Hjørundfjordportalen » Lokalt » Alle artiklar

Artiklar

December 2012

Emilie Cathrin Skår Ville

31.12.2012

3.dagsfest :-)

27. desember var det pånytt duka for den årlige tredjedagsfesten på grendahuset på Sæbø. Mange hadde teke turen, dette er eit arrangement ein ser fram til! Der både fastbuande og fråflyttande kjem.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Riise

31.12.2012

Gamle bilete.

I dag den 29. des, då avisomberinga sviktar, er det freistande å legge ut eit bilete av Laurits Rekkedal.
Han er det fyrste postbodet eg kan hugse.
Sjølv om han hadde vore mange år i utlandet var han i alle fall i stand til å finne alle postkassene i dalen.
Det er så ymse med dei utlendingane som ber rundt avisa no for tida.
Det var nesten rart at eg kom fram på dette biletet i går kveld då eg scanna negativ frå Anders Hustadnes sitt arkiv for sogelaget.
Kanskje kan me bruke portalen for å identifisere personar og stader/årstal?
Eg prøvar, og håpar på kommentarar, så får me kanskje litt fart på Hjørundfjord.no også?

Les heile

[10 kommentarar]

Haldis Fiskå Mo

29.12.2012

Saknar du katten din?

Denne fine kjælne katten har flytta inn i garasjen til Marit Skaar ved Kvistadbrua, dersom nokon eig han er det berre å ta kontakt. MJAU!!

Les heile

[1 kommentar]

Ivar Svein Mo

28.12.2012

"Årets Bondaling 2012"

Tradisjonen tru, så vart "Årets Bondaling" utdelt på 3.-dags julefesten på Bondalen Grendahus i år også. På dei fleste var det ikkje uventa at årets kandidat vart akkurat bl.a. måndagsturane si eldsjel...

Les heile

[4 kommentarar]

Alf Ole Aarseth

26.12.2012

Sæbøveteranar på ”Signingsferd” til Trondheim

Like sikkert som at skattelistene vert offentleggjorde rundt 20 oktober kvart år, så reiser Sæbøveteranane på sin årlege tur. Om dei skal bruke opp nokre av skattekronene før kone/sambuar får tak i dei, eller om dei berre flyktar frå ein eventuell durabeleg skattesmell er uvisst…men i alle høve så vart årets tur gjennomført helga 19-21 oktober, og turen gjekk til Trondheim.

Les heile

Sæbø skulekorps/ generasjonskorps

23.12.2012

Julehelsing frå generasjonskorpset

(Ingressfoto: Kristin Vatne)

Generasjonskorpset har hatt eit aktivt og kjekt år. No tek korpset juleferie fram til omlag midten av januar og då håpar vi at endå fleire vil vere med oss og spele.

Les heile

Ivar Svein Mo

24.12.2012

Juleandakt 2012

Og ute på markene proklamerte engelen den store bodskapen til

hyrdingane: «I dag er det fødd dykk ein Frelsar.»

Les heile

Knut Riise

23.12.2012

Skitnesøndag 2012

Fri som fuglen og tidleg oppe. Rett i Frølandsdalen med åtvaringar heimanfrå om farleg is og gammal skrott.
Og for ein morgon. På Halsen var det rigg av stativ og innstilling av lukkartid.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

23.12.2012

Førjulstid på Hjørundfjordheimen.

Juletreet er pynta, katten Baldrian kosar seg med alt det nye som dukkar opp.
No skal du få sjå litt om kva som har hendt på Hjørundfjordheimen i ei travel førjulstid...

Les heile

Perry Bjørke

23.12.2012

Jul på Bjørke

Jul på Bjørke 2012
Her blir det fleire aktiviteter i juleveka
Juleaften: Gudsteneste i Kyrkja
2 juldag den 26 Gudsteneste i Kyrkja
3 juledag den 27 Juletrefest på Haukly kl 14
4 juledag den 28 Romjulstreff på Haukly kl 21
Nyttårsaften møtest dei unge som vanlig på huset.

Les heile

Lisbeth Aklestad

19.12.2012

3. dag julefest på grendahuset

Vi ynskjer velkomne til triveleg lag på Bondalen grendahus 27. desember 2012. Har du ikkje skaffa deg billett er det framleis høve til å melde seg på festen.

