Hjørundfjordportalen » Lokalt » Alle artiklar

Artiklar

January 2007

Enok Kippersund

31.01.2007

Sentrumsuget

I distriktsradioen var det nett ein diskusjon: Bør høgskulane samle seg i ein skule på ein stad? Det blir for hardt å konkurrere om studentane, og det er vanskeleg å halde oppe det faglege nivået og miljøet ved ein liten høgskule. Samle seg = slå skulane i hop til ein skule på ein og same stad. Kvar? Og så vart det nemnt at ein bør jobbe for at også vårt fylke får sitt eige universitet

Det er ikkje meir enn knapt 40 år sidan det heitte DISTRIKTShøgskule og skulane skulle kome som ein ressurs til distriktet der det no skulle satsast! DH. de-hå!

Les heile

[2 kommentarar]

Helge Strand

30.01.2007

Lakseaksjon.oppdatering.

På protestlister eg har har lagt ut på Sæbø har førebels fleire enn 160 skrive under.
Eg er glad over å sjå at så mange unge er blant desse.
Saman med talet på protesterande her på portalen nærmar talet seg raskt 450 som til no støttar aksjonen med si underskrift.
Eg har i dag sendt lister til sportsforretningane i Ørsta/Volda, m.fl.
Avdi aksjonen langsamt femner regional interesse, vil lister verte lagde ut både i Ålesund og i andre kommuner på Sunnmøre. Her er det mange Hjørundfjordvener!

Les heile

[8 kommentarar]

Knut Hustad

28.01.2007

For tøffingar

- Skiforhold for tøffingar på Bondalseidet i dag. Dette meinte dei to Røde Kors-vaktene Bernt Arve Hustad(t.v.) og Vidar Stokke.

Les heile

Siw Lillebø

28.01.2007

Årets første snømann på Solstrand

I regnveret i dag har vi laga årets første snømann. Det er heilt super snø å bygge i så vi oppfordrar alle andre om å gå ut i snøen å bygge. Det er ikkje noko som heiter dårleg ver, men dårlege klær.

Les heile

[4 kommentarar]

Sverre Magnus Myrtveit

27.01.2007

Sigemonn og tolmod

Lafting kan være en nyttig og kjekk hobby. Teknikken er enkel å forstå når en har laftet sitt første omfar.( En firkant bestående av de første stokkene.) Deretter går det av seg selv.

Les heile

[4 kommentarar]

Siw Lillebø

26.01.2007

Dataparty på Grendahuset

Då er BFUL sitt 2.dataparty i gang på Bondalen Grendahus. Tusen takk til Rune Mo og Endre Stokke som har ordna med det tekniske anlegget. No har vi vårt eige og kan arrangere mange dataparty.

Les heile

[4 kommentarar]

Dagfinn Strand

26.01.2007

Portalbilete. Laksaksjon

Eg synest at logoen får protestakjonen mot laksoppdrett i
fjorden bør no verte lagt på framsida til venstre slik at folk straks ser han.Dette er vel ein aksjon i regi av Mobilisering
for Hjørundforden? Ein aksjon som er i startfasa og som
er viktig at folk heile tida er merksame på.

Les heile

[2 kommentarar]

Enok Kippersund

26.01.2007

Prillar-Guri opnar blogg

Prillar-Guri på Bjørke startar 10-års jubileet med å opne sin eigen blogg. Her er adressa: <a href="http://prillarguri.wordpress.com">http://prillarguri.wordpress.com</a>

Prillargurinemnda ønskjer velkomen!

Les heile

[1 kommentar]

Ivar Svein Mo

25.01.2007

Undervegsrapport 2006

Hjørundfjorden bygdemoblisering har lagt ut under fana til bygdeutvikling, ei ny oppdatering på undervegsrapporten.

Les heile

Unn Frøland

25.01.2007

No må vi huske dei små

No har det vore kaldt nokre dagar, og snøen har lava ned. Har hørt det var temperaturar ned i 16.17`C i Bondalen. Dette har sikkert vore ein brå overgang for små-fuglane.

Les heile

[3 kommentarar]

Unn Frøland

25.01.2007

Framleis ledige plassar

Det er omlag tjue som har meldt seg på dataparty, så det er kapasitet til ti til. Derfor opnar Ungdomslaget no for at også andre kan kome, først til mølla.....
Det er behov for foreldre og andre som vil være vakter, kontakt Siw eller Unn

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Riise

22.01.2007

Portalbilete

Kommentar til nytt bilete på hovedsida av portalen.

