Hjørundfjordportalen » Lokalt » Alle artiklar

Artiklar

June 2008

Lisbeth Aklestad

29.06.2008

Lundefugl

Under dagens båttur fekk vi sjå ein fugl som ikkje er daglegdags å sjå i Hjørundfjorden.

Les heile

Knut Hustad

27.06.2008

Det vakraste køyretyet(?)

Har Anne Pauline og Gunnar Lyshagen fått det vakraste køyretyet i Hjørundfjorden? Sjølv Noregs mest vidgjetne bussjåfør, Jostein Kvistad, må vedgå at bubilen deira har blitt vakker...

Les heile

[11 kommentarar]

Ivar Svein Mo

27.06.2008

Sigmund Årseth i Ørsta

Kunstmålar Sigmund Årseth held utstilling i Ørsta på Møre folkehøgskule denne veka. Utstillinga vart opna av tidl. Ørsta ordførar og hjørundfjording- og no sjølv kunstmålar, Nils Taklo...
Utstillinga sluttar i morgon laurdag, så dei som ikkje har fått med seg denne imponerande framvisninga av kunst, kan få anledning å sjå den i kveld og i mogon...

Sjå plakat th.

Les heile

Knut Hustad

24.06.2008

På slakk line

Vegard og Mats er samstemte; trening på slakk line er godt for kropp og sjel. Om det også er eit godt sjekketriks, står igjen å sjå...(Vegard Riise til høgre)

Les heile

Bodil Skare

23.06.2008

Familietur til Stokkehornet!

Etter fleire dagar med spillevatten, såg det dystert ut for familieturen vår til Stokkehornet.
Søndagen kom med flott fjellvêr, og elleve deltakarar vart med!

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

21.06.2008

Friluftsgudstenesta er flytta inn..

Det var annonsert friluftsgudsteneste på gamle Rise i morgon, søndag 22.6- kl.12.00, men i dag laurdag har vi hatt regn av det verste slaget, og uansett betre meldingar til i morgon, så må nok gudstenesta flyttast inn....
Bilete th. er frå gamle Rise 2007

Les heile

Bodil Skare

20.06.2008

Tusen takk til Joker Slettedal for nye drakter!

Sæbø I.L. sitt G-12 lag vil takke Joker Slettedal for dei nye draktene sine.
Torsdag møtte laget opp på Slettedalshjørnet for å takke og verte foreviga.
Rett etter var det kamp på grasbana ,mot Volda.

Les heile

Hilde Muren

17.06.2008

Turistinformasjon

Sæbø-nemnda i Bygdeutviklinga sakna tidlegare i år eit turistkart over Sæbø og Bondalen. Det er no laga på dugnadsarbeid av dyktige damer frå Sæbø. Kartet er hengt opp på vestsida av Sæbøbygg. Eg har ein kopi att, interesserte kan kontakte meg.

Les heile

[3 kommentarar]

Bodil Skare

22.06.2008

Du Frølandsdal med Tryvatn blanke blå!

Etter ei kollossal regnbyge var skepsisen stor for oppmøte til mandagtrimmen denne veka, men vi var seks som gjekk , med oss hadde vi den fyrste av dei nye boksane som trimgruppa har kjøpt inn, og veirgudane var på vår side.

Les heile

Knut Hustad

16.06.2008

Sæbø G 14 vann

Sæbø G 14 spelte i dag nok ein god kamp og vann heile 10-5 mot Gjersvika. Vartdal tapte sin kamp og dermed rykte Sæbø opp ein plass og kan ta ein velfortent ferie som nummer fire på taballen...

Les heile

[1 kommentar]

Unn Frøland

15.06.2008

Hesteslepp på Åmssetra

I dag var det hesteslepp på Åmssetra i regi av Volda Ørsta Fjordhestlag. Det var hingsten Hero som vart slept blandt dei etterkvart 14 fjordamerrene.

Les heile

Bodil Skare

14.06.2008

Gunnar-råsa i boks!

Vi i Trimgruppa har lenge tenkt at vi skulle ha ein trimpost oppe i råsa som Gunnar Stokke har rydda, oppover frå fonnvernet til Skonndalen, over til Storenakken.No er dette i boks! Gunnar stillte villig opp på ei visning og oppmontering av ny trimpost.

Les heile

[1 kommentar]

Fred Ingar Somby

13.06.2008

Storhornet -1600m, Småskårene

Vestribbene til Storhornet har glimrende skiterreng med mange valgmuligheter. Onsdag 11.juni fikk jeg en flott skiopplevelse ned ei av disse rennene. Og i høyden lå det 40cm nysnø!(Ingressfoto: Helge Standal)

Les heile

[3 kommentarar]

Rune Sæbønes

12.06.2008

Jentefotball er bygdeutvikling

Jentefotball er bygdeutvikling. Det er ingen påstand. Det er dokumentert. Det beste dømet er HaNo FK, der klubben si satsing på jentefotball har ført til tilflytting.


