Hjørundfjordportalen » Lokalt » Alle artiklar

Artiklar

October 2007

Hermod Velle

31.10.2007

Gjensynsglede i Langsæterdalen

Mest kvart år er det ei eller fleire av søyene til Else og Hermod Velle, som fell i freisting til å gå over til dei grøne liene i Langsæterdalen. Fjella mellom sætrehamna vår i Vellesæterdalen er utruleg nok ikkje umoglege å forsere.

Les heile

[2 kommentarar]

Per Urke

31.10.2007

UNDERVERKET i Langsæterdalen

UNDERVERKET sender tankane tilbake til forteljingar frå Bibelhistoria.

Men denne gongen skal vi ikkje til Jødeland. Derimot til Langsæterdalen aust for Urke, forbi sætra, vidare innover forbi Storevatnet og Isavatnet og på veg opp Steinreset - ikkje den vanlege råsa, men lenger vest - opp mot stigninga mot Slogen.

Les heile

[3 kommentarar]

Sølvi Britt Skylstad

30.10.2007

Geiranger og Rauma i Hjørundfjorden.

Sondre Kristoffer Mo har gjort mye flott journalistisk arbeid og fått oss til å huske/ bli interessert i gode ,gamle båter. I en kommentar til artikkelen hans om gamle Geiranger står det at Geiranger ble satt inn i rute på Hjørundfjorden når Rauma var på overhaling. (Kilde :Sverre Bjørke , les tidligere artikkel på Portalen).
Her dokumenterer Hallstein Stennes dette med sitt flotte vinterbilde av Geiranger med Urke i bakgrunnen. Det andre bildet er av trofaste Rauma,Fjordabåten der Hallstein arbeidde i sin ungdom.
Kjekt med fjordabåtene som ifølge A. Klæbo -tråkla seg innover Hjørundfjorden.

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjordportalen Administrator

29.10.2007

Slektsgransking

OPE møte for slektsgranskarar.

DIS-Møre og Romsdal arrangerer laurdag 17.november eit ope møte om slektsprogrammet Legacy på Høgskolen i Ålesund. Målgruppe er alle som arbeider med eller har planar om å starte med slektsgransking og som nyttar IT-verktøy i arbeidet.

Les heile

Rune Sæbønes

29.10.2007

Tonje og Tiril stal showet

- På bygdene er det ofte slik at det vert skapt gode ungdomstilbod, men som kanskje passar best for gutar. I Hjørundfjorden er det gode tilbode viss ein skal spele fotball, drive med fiske, spele paintball eller ha dataparty. No spelar jenter fotball, og vi kan fiske også, men vi skulle ynskt at ein også tenkte meir på tilbod for jenter.

Det sa femtenåringane Tonje Urkegjerde og Tiril Holen under nettverkssamlinga for bygdemobiliseringar på Sæbø i laurdag. Dei stal showet.

Les heile

[7 kommentarar]

Rune Sæbønes

29.10.2007

Havanna-sigaren - ei nyting

Han er dyr, han er eksklusiv. I USA er han forboden, og med stadig sterkare søkjelys på skadane av tobakksrøyking har han vorte meir sjeldan i Europa også. Vi snakkar om Havanna-sigaren, kanskje Cuba sitt fremste varemerke.

Hjørundfjordingen Rune Sæbønes har vore ein tur til Cuba, og i ein artikkelserie framover vil han både her på hjorundfjord.no og i Møre-Nytt dele sine opplevingar med lesarane. I dag handlar det om sigarar.

Les heile

[3 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

29.10.2007

Handballhelg i Ørstahallen

Handballgruppa hadde i helga dei fleste av laga våre i aksjon i Ørstahallen.
Vi har med mange spelarar på forskjellige lag og samarbeidar med Åmdal og Ørsta på dei fleste alderstrinn.

Les heile

Ann-Helen Sørhaug

29.10.2007

Kafé utan musikk

I går ettermiddag skulle Bjørke Hornmusikk og Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag saman arrangere musikkafé på Haukly. Men på grunn av raset som hadde gått mellom Saure og Bjørke, vart det eit nokså amputert arrangement utan musikk.