Sjå dette nydelege biletet frå 1953-55,som Bjarne Riise har teke. Portalbiletet minner meir om Rotterdam i forhold til dette.

Les heile

[21 kommentarar]

Knut Hustad

21.01.2007

Jordskjelv

Ca. klokka 1445 var det eit kraftig rabalder i fleire hus her i Bondalen. Jordskjelv på Nordvestlandet melder jordskjelvobservatoriet på Kjeller...

Les heile

[7 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

20.01.2007

Tema Slagord

Det er så trivelg å av og til koma inn på portalen å sjå alt det positive som er i emning der oppe no.

Les heile

Rune Sæbønes

20.01.2007

Turistferja klare med rutene

Selskapet 62 grader nord presenterer no opplegget for turistferje på Hjørundfjorden i sommar. Det vert tre daglege avgangar i sambandet Magerholm - Leknes - tidsrommet 25. juni - 31. august.

Les heile

Rune Sæbønes

20.01.2007

Stadig billege tomter

Formannskapet i Ørsta vedtok fredag å halde fram med ordninga med billegsal på tomter i bygdene. Det vil seie at tomtene i Sæbønes-feltet kostar 20.000 kroner.

Les heile

[3 kommentarar]

Rune Sæbønes

20.01.2007

hjorundfjord.no - til di teneste

Hjørundfjordportalen har opplevd ein stor auke i talet på vitjande siste tida. Det er vi takksame for. Ikkje minst er vi takksame for at stendig fleire loggar seg inn, og skriv gode og flotte nyhende og artiklar. Vi som styrer med portalen håper at engasjementet held fram. Som ei ny teneste tilbyr vi til folk som er usikre å hjelpe til med å leggje inn nyhende og artiklar.

Les heile

[11 kommentarar]

Knut Hustad

20.01.2007

Dukhornet - 1412 meter

- For mykje arkivstoff på portalen. Blir du med på Dukhornet, frå Finnes, på fredag? Slik lydde e-posten som Fred Ingar (Somby) sende meg frå Nordsjøen for nokre dagar sidan. I dag vart målet nådd... Fred Ingar til høgre.

Les heile

[11 kommentarar]

Enok Kippersund

17.01.2007

OL

Etter eit OL i Lillehammer, som vart særs vellukka, skulle det vel ikkje vere så heilt ulogisk å satse på Tromsø denne gongen? Eg meiner, viss OL-komiteen vil tenkje kvalitet og særpreg? Olympisk distriktspolitikk!

Les heile

[5 kommentarar]

Alf Ole Aarseth

16.01.2007

Årsetsetra og den vakre fiskestonga

Kvistaddalen er ein vakker dal, og Årsetsetra er ei perle. For ein utflytta bondaling busett på austlandet er det spesielt godt å kome på heimlege trakter, og finne den spesielle roa i kropp og sjel inne på Årsetsetra ! I juli 1990 skreiv eg historia om den vakre fiskestonga i hytteboka i Kvieselet. Tenkte eg skulle dele denne historia med dykk på portalen. Denne historia syner at eg var forelska, forelska i ei jente, men også forelska i den vakre naturen i Hjørundfjord !

Les heile

[6 kommentarar]

Marit Riise Olsen

14.01.2007

Tilbakeblikk -2006

1 april 2006 tok MS HJørundfjord over drifta av skyssbåttenestane i Hjørundfjord. Det har vore eit spanande år med mange oppdrag, men også utfordringar. Legg no ut eit tilbakeblikk over året som var.

Les heile

[3 kommentarar]

Enok Kippersund

13.01.2007

Også Viddal kan få ... viss

I Møre-Nytt i dag, laurdag 13.januar 2007, står det at " - Også Viddal kan få breiband". Om vi ein augneblink tenkjer på at Viddal har då tidlegare fått både straum og telefon, så skjønar vi at no gjeld andre vilkår. Administrerande direktør Ivar Driveklepp, som svarer heilt korrekt og slik han har plikt til å svare, og som ikkje skal klandrast, seier: "Om dei fleste husstandane på Viddal ynskjer breiband, bør vi kunne få til ei løysing."

Les heile

[5 kommentarar]

Hilde Muren

12.01.2007

Brev til kommunen frå Grendalaget

Sæbø grendalag ber politikarane i Ørsta prioritere utbetring av vegen til Sæbøneset. Denne vegen må vere den dårlegaste vegen til eit bustadfelt i Ørsta. Under les du brevet som er sendt.