Les heile

Bodil Skare

10.06.2008

Olavshola med endeleg ein mann på laget!

I ekte sunnmørsk regn gjekk turen denne måndagen til olavshola. Vi var til saman ti som stilte opp, og tenk denne gongen var det med ein mann, no er alle menn oppfordra til å vere med på neste tur!

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

10.06.2008

Hjørundfjorddagane 2008

Hjørundfjorddagane 08 gjekk som planlagt 7.-8.juni.Laurdag var det tropevarme, men på søndag kom regnet etter ei lenger fineversperiode...

Les heile

[4 kommentarar]

Johannes Halland

09.06.2008

Hjørundfjorddagane

Under Hjørundfjorddagane markerte elevar frå Sæbø skule seg på fleire måtar. Laurdag song barnekoret, søndag fekk vi sjå smakebitar frå Greaseframsyninga, og sist men ikkje minst var elevane sine flotte formingsarbeid utstilte.

Les heile

[1 kommentar]

Håvard Myklebust

09.06.2008

Hjørundfjorden - Kva skal vi gjere?

«Mulighetenes vindu åpner seg ikke selv.» - Dave Weinbaum.

Dette er ein artikkel som inneheld mange forslag ein kunne ha gjort for å nytte seg av den vakre fjorden vår. Det er eigne tankar og meiningar eg luftar ut, for å høyre eventuell reaksjonar . Her er forslag i mange variantar, nokre gode, andre tåpelege og lite haldbare, og nokre berre ein uoppnåeleg draum.

Les heile

[10 kommentarar]

Perry Bjørke

09.06.2008

Mange besøkjer Bjørke

Det er mange som besøkjer Bjørke i helgane.
Nokre kjem med båt og andre med bil og sykkel.
Folk overnatter i telt på Bjørke andre i Tussahusa
og har det som base for utflukter i Hjørundfjorden.

Les heile

Fred Ingar Somby

09.06.2008

Snøhornet -1309m, Nordøstpassasjen

Den fine sørøstsida er forsvunnet som dugg for sola, bokstavelig talt. Den kjente snørenna ned til Ullalandsvatnet i Aldalen ser ut som en ringorm der den ligger stykkevis og delt. Men Snøhornet kan fortsatt tilby en lang nedkjøring for de spesielt interesserte..

Les heile

[7 kommentarar]

Bodil Skare

08.06.2008

Sæbø- Ørsta 4-1

Torsdag 5 juni spelte G 12 laget til Sæbø mot Ørsta, på Sæbø stadion, i sydenstemning og sydentempratur!

Les heile

Magne Riise

08.06.2008

Fraflytning-turisme

Vi treng ikkje tenke lang tilbake i tid, det helde m den tida ej va 7-8 klassing., da Skulane inna fjorden va fulle m unga som kom til sæbø å skulle fullføre ungdomsskulen, no samlast alle i i fjorden allereie i grunnskulen.

Les heile

[16 kommentarar]

Rune Sæbønes

07.06.2008

Tidenes Sæbø-lag

Under Hjørundfjorddagane kårar Sæbø IL tidenes Sæbø-lag i fotball. Kven skal vere med? Vi inviterer lesarane av portalen til å stille opp sitt lag i kommentarfeltet under. Som eit utgangspunkt presenterer vi Anton Sæbønes sitt forslag.

Les heile

[14 kommentarar]

Rune Sæbønes

07.06.2008

Sindre & Geggen i teltet

Trubadurane Sindre & Geggen frå Ålesund er klare for Hjørundfjoddagane. Laurdag kveld spelar dei i teltet ved klubbhuset. Det vert båt frå og til Bjørke.

Les heile

[2 kommentarar]

Rune Sæbønes

07.06.2008

Hjørundfjorddagane er her

I dag laurdag 7. juni er Hjørundfjorddagane i gang. I to heile dagar skal fjorden, folket og kulturen i fjorden feirast. Arill Riise er klar frå scena, og utstillingane er minst på høgde med tidlegare år.

Les heile

Mari-Anne Bjørdal

07.06.2008

Fotballjentene i farta

Jentene, som spelar både J16 med 11-ar fotball og dame 7-ar har denne veka hatt eit stramt program med tre bortekampar.

Les heile

Hilde Muren

06.06.2008

Vi lagar ny bålplass på Kapteinkvia

Gamlebålet er brent ned og bålrestane skal snart gravast opp og kjørast bort. Den nye bålplassen er steinlagt, men enno ikkje ferdig. Mellom anna skal det leggast bålsteinar rundt for å avgrense plassen slik at bålet ikkje flyt utover. Inntil dette er gjort, oppmodar vi alle på det sterkaste: Vent med å legge på bålmat til alt er gjort klart - ganske snart.

