Hjørundfjordportalen » Lokalt » Alle artiklar

Artiklar

October 2012

Øyvind Taklo

30.10.2012

Kunstgrasbane på Sæbø?

For ca. 2 år sidan vart det stifta ei arbeidsgruppe for kunstgrasbane på Sæbø. Skal vi jobbe vidare med dette må vi ha med fleire personar i arbeidsgruppa.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

30.10.2012

Open dag på Hjørunfjordheimen.

Fredag 2 november er det open dag på Hjørundfjordheimen.
Mykje spennande underhaldning, mellom anna Einar Saure fortel frå farne tider.God mat kan du kjøpe frå vårt tradisjonelle kjøken. Loddsalg med flotte gevinstar.
Salgsutstilling med mykje flott handverksarbeid.
Kva er det som er på bildet?
Ta deg ein tur og finn ut, kansje du får unna julegåvehandelen denne dagen?

Les heile

Wenche Wollsæter

29.10.2012

SÆBØ IL. HANDBALLGENSER

Sæbø handball er no klare til å ta imot bestilling på handballgenseren.
Genseren er raud med hette, og det vil verte ein del reklame på.
Prisen er kr.250 for 4-6 år, 8-10 år og 12-14 år, og kr.300 for vaksnestr. Om du vil ha namn på så kjem der eit tillegg på 45 kr.

MØT OPP VED GYMSALEN ONSDAG 31.0KTOBER FRÅ KL. 17.00-18-15 FOR BESTILLING. Det vert også mogleg å prøve genseren.
Bestilling pr tlf: 41543306 (Wenche W)
Siste frist: fredag 2.november!
Kontant betaling ved utlevering.

Mvh. Wenche Wollsæter, Sæbø Handball.

Les heile

Perry Bjørke

29.10.2012

Julemesse på Bjørke

Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag arrangerer Julemesse på Ungdomshuset Haukly den 10 og 11 november.
Velkommen til Bjørke

Les heile

Ivar Svein Mo

26.10.2012

I nye banklokaler på Sæbø

Frykta for at "SpareBank 1" ville legge ned avdelinga på Sæbø har vore der lenge, og etter "Bankbygget" vart selt, vart den otta for nedlegging forsterka. Men i går, torsdag 25.oktober flytta banken ned i lokala som dei var i tidlegare, og det var glede og stas på Sæbø...

Snorklipping: f.v Venke Vik Nordang, Adm. banksjef John Arne Winsnes, Banksjef Privatmarknad Hallvard Bjørneset og Leiar Privatmarknad Kjell Frode Ervik. Foto SpareBank 1

Les heile

Bodil Skare

19.10.2012

Vellukka avsluttning på sesongen.

Søndag fjortande oktober hadde trimgruppa ein kveld med underhaldning, god mat og godt prat.
Denne kvelden som avsluttning på sesongen har no vorte ein årleg tradisjon som vi set stor pris på.

Les heile

Bodil Skare

18.10.2012

Ta godt imot bøssebærarane på søndag.

Søndag 21 oktober vil 9 og 10 klasse ved Sæbø ungdomskule vere bøssebærarar.
Då vil den store TV-aksjonen 2012 gi DEG anledning til å stå opp mot urett.
Vi manglar framleis to bøssebærarar i sæbø, vil du ta deg ein tur på Søndag?

Les heile

Bodil Skare

12.10.2012

Kjempekjekt på Zumba!

Det er fremdeles ikkje for seint å starte på Zumba.
Mandag frå kl 1900, er det fart og fengande rytmer i gymsalen på Sæbø, vi har ennå ledig plass til dei som vil.
God og allsidig trim for alle!

Les heile

Kristine Godø

13.10.2012

Marknad på grendahuset

Søndag 21 oktober arrangera styret på Bondalen Grendahus marknad. Har du lyst å vere med å hjelpe til?? elle kansje du har nokre tombola gevinsta?? i såfall vil vi bli veldig glad for dette....

Les heile

[2 kommentarar]

Lisbeth Aklestad

11.10.2012

Innetreningar for 1.-4. klasse

Barneidretten startar opp med innetreningar i gymsalen på tysdagar frå 17.00 – 18.15. Fyrste trening blir tysdag 16. oktober. Åse Lill Leknes og Aleksander Riise Olsen skal leie treningane. Det vert varierte aktivitetar som passar godt også for dei som ikkje er så glade i ballspel.

Alle må ha innesko, og ta gjerne med drikkeflaske.

Les heile

Bodil Skare

11.10.2012

Trimgruppa inviterar!

Søndag 14 oktober inviterar trimgruppa til ein triveleg kveld på Klubbhuset.
Både dei som har vore med på turane våre til fots, og dei som ellers fyljer oss på portalen, er hjarteleg velkomne.
Underhaldning, god mat, loddsalg og mykje anna kan vi by på.

Les heile

Perry Bjørke

19.10.2012

Haustfest

Haustfest på Haukly.
Skjåstaddalen frilynde Ungdomslag byd inn til haustfest på Haukly .Det er ennå gode plass so meld deg på no.
Alle hjerlig velkomne

Les heile

Knut Hustad

08.10.2012

Tindekliv på Sunnmøre

Så er ho endeleg klar - Dagfinn Hovden si bok "Tindekliv på Sunnmøre"...

Ingressfoto: Peder Sørheim i ferd med å klatre opp nordaustegga til "Råna" i 1975.

Les heile

Aanon Aanonsen

07.10.2012

Flaskeinnsamling

Flaskeinnsamling måndag 15. og tysdag 16. oktober


Handballgruppa kjem med ny flaskeinnsamling. Måndag 15. og tysdag 16. oktober vil blide handballspelarar kome rundt til alle husstandar i Bondalen, Sæbø, Urke og Øyelandet.

Les heile

Rune Sæbønes

07.10.2012

Hurtigrutemimring

Hurtigruta var her elleve dagar i september. Her er nokre klipp frå dei dagane det var sol.

Les heile

Per Urke

06.10.2012

Hurtigruta har vist veg

Endeleg har hurtigruta funne vegen til Hjørundfjorden!

Med det viser hurtigruta veg for fleire til dette landskapet og denne naturen som mange fleire må få oppleve.

Det er laga ein vegvisar for gjester som vil ta turen inn over fjorden. Ta ein titt på linken nedanfor.

Les heile

[3 kommentarar]

Bodil Skare

01.10.2012

Hausttur til Frølandsetra.

Tre spreke heltar tok turen til Frølandsetra denne måndagen.
Det var regn og bygevêr, men det stoppa ikkje desse tre.
På vegen vart det fire i fyljet.

Les heile

Statistikk

1073 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 30 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

586 besøk idag.

4428 besøk - 06.05.2018
2941690 besøk og 24532210 visningar totalt