Les heile

[1 kommentar]

Sigmund Årseth

12.01.2007

Litt sein nyårs helsing

Gode Hjørundfjordingar,Godt Nytt År, om enn litt seint ute.

Eg har merka meg med glede alle dei positive og framtidsretta ting som hende i fjorden i året som var, og at eg anar ein optimisme som ikkje har vore slik til stades, sidan eg flytte ut for ein liten mannsalder sidan.

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Riise

11.01.2007

Lang setretur

Mange gongar sat eg i solveggen på Risestøylen og såg opp i ryggen frå Grøthornet og mot Lissjetinden,eller Solskinshatten som Sledals-Karl kalla den,og tenkte korleis ein kunne få ein fin skitur som enda på setra.
Eg gjekk til slutt inn på Rognestøylen og kika på nedkøyring til Heimste Tveradalen. Og fann ut at om ein heldt god høgde under Solskinshatten, så var det ingen fare for å hamne ned i hamrane.
Så fekk eg ein søndag med meg nokre karar og gjekk ruta.. Etter det har eg årvisst teke turen, som er lett og fin.
Og i 2001 var eg guide for ein gjeng ungdommar. Og eg hadde som ein av dei første i dalen skaffa meg digitalkamera.

Les heile

[5 kommentarar]

Unn Frøland

11.01.2007

Tiltak mot attgroing

I Møre-nytt tysdag stod der ein artikkel om "Geita i fokus". Sidan vi snart ikkje ser skogen for berre tre i heile kommunen, kan det nok bli aktuelt å bruke geiter/kje som landskapspleiarar også i Bondalen, eg meinar å ha høyrt det skal være eit forbod mot det i dalen...

Les heile

[3 kommentarar]

Tor Eirik Trandal

10.01.2007

Brukarnamn/passord

Enkelte ser ut til å ha motteke ein e-post der aktiveringskoda for brukarkontoen er manglande. Grunnen til dette er ukjend, men det kan ha noko med at enkelte epost-kontoar ikkje støttar HTML visning.

Dei som har registrert seg og ikkje får aktivert brukarkontoen sin eller ikkje får logga inn oppmodast om å ta kontakt med meg, Tor Eirik, slik at eg får rydda opp i dette.

Les heile

Rune Sæbønes

10.01.2007

Kystsoneplanen ut til høyring

Ørsta formannskap, som planutval, handsama tysdag kystsoneplanen for første gong, og gjorde vedtak om å leggje planen ut til høyring. Høyringa er på seks veker, og høyringa startar den dagen utlegginga av planen vert kunngjort. Det kan enno gå nokre dagar til det, då administrasjonen må bake endringane formannskapet kom med både inn på kart og i tekstdelen av planen.

Les heile

[5 kommentarar]

Helge Strand

09.01.2007

Protestaksjon mot lakseoppdrett i Hjørundfjorden

Hjørundfjorden må vere oppdrettfri sone. Bli med på aksjonen mot lakseoppdrett i Hjørundfjorden. Med å klikke på les meir, får du meir informasjon om aksjonen.

NB! Etter artikkelen kan de via link gå direkte til Ørsta kommune og protestere med bruk av ein ferdig skrive protest. Eller legge inn ein kommentar sjølve.

MERK DYKK!
Ei e-mail adresse kan nyttast av fleire personar berre de nyttar namnet dykkar. Alle vil verte registrerte som "protesterande."
Greitt å vite i familiar t.d med mange personar og berre ei e-mail adresse!

Les heile

[27 kommentarar]

AnnHelene Wille

08.01.2007

STRIKKEKAFE

ONSDAG 10.01 KL 19.00 ONPNAR VI STRIKKEKAFEEN IGJEN.Vi håper mange nye vil møte opp du treng ikkje ha med handarbeid, dette skal vere ein plass alle aldersgruppe kan møtast for og snakke,evt lære av kvarandre,utveksle ideear ,ta turen for og sjå om du trivst ilag med oss. vi har hatt kjempe oppmøte før jul og vonar på at dette forsett framover.Vi opnar dørene kl 19.00 men du kan kome når det passar. vi kokar kaffi og har litt og bite i. vi fyrer i peisen og har det rett trivligt.praten går lett og tida fort så rundt 22.30 stenger vi dørene.Oppmoder dei som har laga mykje før jul om og ta med seg arbeidet så vi andre kan få sjå(vert kanskje innspirert til og lage noko) VELKOMEN!!