Les heile

[3 kommentarar]

Hilde Muren

06.06.2008

Slett service av ferga

Sæbø IL, gutar 16år, var i dag på kamp på Vartdal. Ein av spelarane måtte heim med ferga til Leknes. På Rekkedal såg vi at vi ikkje ville rekke ferga, og trengte fem minutt ekstra. Derfor ringte vi opp ferga og ba dei vente litt, slik at spelaren vår slapp å vente over ein time til neste avgang.

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

06.06.2008

Strikkeplassen(?)

Som kjent har Bondalen fått gangveg frå Sæbø til Kvistad. Og ikkje nok med det - no har "strikkedamene" gjort den første rasteplassen svært så vakker...

Les heile

[2 kommentarar]

Hilde Muren

04.06.2008

Hyttebygging

Vi har fortalt det før, vi har fått snikkarbud i barnehagen og har stadig nye prosjekt på gang. Både (for) små og store. Her kan det bli mange kyndige snikkarar i framtida.

Les heile

Hilde Muren

04.06.2008

For ein flott fellesfjøs!

I dag gjekk barnehagen på besøk til fellesfjøsen på Rise. Turen var ikkje planlagt, og ingen viste at vi kom. Likevel vart vår store flokk godt mottatt og vi fekk sjå oss rundt.

Les heile

Knut Hustad

04.06.2008

Blåbretinden - 1476 m

Skodda tok nok bort halve gleda. Likevel vart turen til Blåbretinden bokstaveleg tala ein topptur, ein tur til å stå på hovudet av. Det meiner Ronny Opsahl Haugen(foto til høgre) - i alle høve om ein tek med avstikkaren innom Christian Gaard etterpå...

Les heile

[4 kommentarar]

Perry Bjørke

04.06.2008

Sommer og folk kjem på besøk.

Nå har folk begynt å komme heim på besøk til Storfjorden
Nokre har ferie alt nå og det er altid kjekt å slå av en prat med gamle venner.
Dei vil gjerne frette nytt i bygda etter en vinter.

Les heile

Rune Sæbønes

04.06.2008

Sensasjonell kunstauksjon

Det vert ein sensasjonell kunstauksjon på Sæbø søndag. Då vil det under Hjørundfjorddagane verte auksjonert ut bilete av Hjørundfjorden sine fremste kunstnarar for tida med Sigmund Årseth og Arvid Urkegjerde i spissen.

Les heile

Rune Sæbønes

04.06.2008

Spennande jubileumsutstilling

Sæbø IL feirar 75 år i år, og under Hjørundfjorddagane vert det sjølvsagt markert med ei jubileumsutstilling. – Her skal folk få sjå bilete og gjenstandar som fortel om Sæbø IL si historie, seier Aleksander Riise Olsen, ansvarleg for jubileumsutstillinga saman med Yngve Frøland.

Les heile

Rune Sæbønes

03.06.2008

Arill tilbake på Hjørundfjorddagane

Etter mange års fråver er Arill Riise igjen tilbake til Hjørundfjorddagane. I jubilemsåret til arrangøren Sæbø IL vil Riise leie programmet både den 7. og 8. juni på Sæbø. Han lovar show og overraskingar.

Les heile

[1 kommentar]

Siw Lillebø

02.06.2008

Fotballturnering på heimebane

Turneringa i Hundeidvik vart oppvarming til turnering på heimebane. Søndag 1.juni var vi arrangørar for turnering mellom gutar år frå Ørsta, Vartdal, Folkestad, Austefjord og Hovdebygda/Mork. Vi var totalt 10 lag i sving.

Les heile

[1 kommentar]

Per Urke

02.06.2008

Underverket skal granskast

I samband med URKE-HELG 2008 skal vi kaste meir lys over eit gammalt mysterium. Det er meir enn 100 år sidan namnet Underverket vart teke i bruk, men berre nokre få veit kvar det ligg og kva som gøymer seg der.

Vi inviterer deltakarane til tur laurdag, 9. august og saman med oss har fleire medlemmer i Ålesund og Omegn Geologiforening sagt at dei vil vere med.

Les heile

Per Urke

01.06.2008

Under stjernehimmelen

URKE-HELG 2008 skal gi tilbod til både unge og vaksne.

Vi inviterer til: "Ein halvtime under stjernehimmelen med Stjerneteltet". Torbjørn Urke har gjennom åra vist stjernehimmelen for tusenvis av skuleelevar rundt om i landet. Men på Urke har vi aldri fått vere med før...

Laurdag, 9. august frå kl. 14 - 17 er du velkomen til Grendahuset!

Les heile

Statistikk

1073 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 27 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

586 besøk idag.

4428 besøk - 06.05.2018
2941690 besøk og 24532235 visningar totalt