Les heile

Yngve Frøland

28.10.2007

Punk på Kaihuset!

Trudde du punken var død? ikkje heilt. Komande torsdag kan du oppleve noko av det mest spanande som er av norsk rock for tida. Afterbirth, som er eit band med opprinnelse frå den store rockebølga som oppsto i Ørsta/volda rundt tusenårsskifte, held gratiskonsert på Kaihuset i Ørsta.

Eg oppfordrar Ungdom frå heile HJØRUNDFJORD KOMMUNE å ta turen!

Les heile

[1 kommentar]

Kjartan Alnes

28.10.2007

Nå eller aldri!

Utgangspunktet var en kano og litt galskap av en bygdetulling. Skulle man teste nye aktiviteter og ideer var dette rette tida.

"Dette må vi få meir av! Holdt på å le meg ihjel! No veit eg korleis ein gal, gammal bygdetulling ser ut også ;-)"
Unn Frøland

Les heile

[7 kommentarar]

Even Kåre Holte

28.10.2007

Vegstenging mellom Bjørke og Saure

Store nedbørsmengder har i dag ført til kjempestore elvar. På Bjørke drog Ljøsåna med seg store mengder stein som tetta røra under fylkesvegen, slik at vatnet rann over vegen og det danna seg ei steinrøys som stengde vegen.

Les heile

[2 kommentarar]

Rune Sæbønes

28.10.2007

KM glapp for Sæbø

KM-tittelen glapp for Sæbø laurdag. Heime på Sæbø stadion kom årets første heimetap mot Norborg2. Sæbø tapte 2-4, og samanlagt vart det dermed 5-4 og KM-tittel til gjestene.

Les heile

[1 kommentar]

Mari-Anne Bjørdal

27.10.2007

Open dag på Hjørundfjordheimen!

Hjørundfjordheimen inviterar til open dag fredag 2. november 2007.
Bygdefolk, slekt og venner er hjarteleg velkomne til ein triveleg dag på "heimen".

Les heile

Knut Riise

26.10.2007

Sæbø Storfe sitt gjødsellager..

Høg grunnvasstand laga ein del problem for oss etter alt regnet i haust. Og til slutt måtte vi få ut vatnet for å kunne arbeide med armering og støyping av botnen.
Eg tok ein god del bilete av dette, då det aldri har vore eit så fint vatn på Rise før.
Eit av desse bileta var spesielt fint, og eg har brukt det som skrivebordbilete ei stund. Eg var klar over at det var eit av dei beste avtrekka eg har gjort. Difor sende eg det inn til Nationen sitt helgemagasin som bidrag til ukens blinkskudd. I dag kom resultatet.

Les heile

[4 kommentarar]

Knut Riise

24.10.2007

Frå Bosnia til Rise med stål.

Då eg har dei fleste av etterkomarane mine langt borte,og det har kome ynskje frå andre som ikkje bor her, har eg tenkt å legge inn nokre artiklar i samband med bygginga av samdriftfjøsen på Rise. Så får heller administrator bremse når han synest det er nok.

Mandag kveld og tysdag morgon fekk vi stålet som skal danne konstruksjonen i bygninga.
Første trailer hadde ein frå Bosnia som sjåfør, og kunne ikkje språk som vi kunne kommunisere på. Han vart guida til Rise via ein frå Smith Byggern og ein bosniar på Austlandet som snakka norsk.

Les heile

[5 kommentarar]

Kjell-Johan Aarseth

24.10.2007

Før KM-finalen - historikk

Komande laurdag kl 14:00 skal det avgjerast kven som tek KM-tittelen i 6. Divisjon 2007. Sæbø vann første kampen 2-1 borte, og har dermed eit solid utgangspunkt med tanke på at laget spelar på heimebane. I årets sesong har nemleg Sæbø vunne samtlege 10 heimekampar.

Les heile

Hjørundfjord bygdemobilisering

22.10.2007

Bygdemobliserings treff.