Les heile

Rune Sæbønes

06.01.2007

Hjørundfjord-brosjyre treng slagord

I samarbeid med Sparebank1 Volda Ørsta er Hjørundfjorden bygdemobilisering i ferd med å utarbeide ein turistbrosjyre for Hjørundfjorden. No treng arbeidsgruppa bak brosjyren publikum si hjelp. Det må skapast eit slagord, og også svært gode bilete av aktivitet.

Les heile

[72 kommentarar]

Tor Eirik Trandal

06.01.2007

Toppbiletet må byttast snart

Nokon som føler seg kalla til å lage til ny grafikk/bilde på toppen av portalen?

Krav til grafikken/bildet er at den må være minst 1024 pikslar breid og 150 pikslar høg. Om du ikkje vil legge på teksta "Hjørundfjordportalen" så kan eg gjere det.

Send biletet til meg på mail. Adressa finn du under "kontaktpersonar" på framsida.

Les heile

[7 kommentarar]

Guttorm Hagen

04.01.2007

Dynesal til høg pris.

I Bondalen og Åmdalen har det vore dørsal av dyner og puter. Som lensmann vil eg be folk tenkje seg om før eventuell handel. Pris kan vere uforholdsmessig høg, og kjøpar kan kjenne seg lurt.

Liknande tilbod kan vere montering av takstigar, snøfangarar, sprøytemaling av tak og veggar. Høyr med naboar, slekt eller fagkunnige før avtale vert inngått, eller forskot vert betalt. Det er også lurt å innhente tilbod frå lokale firma.



Guttorm Hagen, lensmann i Ørsta

Les heile

[2 kommentarar]

AnnHelene Wille

04.01.2007

Flott julefest

Eit lite tilbakeblikk på ein flott julefest 28.12 på sæbø bedehus.Tradisjonsrik julefest med rundt 100 pers unge og eldre samla. Vi fekk høyre born frå bygda, sang gamle og kjære julesanger. Hjørundfjordkvintetten fylte salen med mektige flotte sanger.Sist men ikkje minst var Paul kristian Hovden og snakka til oss alle, på ein enkel og fin måte, som var lett og forstå enten vi var unge eller eldre!! så gjekk vi rundt juletredet,og til slutt dukka det opp to nissa fra olavsdalen som delte ut litt av kvart. kristina kvistad Hustad leidde oss supert igjennom heile festen, STOR TAKK !! tilslutt var bordet dekka med mykje god kaker ikjelleren,men til neste år skal vi dekke til fleire oppe, slik at alle skal få sitte. Takk til alle som stilte opp for og gjere denne festen til ein vellykka kveld . GODT NYTTÅR!

Les heile

Rune Sæbønes

04.01.2007

Flaskeinnsamling

Vent med julepanten. Måndag og tysdag kjem representantar frå handballgrupa i Sæbø IL på døra, og ordnar saka.

Les heile

Knut Hustad

02.01.2007

Breiband på plass

No er Tussa Breiband på plass i Skjåstaddalen og på Bjørke. Dermed kan Trude Saure (foto til høgre) og dei andre som bur i dette området verte ivrige brukarar av hjorundfjord.no...

Les heile

[2 kommentarar]

Guttorm Hagen

02.01.2007

GODT ÅR!

Som lensmann i Ørsta ynskjer eg alle i Hjørundfjorden godt år! Hjørundfjordportalen vitnar om positivt engasjement og vilje til dugnad. Hjørundfjordportalen er eit godt tiltak!

Politiet var i Bondalen i romjula. Det er igjen ro i området, og dei involverte kan kome seg vidare.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Mo

01.01.2007

Fyrverkeri på Sæbø

På nyttårsafta plasserte eg meg (Lovise Mo) på hustadneset med kamera og stativ for å få den beste oversikta over fyrverkeria og rakettane på sæbø og bondalen. Vanskeleg var det, men noko fekk eg då ut av det.

Les heile

[12 kommentarar]

Hilde Muren

01.01.2007

Feiring i skogaløda

I skogaløda og fonnvernet kom masse barn og vaksne rundt kl 23:30. Grendalaget serverte gløgg og pepperkaker, og etterkvart vart det fyrt opp mange rakettar.

Les heile

[2 kommentarar]

Statistikk

1070 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 12 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

71 besøk idag.

4428 besøk - 06.05.2018
2860626 besøk og 24045724 visningar totalt