Hjørundfjordportalen » Lokalt » Alle artiklar

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Annonse

Artiklar

September 2006

29.09.2006 (Lest 2900 gongar)
sopp-korg Matauk
[Ymse] [Lest 2900 gongar] [9 kommentarar]

No er sopp-sesongen godt i gang, og kanskje også på hell enkelte stadar. Plukking av sopp vert meir og meir populært, det fins til og med sopp- klubbar t.d i Molde.Torsdag var eg, Aleth og Ingeborg klare for ein sopp-tur, med oss hadde me sopp-konsulent Lisbeth frå Årseth.
Les meir...
29.09.2006 (Lest 3187 gongar)
Liftutleige 005 Nytt firma i Hjørundfjorden
[Lokalnytt] [Lest 3187 gongar] [2 kommentarar]

Skal du måle huset ditt? Eller skal du gjere noko snikkararbeid i høgda? Løysinga kan vere å kontakte det nyetablerte firmaet Kvistad Liftutleige..
Les meir...
28.09.2006 (Lest 1983 gongar)
Framtidskveld2 001 Stort engasjement på framtidskvelden
[Lokalnytt] [Lest 1983 gongar] [1 kommentarar]

Det var stort engasjement på framtidskvelden som Hjørundfjord bygdemobilisering arrangerte saman med Sæbø Idrettslag og Bondalen Frilynde Ungdomslag torsdag. På Bondalen grendehus møtte førti ungdommar frå fjorten til tjuefem år. Dei greidde å kome fram til fleire gode tiltak som vil gjere det betre for unge å bu i Hjørundfjorden.
Les meir...
27.09.2006 (Lest 1890 gongar)
Ny gymnastikksal på Sæbø skule -
[Lokalnytt] [Lest 1890 gongar] [1 kommentarar]

Fagutvalet for oppvekst og kultur har foreslått eit budsjett for Ørsta kommunestyre som inneber at forprosjektet for ny gymnastikksal til Sæbø skule vert sett i gang i 2007, og at byggjestarten vert tidleg i 2008. Ei eiga nemnd samansett av foreldrerepresentantar, skulen og Sæbø IL er no i gang med å førebu utbygginga. Nemnda ser føre seg ein gymnastikksal langt større enn eksisterande.
Les meir...
27.09.2006 (Lest 1993 gongar)
CIMG0011 Invasjon av grønne menn
[Ymse] [Lest 1993 gongar] [6 kommentarar]

Jeg befinner meg på boreriggen West Alpha, ca en times helikoptertur fra Kristiansund og rett ut i Nordsjøen. Mandag ble vi angrepet av hundrevis av små grønne skapninger..
Les meir...
27.09.2006 (Lest 3157 gongar)
Fritid Fritidsbruken på Sæbø
[Ymse] [Lest 3157 gongar] [10 kommentarar]

Når elevane på Sæbø-skule ikkje er på skulen, sit dei som regel ikkje i ro. Dei er ute og gjer aktivitetar som fotball, bading, handball, sykling og nokre held seg jamvel i form ved å jogge. Som oftast er ballbingen staden dei fleste samlast…

Tekst/foto: Sara Konstanse

Les meir...
26.09.2006 (Lest 1692 gongar)
Epler 004 Snart startar den store eplehausten
[Ymse] [Lest 1692 gongar] [2 kommentarar]

Det er ikkje berre berre å hauste eit heilt epletre. Førebuing må til...
Les meir...
26.09.2006 (Lest 1779 gongar)
Storsiger i siste heimekamp
[Sport] [Lest 1779 gongar] [0 kommentarar]

Sæbø-smågutane slo til med ein storsiger i årets siste heimekamp. 8-2 vart sluttresultatet mot Austefjord. Sæbø G14 spelar årets siste kamp mot Åram på Åram den 1. oktober.
Les meir...
26.09.2006 (Lest 2477 gongar)
Tvare På jakt etter spor frå fortida
[Ymse] [Lest 2477 gongar] [2 kommentarar]

Sæbø Barnehage er ein medveten kulturformidlar, og arbeider med utgangspunkt i barna si nære verd - den lokale bygdekulturen. Vi trur at dei som kjenner heimstaden sin godt alltid vil vere knytt til han. Barna skal lære å kjenne Hjørundfjorden, dei skal kjenne at dei høyrer til her og vere stolte av å kome herifrå
Les meir...
26.09.2006 (Lest 1599 gongar)
Bjørke Kulturen ute på bygda
[Ymse] [Lest 1599 gongar] [0 kommentarar]

Regjeringa ville at noko av dei ekstra midlene dei overførte til kommunene også skulle komme kulturen til gode.
Nå har Ørsta kommune avsatt 200000 til kulturen.
Dette er ikkje etter regjeringa sit ønske.
Dei trudde kulturen skulle få litt meir og men når kulturen ikkje er lovpålagd så blir det lett en saneringspost.
Barneombudet og kulturorganisasjonene jobber nå med å lovpålegge kommunene å ha fritidsklubber både i sentrum og ute på bygdene.
Tapet av 500000 frå Ølmonopolet førte til store tap for kulturen i Ørsta og ikkje minst ute på bygdene.
Les kva Departementa svarer meg.

