Hjørundfjordportalen » Lokalt » Alle artiklar

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Annonse

Artiklar

February 2009

28.02.2009 (Lest 1673 gongar)
PIC_3960 Open dag i Leiratunellen
[Lokalnytt] [Lest 1673 gongar] [2 kommentarar]

I morgon Laurdag den 28 februar vil Mesta markere at dei er komne over halva inn i Leiratunellen.
Mesta byr derfor inn bygdafolket i Storfjorden til open dag.
Tidspunktet blir mellom 1130-1500
På grunn av sikkerheita må folk deles opp i grupper og folk må skrive seg inn i en protokoll før dei får gå inn i tunellen.
Det kan derfor bli ventetid når du kjem til Leira.
Les meir.

Les meir...
26.02.2009 (Lest 2254 gongar)
Ein overbevisande busssjåfør Bustader på Prestegardsmarka
[Lokalnytt] [Lest 2254 gongar] [8 kommentarar]

Formannskapet gjev samrøystes klarsignal til at det kan regulerast bustader på Prestegardsmarka. Det er grunneigaren Opplysningsvesenets Fond som vil ha bustader der. Formannskapet sin motivasjon er at det kan gje ny busetjing og folkeliv (biletet) på Sæbø.
Les meir...
26.02.2009 (Lest 3884 gongar)
BF Kvernes Ferjekaia skal kome i Sandvika
[Lokalnytt] [Lest 3884 gongar] [19 kommentarar]

Den nye ferjekaia vil kome i Sandvika. Formannskapet vedtok torsdag å stå fast på reguleringsplanen frå 1997. Formannskapet opnar for justeringar.
Les meir...
25.02.2009 (Lest 977 gongar)
Vi kan ikkje snakke med ein fjord!
[Kultur] [Lest 977 gongar] [0 kommentarar]

Set hit eit klipp frå Aftenposten om at Geirangerfjorden kan bli vraka som eit av undeverka i verda. Dei som er i underverk-komiteen, hevdar at dei har ikkje nokon å snakke med som representerer Geirangerfjorden. "Vi kan ikkje snakke med ein fjord!" seier dei. - Koss er det her på våre fjordkantar? Kven snakkar ein med om Hjørundfjorden, for heller ikkje her har vel fjorden eige kontor eller telefon???
Les meir...
25.02.2009 (Lest 1317 gongar)
Byjubileum Tur-retur Aalesund
[Folk og bygd] [Lest 1317 gongar] [0 kommentarar]

Opplevingar på reiser til byen.
Les meir...
24.02.2009 (Lest 1367 gongar)
By og land
[Folk og bygd] [Lest 1367 gongar] [3 kommentarar]

For eit par veker sidan var det eit ope møte på Sæbø der ein m.a. kom inn på forholdet til BYEN, d.v.s. Ålesund. Koss har dette forholdet arta seg i praksis? Under byjubileet for nokre år sidan sa historikar Harald Grytten at utan omland ingen by d.v.s. byen kunne rekne omlandet som opphavet sitt. Kor mykje tenkjer ein på dette i dag? Og korleis kan tankane arte seg?

Kva er Ålesund for deg (oss? Kva er du (vi) for Ålesund?

Les meir...
19.02.2009 (Lest 2931 gongar)
Wille huset Sandvika - rekreasjonsområde
[Folk og bygd] [Lest 2931 gongar] [7 kommentarar]

Eg ser at fleire refererer til Wille huset i debatten om reguleringsplanen for Sæbø. Det er eg sjølvsagt glad for, men eg syns der er mange fine hus i Sandvika, som er med på å skape dette spesielle miljøet.
Les meir...
19.02.2009 (Lest 1489 gongar)
CIMG7991 Besøk på strikkekafen
[Folk og bygd] [Lest 1489 gongar] [1 kommentarar]

Denne onsdagen inviterte vi Dalane strikkekafe på besøk.Peisestova på bedehuset var fylt opp av blide,pratande,strikkande damer i alle aldrar. Vi talde 59 stk,og 20 av desse var besøkande !!!!
Les meir...
18.02.2009 (Lest 2805 gongar)
IMG_0347 Ein levande og aktiv hjørundfjordheim!
[Folk og bygd] [Lest 2805 gongar] [6 kommentarar]

På Hjørundfjordheimen driv vi med mange ulike aktivitetar.
I mørketida framover mot jul, hadde vi mange trivelege stunder, som vi tenkte å dele med lesarane av portalen.