Komande fredag og laurdag skal bygdemobliseringane i Møre og Romsdal treffast på Sæbø. Hjørunfjorden bygdemoblisering skal være vertskap.. Bilete til h.er Sæbø frå fjorden

Les heile

[1 kommentar]

Mari-Anne Bjørdal

21.10.2007

Fylkesmeistrar J14 07: Åmdal/Ørsta/Sæbø!!

Dei rykande ferske fylkesmeisterane i J14 sjuarfotball heiter Åmdal/Ørsta/Sæbø. Det var aldri i tvil om kvar sigeren skulle havne, Å/Ø/S var best både i angrep og forsvar.
Etter kampen var det premieutdeling av statuett til alle spelarane og pokal til vinnarlaget!

Les heile

[4 kommentarar]

Knut Hustad

21.10.2007

Kjempesuksess for ungdomsklubben

Stemninga var på topp då heile 30 unge var samla på Bondalen grendahus sist fredag. BFUL kunne konstatere at ungdommane sette pris på at Bondalen og Hjørundfjorden har fått sin eigen ungdomsklubb...

Les heile

[1 kommentar]

Bodil Skare

19.10.2007

Takk for i år!

Ja no er trimgruppa sine organiserte måndagsturar ferdige for denne sesongen.
Det har vore svært godt oppmøte, spesiellt tidleg på sesongen og på fineversdagar.
Det siste har det vore lite av.
Desse to siste måndagane var det Rekkedalsetra, og Rognestøylen som var målet.

Les heile

[1 kommentar]

Sondre Kristoffer Mo

18.10.2007

Sommarferien min med Skibladner

Her er sommarferien min med Skibladner, egentlig var det berre nokre dager for å hente ein bil. Eg hadde akkurat sett eit program om Skibladner, så eg var veldig interessert i å få sjå den, og å reise med den. Sidan vi skulle til Lillehammer så fekk eg endeleg ønske mitt oppfylt....

Les heile

[1 kommentar]

Rune Mo

17.10.2007

Ledige bilettar på bacalaokveld

Det er mange ledige bilettar på grendahuset. Kom igjen folkens vi stiller med godt å drikke og fin dansemusikk frå dansebandet Phono. Stig Ulvestad som er gitarist har spelt frå scena og i teltet på Hjørundfjorddagane. Det er dyktige musikarar som skal underhalde oss etter eit fortreffeleg måltid. Hvis dette vert ein suksess så tek vi ta ein ny fest neste år også.

Prisar:
Mat og dans kr. 250
Berre dans kr. 200

Påmelding og bilettar får dokke på Bellingen

Vel møtt dette vert moro......

Les heile

Bodil Skare

17.10.2007

Markens grøde!

No er potetene oppe av jorda og trygt i hus.
kvart år har vi i Risefamilia dugnad på ein solid potetåker, til glede og forargelse for små og store i slekta.
Det er ikkje mange att som har eigen åker, det var og endel år vi og hadde berre "kjøpepotete", men no har dette vorte ein årviss tradisjon der Gunvor held oss med kaffimat, og små og store grev i molda.

Les heile

[6 kommentarar]

Håvard Myklebust

16.10.2007

Ramsau am Dachstein

Snøen har alt byrja å kome i fjellet og vinteren nærmar seg. Likevel tok to skiløparar og ei aktiv mor frå Hovdebygda IL av frå Vigra med fly søndag morgon før haustferien , med Salzburg i Austeriket som mål.

Les heile

[1 kommentar]

Kari Stokke

14.10.2007

På fotballcup i Austefjorden

Søndag reiste Sæbø I.L. på fotballcup i Austefjorden med lagene født i 1997 og 2000. Foreldre og besteforeldre var med som supportere og eldre søsken var kjempeflinke til å dirigere fra sidelinjen.
Fotball er sosialt!

Les heile

Kjartan Alnes

14.10.2007

Spisskompetanse måtte hentes inn fra Hjørundfjorden.

