Hjørundfjordportalen » Lokalt » Alle artiklar

Artiklar

January 2010

Hjørundfjordportalen Administrator

29.01.2010

Ein vinterdag med naturen sin eleganse

Randi og Helge Nordang møtte siste søndag desse elegante fuglane på Moavegen i Bondalen. Var det den eldre garde som var ute og lufta ungdommen? I allefall var ikkje Randi sein om å finne fotoapparatet og fekk teke dette bilde gjennom frontruta...

Les heile

[2 kommentarar]

Per Urke

31.01.2010

"Kvannj ditta é då?

Rune Sæbønes, tidlegare administrator av Portalen, har ein gong skrive: "På Portalen er det ikkje for mykje stoff av noko slag, men for lite av anna, og dersom du meiner det, då er det opp til kvar enkelt å skaffe det stoffet som dei ønskjer skal dominere og balansere.."
Kanskje det kan vere plass til eit tilbakeblikk? Så får vi snakke om framtida ein annan gong.

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Hustad

28.01.2010

Sandhornet, 909 m

Sikkert ikkje den vanlegaste ruta, men å starte frå Follestaddalen er absolutt eit godt alternativ om du vil ha ein fin tur og ikkje minst ei god nedkøyring frå Sandhornet, dette gjestmilde fjellet mellom Follestaddalen og Ørsta sentrum...

Les heile

Knut Hustad

25.01.2010

Blåtinden, 1217 m

Turen opp til Blåtinden frå nedre heisstasjon til Ørsta skisenter var tenkt som ein rein småkaketur, men heilt problemfri vart den ikkje...
Til høgre ser vi Bondalen frå Blåtinden. Foto: KH.

Sjå ny tilleggsinformasjon til slutt i artikkelen.

Les heile

[12 kommentarar]

Per Urke

24.01.2010

Badeplassen i Bøvika må gjerast meir attraktiv

Bøvika har vore badeplass for Urkebygda gjennom 80-90 år. Grendalaga i Norangsfjorden ønskjer å gå saman om å ruste opp området slik at det vert meir attraktivt for bygdefolket og ikkje minst gjestene som spør: ”Kvar skal vi få bade?”

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

19.01.2010

Legestillinga i Hjørundfjorden

I Møre Nytt laurdag 16.januar d.å. gjekk varaordførar Hovden ut i Møre Nytt og tilkjennegjorde Ørsta kommune og sitt syn, på legestillingane i Hjørundfjorden og på Vartdal. Politikarane har tidlegare vedteke å overføre desse to legeheimlane til å finansiere utbygginga av legesenteret i Ørsta. Vil kommunestyret at desse to stillingane skal bestå som i dag, må legesenterutbygginga revurderast, meiner han.

Dette innlegget på laurdag har fått Synnøve Rekkedal Hill til å reagere kraftigt med eit ope brev til Hovden i dagens Møre Nytt...

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

18.01.2010

Ordinasjonsgudsteneste i Hjørundfjord kyrkje

Søndag 17. januar vil verte hugsa som ein stor dag i Hjørundfjorden. Ståle Johan Aklestad vart då ordinert til prest av biskop Ingeborg Midttømme og Rolf Låge Dyrhol vart innsett som sokneprest i Hjørundfjorden av prost Evy Kvamsdal.

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjordportalen Administrator

18.01.2010

Brannvernet har hatt ei travel helg

Det har vore helg med aktivitetar over det normale for brannvernet på Sæbø. Laurdag var det brannutrykning til Sagafjord Hotell og søndag var det meldt at ein båt held på å gå ned ca. 50 meter frå land. Men i begge i tilfella gjekk alt bra utan noko meneskelege skadar...

Foto: Barnehagen på Sæbø

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Arvid Uglebakken

16.01.2010

I lavlandet

Ved å legge turen i lavlandet, slipper man å beregne på mange usikre faktorer før skituren.

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjordportalen Administrator

14.01.2010

Legekontoret på Sæbø og Bjørke vert stengt i to veker

Oppdatering av nyhende.

Klikker du på annonsa for legekontoret på Sæbø, vil du sjå at kontoret vert stengt frå Måndag 18.januar i to veker. Dette kjem også i ei fellesannonse i laurdagens utgåve av Møre-Nytt, og Hjørundfjorden vert utan legedekning desse to vekene

Bilde th. er frå ein kald vinterdag innover Hjørundfjorden 7.januar 2010. Ein kan sjå ferja kome utav frostrøyken. (Foto ISMo)

Les heile

[3 kommentarar]

Per Urke

14.01.2010

Slogen vinteren 1944

Laurits Leknes har fortalt om denne turen i 1944. Ole Rønning var med på same turen. Ole vart intervjua i julenummeret til "Møre-Nytt" og kunne fortelje at han ikkje hadde høyrt om andre som hadde vore der på vinterføre.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

14.01.2010

Ståle vert prest

Førstkomande søndag vert det stor ståhei i Hjørundfjord kyrkje på Sæbø. Biskop Ingeborg Midtømme kjem, det same gjer prost Evy Kvamsdal, sokneprest Rolf Dyrhol osb., men midtpunktet vert Ståle Johan Aklestad, for søndag skal han verte prest.
Men sine 125 mm breie ski - på midten - har han ikkje tenkt å legge bort...

Les heile

[2 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

08.01.2010

Flaskeinnsamling

Alle husstandar i Bondalen, på Sæbø, Urke og Øyelandet får besøk av våre kjekke handballspelarar tirsdag 12. eller onsdag 13. januar.
Vi i handballgruppa oppmodar alle bygdefolk og andre som har flasker til overs til å gjere som Theo, gi tomflaskene til oss!

Les heile

Åse-Lill Leknes Kvistad

06.01.2010

Handballtrening!

Vil minne om at handballtreningane for gutane og jentene starta på igjen i morga... Gutane kl 17.00 og jentene 18.30 som vanlig.. Håpa på å sjå like monge fjes i 2010 som i 2009... Vel møtt! :)

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

03.01.2010

Raritetquiz

Snart er det tid igjen for skule, studiar og arbeid igjen, men før alvoret tek til for fullt kan ei t-skjorte enno verte di...

Les heile

[4 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

02.01.2010

Sæbø/Åmdal mot ”systene”!

Så var det klart for den store årlege søskenkampen mellom Sæbø/Åmdal og søskena.
Sidan gutane etterkvart har blitt litt vel "store" var det bestemt at søskena skulle vere jenter i år.
Dermed viste det seg fort at vi mangla fleire søstre og vi gjekk difor på bygda og lånte…

Les heile

Knut Hustad

01.01.2010

Gamlesparken ned frå betane

Utan tvil - denne 1. nyttårsdagen er den vakraste dagen til no i dette ti-året. Og sjølvsagt måtte gamlesparken leitast fram frå løebetane...

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

01.01.2010

År 2009 vert oppsummert på kaihusveggen

Ein gamal tradisjon har vore å teikne og lage gode kommentarar på store og små slysne som har skjedd gjennom året som har gått. Dette skjer på kaihusveggen på Sæbø, presis kl.00 kvar nyttårsaft, og folk møtte opp i år også...

Les heile

[2 kommentarar]

Statistikk

1073 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 27 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

586 besøk idag.

4428 besøk - 06.05.2018
2941690 besøk og 24532228 visningar totalt