Les meir...
18.02.2009 (Lest 2956 gongar)
IMGP9147 kopi Større avling
[Landbruk] [Lest 2956 gongar] [7 kommentarar]

Kanskje er det så mykje som 500 mål for lite dyrkamark berre i Bondalen. Difor gjekk mange gardbrukarar i går på kurs for å lære seg å produsere meir fòr på dei måla ein har...
Les meir...
17.02.2009 (Lest 1219 gongar)
aleth (5) Karneval
[Kultur] [Lest 1219 gongar] [1 kommentarar]

Laurdag vert det karneval på Grendahuset.
Les meir...
18.02.2009 (Lest 2323 gongar)
IMGP9164 kopi Høgspent og vedfyring
[Lokalnytt] [Lest 2323 gongar] [0 kommentarar]

- Nei, vi veit framleis ikkje kven som felte treet over høgspentlija i Bondalen i går, seier Tormod Eldholm ved Tussa vaktsentral, men det var fin sporsnø...
Les meir...
17.02.2009 (Lest 3097 gongar)
P2130025 LANGT HJEMME IFRA.
[Folk og bygd] [Lest 3097 gongar] [2 kommentarar]

Hun ville helst jobbe hjemme, men det satte far i huset en stopper for. Han hadde sine klare oppfatninger hva jenta burde gjøre.
Les meir...
16.02.2009 (Lest 1148 gongar)
barnehand200x200 Barnehageopptak 2009/2010
[Lokalnytt] [Lest 1148 gongar] [1 kommentarar]

Sæbø barnehage får mange ledige plassar frå 1. august. Frist for å søkje er 1. mars, og nye søkjarar nyttar elektronisk søknadsskjema som de finn på heimesidene til Ørsta kommune. Det gjeld og barn som ønskjer å auke plass-storleiken sin eller som ønskjar overføring til annan barnehage.
Les meir...
16.02.2009 (Lest 1728 gongar)
mot Valder 18 Sæbø/Åmdal - Valder 24-17
[Sport] [Lest 1728 gongar] [0 kommentarar]

Ein søndagstur til Valderøya gav to poeng og nest beste damelag på tabellen..
Les meir...
13.02.2009 (Lest 1524 gongar)
DSC01505 Gubbetrim anno 2009
[Sport] [Lest 1524 gongar] [1 kommentarar]

Kva er det denne gjengen gjer på i Gymsalen ein fredagskveld ?
Les meir...
12.02.2009 (Lest 2912 gongar)
bilde1 Reviderte teikningar
[Folk og bygd] [Lest 2912 gongar] [19 kommentarar]

Etter å ha sett gode innspel frå Per Stein her på Portalen tidlegare i veka og frå Bjarne i Møre Nytt i dag vart eg inspirert til å leggje inn nokre endringar i dei teikningane som eg tidlegare er lagd ut her på Portalen. Vi har og fått tilsendt eit nytt utkast frå Vegvesenet ift. ei alternativ plassering i Sandvika som eg har laga nokre illustrasjonar på.
Les meir...
13.02.2009 (Lest 978 gongar)
PIC_4107 Momsfritak på frivillighet: Ordføreropprop
[Kultur] [Lest 978 gongar] [0 kommentarar]

Til alle kulturvenner og kulturarbeidera i Ørsta og Hjørundfjorden.
Eg fekk i dag en epost om momsfritak frå Frivillighets Norge
Eg tar oppfordringa og legg det ut på so alle kan bli med og støtte dette.
Mange har jobba i fleire år med fritak for moms til dei som driv frivilligt arbeid.
Får vi fritak nå?
For alle som driv og eig kulturhus vil det vere eit viktig bidrag og vil gjere det lettere å oppgradere husa og halde dei vedlike.
Lag som jobber for å lage til gamle kulturminner kan og spare store summer på kjøp av matriell.
Sammen er vi sterkere så klart.
Støtt saka

Les meir...
12.02.2009 (Lest 4134 gongar)
Legging av sjøkabel Det tapte slag, eller ???
[Folk og bygd] [Lest 4134 gongar] [7 kommentarar]

Er det alt bestemt at høgspentlinja Ørskog-Fardal skal framførast som luftspenn? Er alle alternativ gjennomdrøfta? Denne saka har kanskje ikkje vore så heftig diskutert her på portalen.
Kanskje på tide med ein brannfakkel??