Kystverket tok ingen sjanser på å bruke lokale dykkere under tette operasjonen på "M/S Nordvard" i Mossesunde, og hentet inn 6 dykkere med ulike spesialiteter/kompetanse innen dette området. Blant disse ble en Hjørundfjording (Kjartan F Alnes til høyre) tilkalt med sitt spesialfelt innen undervanns sveising.

Les heile

[2 kommentarar]

Bodil Skare

13.10.2007

Fjelltrimpostane må ned!

No er det haust, og vi i trimgruppa treng hjelp til å få ned alle postane som er att.
Skal du på fjelltur, ta med deg boka frå desse postane ned att og lever til ein av oss i trimgruppa.

Les heile

[5 kommentarar]

Alf Ole Aarseth

13.10.2007

Sæbøveteranar på tur til Førde !

Sist helg var det klart for årets veterantur for tidlegare spelarar på Sæbø A-lag. Årets tur var den sjuande i rekkja, og veterankomiteen Audun Lyshagen og Arnt Egil Hjellen hadde valt Førde som reisemål. Nokre veteranar var i utgangspunktet litt skeptiske til Førde. Var der fotballbane ? Var der hotell ? Var der i det heile mogeleg å ha nokon form for sportslege aktivitetar tilpassa spreke veteranbein ?
Eller var Førde berre eit lyskryss ?
Nokre tvilsame kommentarar her på Portalen hadde til og med ymta frampå at der kun var betongveggar i Førde….

Les heile

[18 kommentarar]

Knut Hustad

12.10.2007

Ingen lam, men...

Sauebønder brukar gjerne mykje tid på å få heim dei siste dyra, men kva gjer ein når lamma heller ikkje denne gongen er å finne? Tja, er vêret fint, kaffien varm og jenta vakker, ja, då er det vel berre å prøve med eit frieri?

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Hustad

11.10.2007

Njål til cupfinalen

- Dette er det største ein kan oppleve som fotballdommar, seier hjørundfjordingen Njål Rønning. Han er ein av tre som skal dømme cupfinalen for menn på Ullevål stadion 11. november...

Les heile

[3 kommentarar]

Kjartan Alnes

11.10.2007

Bertahuse gir nye muligheter

Bertahuse (kårhuset) på Jakobgarden i Skjåstadalen ved Bjørke er nå klart til bruk etter en tid med innvendig oppussing. Huset kommer til å bli en døråpner til nye muligheter for driverne av Jakobgarden, med sine 4 soverom og sengeplasser for opptil 12-13 personer.

Les heile

[1 kommentar]

Per Atle Røe

08.10.2007

Kvifor klyngetun på Bjørke

Det er mange gode grunnar til å satse på etablering av nye gardstilknytta klyngetun. Klyngetuna kan styrkje busetjinga i ei grend eller bygd, og skape gode bukvalitetar for både born og vaksne. Fortetting i nærleiken av eksisterande bygningar kan også sikre samanhengande jordbruksområde og kulturlandskap. Klyngetuna kan i tillegg vere grunnlag for næringsutvikling på gardane. Nye bustader i nærleiken av gardstun kan også gje fleire menneske nære band til landbruket.

Les heile

[2 kommentarar]

Rune Mo

08.10.2007

Bacalaokveld på Grendahuset

LAURDAG 20.OKT.-07 FRÅ KL.20.00
SERVERING FRÅ KL 21.00
Billettar kjøper ein på bellingen

Bacalao og fest kr. 250
Berre fest/dans kr. 200


Som alle veit må taket på grendahuset fiksast. Dette vart utsett til våren 2008.
Det seier seg sjølv at dette vil koste mykje pengar, og difor prøver vi no å skaffe inntekter – og ikkje minst lage ein triveleg kveld for bygdefolket!

Vi arrangerar difor ein dans der ALT overskotet går til taket.

Og for å gjere noko anna så fekk vi nokre bacalao-entusiastar til å lage bacalao…….høyrtes ikkje DET spanande ut?