Vi som jobber med kulturen må ta tak i tapet av kulturpenger.
Vi kan ikkje leve med desse kutta i kulturpengene.


Les meir...
25.09.2006 (Lest 4530 gongar)
Keipen 036 Når dett Keipen ned?
[Ymse] [Lest 4530 gongar] [5 kommentarar]

I 1908 rasa store delar av det fjellmasivet som Keipen i Norangsdalen tilhøyrer, ut. Elva under vart demmt opp med Lygnstøylvatnet som resultat. Kor lenge får Keipen stå i fred?
Les meir...
25.09.2006 (Lest 1417 gongar)
PIC_1352 Forsamlingshusa/Ungdomshusa som sosiale møteplasser.
[Ymse] [Lest 1417 gongar] [0 kommentarar]

Eg håper Ørsta kommune blir med på samarbeidet med dei frivillige organisasjonene.
Ungdomslag og andre lag har mange forsamlinghus som må brukes endå meir til det beste for alle som bur i bygda.
Sosiale møteplasser er viktige både for unge og gamle.
I samarbeid med kommuna er det mange andre ting og dei frivillige laga kan gjere til det beste for alle.
Det blir møte i Molde den 6/9 for alle leierene på fylkesnivå
Håper Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag også sender folk til Molde.

Les meir...
24.09.2006 (Lest 1768 gongar)
DSCN0954 Opprykkshåpet lever for Sæbø
[Sport] [Lest 1768 gongar] [0 kommentarar]

Opprykkshåpet lever enno for Sæbø. Sjølv om laget hadde spelefri denne helga, vart tabellsituasjonen betra for laget. Åheim/ÅVK2 tapte nemleg mot Begrsøy2. Også opprykksfavoritt Åmdal tapte, og no er sjette divisjon heilt open.

Les meir...
24.09.2006 (Lest 4597 gongar)
1945 Flyet til Georg Ecke, frå Quelinburg i Aust Tyskland.
[Ymse] [Lest 4597 gongar] [20 kommentarar]

Vi var på tur i Grøtdalen for å leite etter flyet til Georg Ecke, frå Quelinburg i Aust Tyskland.Her ligg flyet som vart skote ned den 16.februar i 1945 av Engelske fly, under det store flyslaget over Hjørundfjorden denne dagen.Det vart nedskote 4 tyske fly og der deltok 30-40 fly i slaget.På bilete til høgre ser du ein Messerschmidt 109g-6
Les meir...
23.09.2006 (Lest 2734 gongar)
Kåringssjå 010 Mange premiar til Hjørundfjord
[Landbruk] [Lest 2734 gongar] [1 kommentarar]

Under dagens kåringssjå for verar i ridehallen i Ørsta, tok hjørundfjordingane godt føre seg på premiehylla. Odd Bjarne Bjørdal fekk 1. premie for veren med høgst poengsum. Åse Randi Saure fekk kvit rosett Ho hadde det beste lammet av dei som fekk sløyfe. Til høgre ser vi Trude Saure saman med lammet.
Les meir...
23.09.2006 (Lest 3990 gongar)
Krabbe 006 Solid krabbefangst
[Ymse] [Lest 3990 gongar] [4 kommentarar]

Nettene har vorte mørke. Hausten er komen, og det er tid for krabberaking. Fredag kveld var fleire båtar ute på fjorden for ålyse og rake etter krabber. Frode Holen, Marius Strandman, Jan Tore Sæbønes ogLinn Cathrin Straume fekk ein solid fangst.
Les meir...
22.09.2006 (Lest 2120 gongar)
Ingvilg på rotur. Det gode liv på Hjørundfjorden
[Ymse] [Lest 2120 gongar] [4 kommentarar]

Hjørundfjordportalen har mykje godt naturnytt, men korfor så live frå livet på fjorden? Båtar, fiske, skattejakt i fjøra og om sommaren badeliv frå alle kaier.
Les meir...
22.09.2006 (Lest 2219 gongar)
Indian summer 004 Indian summer
[Ymse] [Lest 2219 gongar] [0 kommentarar]

Fredag den 22. september var det det amerikanarane ville ha kalla Indian summer i Hjørundfjorden. Det vil seie at sommaren med eitt slo til igjen, lenge etter at det eigentleg burde ha vore haust. Folk nytta sjansen til å sole seg.
Les meir...
22.09.2006 (Lest 1394 gongar)
Langhornet 017 Fugl - guiz.
[Ymse] [Lest 1394 gongar] [5 kommentarar]

Etter flausa i går kveld, prøver eg på nytt. Kva for fugl er dette?
Les meir...
21.09.2006 (Lest 1354 gongar)
Admiralar 017 Meir admiral
[Ymse] [Lest 1354 gongar] [1 kommentarar]