Les meir...
11.02.2009 (Lest 3381 gongar)
Reguleringsplan for Sæbø 003 Reguleringskart for Sæbø
[Lokalnytt] [Lest 3381 gongar] [16 kommentarar]

Det er no litt gale å gøyme vekk planen, eller rettare sagt halve planen. Her er i alle fall heile reguleringsplanen.



Nils Taklo opplyser om at dette ikkje er gjeldande reguleringsplan. Den som gjeld for riksvegen er frå 1997 og der er riksvegen teikna inn ned mot sjøen på nordsida av Hjørundfjordheimen, der branngarasjen ligg. Vidare går den mellom Bellingen og FK lageret.

Den planen som her er presentert er eit forslag til reguleringsplan. Ei slik regulering tek vel også tid?

Les meir...
11.02.2009 (Lest 1625 gongar)
Hjørundfjorden sett frå Kvistadkjerringane Legestillingane utlyste
[Lokalnytt] [Lest 1625 gongar] [0 kommentarar]

Ørsta kommune har no lyst ut legestillingane med utsett søknadsfrist for Hjørundfjorden og Vartdal, får hjorundfjord.no opplyst med helseleiar Frode Urke i dag. Stillingsannonsa er å finne på sidene til "Tidsskrift for den norske legeforening" Sjå annonsa her på portalen...

Bilde th. er frå Kvistadkjeringane aug.08.Til høgre ser ein Urke.

Les meir...
11.02.2009 (Lest 2377 gongar)
Bilde+2 Torskeoppdrett i Øksavika
[Ymse] [Lest 2377 gongar] [3 kommentarar]

Johnny Rønning, bur i Ålesund, men med slektsrøter på Trandal: Atlantic codfarms as disponerer nå lokaliteter på Skarbøen, Festøya, og Øksavika. Anleggene er søkt med automatisk forflåter, det skaper få lokale arbeidsplasser med tanke på hvor mye de beslaglegger av fjorden...
Les meir...
08.02.2009 (Lest 2154 gongar)
J16 09 Vi er best!
[Sport] [Lest 2154 gongar] [0 kommentarar]

Kven er best i handball i sone 14-15 for 16. åringar?
Desse jentene består av tre 16-åringar og ni 15-åringar..

Les meir...
08.02.2009 (Lest 3269 gongar)
sc0000f48e Ved kirkemuren på Sæbø i 1899
[Folk og bygd] [Lest 3269 gongar] [12 kommentarar]

På sporet av den tapte tid.Et familieportrett.

Stående fra venstre:Knut,Ole,Berta,Dina,Marie,Johannes.
På Ingebrigts fang :Jakob.
Mellom foreldrene Ingebrigt og Andrina :Ingvald.
På fotografiet i fotografiet : Johanne.

Les meir...
08.02.2009 (Lest 1340 gongar)
IMGP2952 (Large) Saueklipparane kjem
[Landbruk] [Lest 1340 gongar] [0 kommentarar]

- Vil du ha klipt sauene? Det er leiaren i Ørsta Sau og Geit, Odd Bjarne Bjørdal, som spør...
Les meir...
07.02.2009 (Lest 998 gongar)
JanneKarin200x200 Temamøte om lesing og litteratur
[Kultur] [Lest 998 gongar] [0 kommentarar]

Vi inviterer alle foreldre /besteforeldre, til små og store i heile bygda, til ein kveld der tema vert lesing og litteratur. Temamøte vert på klubbhuset onsdag 11. februar kl. 18.35.
Les meir...
05.02.2009 (Lest 2137 gongar)
243071_KpZQOURnGfI Vinnarfotoet på Brusselkontoret
[Lokalnytt] [Lest 2137 gongar] [1 kommentarar]

