Nielsen

09.02.2013

Suksess med festleg lag

Gubbetrimgruppa hadde festleg lag fredag 8/2.
Først vart det volleyball på meget høgt plan og etterpå festleg lag på klubbhuset. Ein kveld med flotte "gubber" i veldig godt humør, musikkquiz, terningspel (bluff), kronerulling (til små mål) og mykje god mat. Alle var einige om "dette må vi gjere igjen".
Tusende TAKK til alle som deltok og en takk fruer og familier som kanskje å har bidragen :-)

Gubber: Vi sjåast til trening tysdagar kl. 20:00

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjordportalen Administrator

05.02.2013

Telefonsvindel

Edith Flakk er nystarta innen netthandel med sida si http://www.bergteken.no/
Her om dagen vart ho utsett for ein svindeltelefon som ho gjerne vil advare andre mot...

"Special price for you my friend"

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

05.02.2013

‘’Morsdagsbuffet’’

Førstkomande søndag er det morsdag og Sagafjord hotell på Sæbø ønsker å sette fokus på morsdagen ved å invitere til "Morsdagsbuffet"
Det er sjølvsagt open buffet for alle, men sidan det er morsdag, er mødrene spesiellt i fokus denne dagen.

Kokken Mats Axelsson er klar på søndag med menyen.

Les heile

Knut Hustad

01.02.2013

Isfiske på Norangsfjorden

Fiskarane veit at den som kjem først til fiskefeltet har størst sjansen for å få fisk. Men god båt og stor motor hjelper lite på isen på Norangsfjorden i desse dagar...

Foto t.h.: Sivert med torsken

Les heile

Ivar Svein Mo

01.02.2013

Vi vert vitja av tidl. sokneprest Svilosen

Tidlegare sokneprest i Hjørundfjord, Arne Svilosen, er på våre kantar.
Difor byd Hjørundfjord sokneråd inn til temagudsteneste søndag 3. febr. kl. 20.00 der ein kan få møte Arne. Etter gudstenesta vert det "kveldsmat" på Bedhuset. Alle er sjølvsagt velkomne.

Les heile

Statistikk

1073 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 35 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

737 besøk idag.

4428 besøk - 06.05.2018
2944763 besøk og 24562324 visningar totalt