Les heile

AnnHelene Wille

18.12.2012

4 Juledag .Julefest.

4 Juledag 28 des kl 16.00 vert den tradisjonelle julefesten på Sæbø bedehus.
Ønsker alle velkomen til ei trivelig stund ilag med familie,venner og kjende.
Dette har vorte ein fin tradisjon som vi ønsker og ta vare på. Etter program av ymse innslag og gang rundt tredet verte det mat og kaffi i kjellarstova,ta gjerne med mat på fat.Kan hende nissen dukka opp.

VELKOMEN.

Styret for Sæbø bedehus ønsker dokke alle ei Velsigna Julehøgtid og ei STOR Takk for all hjelp I 2012.

Les heile

Kristin Vatne

17.12.2012

Advent i kyrkja for barnehageborn

Tolv kjekke born kom til Hjørundfjord kyrkje for å høyre litt om kvifor me feira jul. Her er nokre bilete frå denne dagen i kyrkja. Sjå fleire på www.iKyrkja.no

Les heile

Ivar Svein Mo

11.12.2012

Bygdejulebord

Sagafjord hotell ynskjer å føre vidare tradisjonen ved å halde bygdejulebord.
Fredag 14. desember kl 19.00 opnar dei dørene for ein triveleg kveld, der dei som ikkje har hatt anledning før, kan få oppleve det nyopna hotellet i ein førjulskveld med god mat, drikke og levande musikk...

Les heile

Knut Hustad

11.12.2012

Forfallet aukar på Hjørundfjord kyrkje

- Manglande måling og kitting av vindaugo i kyrkja gjennom mange år gjer at også glasmåleria kan ta skade om ikkje noko vert gjort snarast, seier snikkarmeister Otto Stornes...

Les heile

Knut Hustad

10.12.2012

Kalde og fine dagar

I det siste har vi sett fleire med hovudlykt høgt oppe i fjella. Fleire har gått for å ta fine foto...

Les heile

Ivar Svein Mo

09.12.2012

Førjulskonsert med Venche Leite

Fredag 21.12 vert det førjulskonsert i Hjørundfjord kyrkje.

Vi ynskjer velkomne til ein varm og stemningsfull kyrkjekonsert der folk kan få sette seg ned og nyte vakker musikk i hektisk førjulstid.

Les heile

Sæbø skulekorps/ generasjonskorps

06.12.2012

Lysmesse, julegrantenning og julemarknad komande Søndag

Komande søndag er det andre søndag i advent og slik tradisjonen er på Sæbø vert det lysmesse i Hjørundfjord kyrkje med Rolf Dyrhol og konfirmantane kl. 15.00. Etter lysmessa skal den flotte julegrana tennast. Då vil generasjonskorpset stå klar og skape god stemning med eit lite utval av kjende og kjære julesongar. Deretter går turen til Bondalen Grendahus der generasjonskorpset inviterar til sin årlege julemarknad.

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

05.12.2012

Bergteken

Så er DVD-en Bergteken klar. Her tek Edith Flakk oss med på ei storfelt reise i vakker natur gjennom musikk og bilde...

Les heile

[2 kommentarar]

Hjørundfjordheimen Sæbø

06.12.2012

Open dag var ein vellukka dugnad.

Loddsalget gjekk så det suste, gevinstbordet bugna, kakene smakte fantastisk, grauten likeså, underhaldninga var variert og fengande, ja open dag var ein stor suksess.
Tusen takk til alle som stillte opp og hjelpte til, kjøpte lodd og mat.
Uten god hjelp frå alle som kom denne dagen, hadde ikkje open dag vore ein slik suksess.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

07.12.2012

Mykje og mongt frå hausten.

Hausten er over og jula står for døra.
Mørketida er ei fin tid å mimre om varmare dagar på, her er litt hendingar frå hausten.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

03.12.2012

Då Vassendgutane bergtok Hjørundfjordheimen.

"De e på store plassa det skjer" Contryfestival på Sjåk, Breim, Rockefeller og her.
Hjørundfjordheimen var fyllt til randa av forventningsfulle folk, ein fredag i november, då sjølvaste Vassendgutane gjorde sin entrê.

Les heile

Knut Hustad

20.12.2012

Hytta til Trefot-Jo kjem "heim"

Thomas Hustad hadde gjort jobben sin, han hadde laga ein kopi av gjetarhytta til Trefot-Jo. No var det opp til andre å få hytta plassert på murane oppe i Saudedalen...

Les heile

Statistikk

1071 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 34 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

950 besøk idag.

4428 besøk - 06.05.2018
2890597 besøk og 24217765 visningar totalt