Håvard Myklebust vann i 2008 Møre og Romsdal fylke sin fotokonkurranse. No heng fotoet i glas og ramme på veggen i Vest-Noreg sitt Brusselkontor i Brussel...
Les meir...
04.02.2009 (Lest 4873 gongar)
Solnedgang-1 M/F ”Nørvøy” må reddast for framtida!
[Kultur] [Lest 4873 gongar] [3 kommentarar]

Den vel 40 år gamle bilferja ”Nørvøy” ligg no i Hjørungavåg i opplag. Denne ferja er ein særs god representant for pendlerferjene opp gjennom tidene og den er framleis, trass i sin relativt høge alder, i tilnærma original stand, kan vi la eit så viktig stykke samferdelsehistorie gli ut av hendene våre?
Les meir...
03.02.2009 (Lest 5094 gongar)
3D Sæbø Millionar til Sæbø
[Lokalnytt] [Lest 5094 gongar] [35 kommentarar]

Hjørundfjord bygdemobilisering fekk idag den etterlengta meldinga frå Vegvesenet gjennom Ørsta kommune, at Vegvesenet tek opp til handsaming den gjeldande reguleringsplanen og inviterer Sæbø med til ei tettstadfornying...
Les meir...
03.02.2009 (Lest 1805 gongar)
aldersheimen7 Barnehage + aldersheim = sant
[Folk og bygd] [Lest 1805 gongar] [1 kommentarar]

I fleire år har Hjørundfjordheimen og Sæbø barnehage samarbeid, og kvar 14. dag går ei gruppe med barn til heimen og deltar i deira aktivitetar om føremiddagen.
Les meir...
03.02.2009 (Lest 6226 gongar)
IMGP9066 kopi Sunndalsnipa - 1396 m
[Natur] [Lest 6226 gongar] [3 kommentarar]

- Mullah`ane likar nok best flate områder, tenkte Fred Ingar og inviterte difor Mullah Haugen(foto t.h.)med på skitur til den toppflate Sunndalsnipa sist torsdag...
Les meir...
01.02.2009 (Lest 959 gongar)
Theo 2 Handballgruppa med ny flaskeinnsamling!
[Sport] [Lest 959 gongar] [0 kommentarar]

Vi i handballgruppa oppmodar alle bygdefolk og andre som har flasker til overs til å gjere som Theo, gi tomflaskene til oss..
Vi er ute på runde 9. og 10. februar og samlar flasker!

Les meir...
01.02.2009 (Lest 2613 gongar)
Visjon 3 Ny ferjekai
[Folk og bygd] [Lest 2613 gongar] [22 kommentarar]

Etter at eg før helga la ut 3D teikningar der nye ferjekaia var plassert nedanfor mjøllageret fekk eg fleire gode tilbakemeldingar og innspel. Her er nokre justerte teikningar som tek hensyn til desse innspela.
Les meir...
01.02.2009 (Lest 1985 gongar)
LAN LAN på Grendahuset
[Kultur] [Lest 1985 gongar] [4 kommentarar]

Som erstatning til eit bursdagsselskap så arrangsjerar Martin Dimmen og Jon-Martin Mo LAN-party på Grendahuset laurdag og søndag 7. og 8. februar.
Les meir...
03.02.2009 (Lest 1448 gongar)
Bjørkevikja2 Reguleringsplan i Bjørkevikja
[Ymse] [Lest 1448 gongar] [1 kommentarar]

Reguleringsplan i Bjørkevikja.
Etter at Møre Nytt skreiv referat frå møtet næringsjefen hadde på Sæbø har eg fått telefon og mail om industriområdet
i Bjørkevikja.
Folk vil vete meir.
Området ligg og på nettet men det er ikkje så lett å finne for alle.
Eg legg derfor ut meir opplysninger om området her
so alle får sjå det.

Les meir...

Sponsorar

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

22.nov.
(Gymsalen sæbø)
(Sæbø bedehus)
26.nov.
(Sæbø bedehus)
27.nov.
(Gymsalen sæbø)
28.nov.
(Grendahuset)
29.nov.
(Gymsalen sæbø)
(Sæbø bedehus)
2.des.
(Grendahuset)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1049 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 38 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

1020 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2662634 besøk og 22568761 visningar totalt