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Hustad

08.10.2007

Vakre Maradalen

Sauemannen, båtføraren og fjellføraren Ola tok det oppatt på nytt: "Pass på så du ikkje går for langt opp". Så var det akkurat det eg gjorde - gjekk for langt opp...

Les heile

[7 kommentarar]

Rune Sæbønes

06.10.2007

Ti strake på heimebane for Sæbø

Sæbø avslutta sesongen på heimebane med å slå Moltustranda 4-2. Dermed har Sæbø levert ei nsesong utan at det er gjeve vekk poeng på heimebane. Sigeren laurdag var den tiande strake på Sæbø stadion.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

05.10.2007

Byggjestart for Kvivsvegen hausten 2008

- Dette er den største dagen i heile mitt politiske liv, sa ein rørt Ola Perry Saure (Sp) fredag, då politisk rådgjevar Erik Lahnstein (Sp) i Samferdselsdepartementet i eins ærend kom frå Oslo til Ørsta for å fortelje at det vert byggjestart på Kvivsvegen neste haust. Regjeringa følgjer nemleg opp Norsk Transportplan, og seier klart i statsbudsjettet for 2008 at no kjem Kvivsvegen.

Les heile

[3 kommentarar]

Johannes Halland

04.10.2007

Tur til Jenteskaret

Endeleg, etter månader med regn, vart det så fint ver at vi fekk avvikla ein fjelltur. Turen gjekk først med ferje til Leknes og buss framover Urkedalen, før elevar og lærarar tok beina fatt.

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjordportalen Administrator

03.10.2007

Prøvefiske i Bondalselva

To forskere fra Havforskningsinstituttet vil på fredag og lørdag ta prøver av ungfisk i Bondalselva. Løyve til prøvefisket er gitt av Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Les heile

[1 kommentar]

Stig Helset

03.10.2007

Kolåsbreen

Det har vore ein lang og grå seinsommar, men nett når det ser så mørkast ut, er det duka for haustens vakraste eventyr; ein klatretur til Kolåsbreen.

Les heile

[5 kommentarar]

Bodil Skare

02.10.2007

kvinner på randen, ved Rundabranden!

I dagar og månadar he me jobba og slete,
og gråver he det vore, ja fryktelig med vete!
Ingvild og Ann Helen, dei sette opp ei liste,
Kven vil på tur? dette må vel friste?
Frå Hjørundfjordheimen elleve damer skreiv seg på,
Kan hende ein tur uten regn, me kan få?
Overnatting på Runde fyr,
dette var som eit eventyr!

Les heile

[2 kommentarar]

Bodil Skare

02.10.2007

Hausttur på gamlevegen!

Måndagsturen denne gongen gjekk på Gamlevegen frå Villane til Eidet.
Vi var sju som møtte, Fredrik var sporty og var kjentmann fyrste delen.
Her er det ei kjapp pause på brua ved Valset.

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

02.10.2007

Nytt danseorkester.

hjorundfjord.no har møtt det nye 6manns orkesteret. Dei er 3 frå Bondalen og 3 frå Ørsta, som tek på seg speleoppdrag.

Les heile

[2 kommentarar]

Per Urke

01.10.2007

At det går an....!

Ein kan le seg skakk av mindre....!
Hjørundfjordportalen er eit seriøst organ, men eit visst rom for galskap finst vel og i dette forumet??!!
Det er heilt tilfeldig at eg har valt "Fjord Øye"-ferja som oppslagsbilete, det kunne like godt ha vore "Nørvøy" eller "Veøy"...
Men vil du bli med på galskapen, må vi vende blikket mot det maritime miljøet slik Øyvind Krøvel ser det i "Klypa 2007"....

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Hustad

01.10.2007

Den flottaste lammevêren

Under kåringssjået i Ørsta i går synte det seg nok ein gong at Hjørundfjorden den flottaste lammevêren. Lars Johan (Lasse) Sæbønes (foto til høgre) hadde den med flest dommarpoeng...

Les heile

Statistikk

1070 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 12 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

71 besøk idag.

4428 besøk - 06.05.2018
2860626 besøk og 24045701 visningar totalt