Han har vore omtalt her på portalen tidlegare. I dag var det skreve om han i Møre Nytt. Vi snakkar sjølvsagt om Admiralen. Men kvar gjer han langt til fjells?
Les meir...
21.09.2006 (Lest 1559 gongar)
Insekt-guiz
[Ymse] [Lest 1559 gongar] [13 kommentarar]

Ja, så får vi prøve på nytt. Kva slags insekt er dette?
Les meir...
19.09.2006 (Lest 2033 gongar)
Siste dag på fjellet Sauesanking
[Ymse] [Lest 2033 gongar] [4 kommentarar]

Laurdag 16. September var datoen for årets sauesanking. Sola strålte og alt låg til rette for ein fantastisk dag i fjellet. Sauesanking betyr slutten på det frie livet for dei firbeinte ulldottane som har pleia fjell og lier over heile landet. På Frøland var me tre sankarar denne dagen Kjell, Odd Jarle og meg sjølv, Unn.
Les meir...
18.09.2006 (Lest 1585 gongar)
Plommeslang 1 På plommeslang hos naboen.
[Ymse] [Lest 1585 gongar] [4 kommentarar]

Plommetrea på andre sida av gjerdet ser så gode ut: runde, gule og saftige. Kan vi ikkje gå på utsida og plukke nokon?
Les meir...
18.09.2006 (Lest 1726 gongar)
Jakt 024 Vakrare haustdag får ein ikkje...
[Ymse] [Lest 1726 gongar] [1 kommentarar]

Slike dagar som i dag, vil ej berre vere glad... Slik heiter det i ei verseline av Kyrre Grimsdtad. I går, søndag 17.9.06, hadde vi ein fantastisk fin dag. Mange var ute i skog og mark, antan for å plukke bær, sopp, eller ta seg ein fjelltur. Men jakt, det kan vere kjekke greier...
Les meir...
17.09.2006 (Lest 1938 gongar)
Riise-leknes Sæbø vann - enno opprykkshåp
[Sport] [Lest 1938 gongar] [6 kommentarar]

Sæbø vann laurdag 4-2 på bortebane over Kvamsøy. Dermed braut laget tapsrekkja, og har enno eit lite opprykkshåp.
Les meir...
17.09.2006 (Lest 3043 gongar)
16. september 023 Fotball og sau
[Lokalnytt] [Lest 3043 gongar] [0 kommentarar]

Med sigrande Sæbø-fotballspelarar som tilskodarar(4-2 over Kvamsøy), vart sauene i ettermiddag frakta tilbake til Sæbøneset frå Maradalen...
Les meir...
15.09.2006 (Lest 2776 gongar)
Grunnboring på Bjørke Grunnboring på Bjørke
[Bygdeutvikling] [Lest 2776 gongar] [0 kommentarar]

Grunnboringa på tunnelprosjektet Bjørke- Leira er i gang.
I går den 14/9 begynte dei å bore i sjøen i Åkersvikja
Skal dei fylle tunnelmasse ut i vikja må dei sjekke grunnforholda .
Folket blei glade for det endelig blei aktivitet i
tunnelprosjektet.
Tunnelpåhogget blir sikkert her ved Tussa Kraft.
Vi får håpe på at det ikkje går alt for lenge før dei starter påhogget av tunnelen.

Les meir...
12.09.2006 (Lest 1891 gongar)
DSCN1436 Ut på tur, aldri sur - med Sæbø til Kvamsøy
[Sport] [Lest 1891 gongar] [0 kommentarar]

Sæbø har ikkje vunne på ei stund, men gjer eit nytt forsøk laurdag. Då er Kvamsøy motstandar på Kvamsøya. Fotballgruppa inviterer no alle supporterar med på båttur med M/S Hjørundfjord til Kvamsøya.
Les meir...
12.09.2006 (Lest 2968 gongar)
o femåringar lagar seg vandrestav. Med kniv som verktøy
[Ymse] [Lest 2968 gongar] [2 kommentarar]

I Sæbø barnehage har personalgruppa vore på smide-kurs. Kurshaldar var Randi Hole frå Husfliden.
Les meir...
11.09.2006 (Lest 1711 gongar)
Gamle bilder - Nye bilder!
[Ymse] [Lest 1711 gongar] [2 kommentarar]

Satt akkurat og las om landbruksdagen i Valdres som var gjennomført no i helga. Og fanga opp eit tips der eg tenkte eg kunne dele med leserane på sida...
Les meir...
11.09.2006 (Lest 2894 gongar)
DSCN1648 Sæbø-smågutane slo Ørsta
[Sport] [Lest 2894 gongar] [0 kommentarar]

Sæbø sitt smågutelag (G 14) har funne haustforma. Måndag kveld tok gutane og jentene på laget ein sterk siger over Ørsta. 12-5 vart det til slutt.
Les meir...
11.09.2006 (Lest 1932 gongar)
Nytt Sæbø-tap
[Sport] [Lest 1932 gongar] [1 kommentarar]

Sæbø ser ut til å ha kollapsa heilt i haust. Søndag vart det tap nummer tre på rad. Denne gongen 3-6 for Åheim. Det var dagen alt gjekk gale.
Les meir...
10.09.2006 (Lest 3337 gongar)
Bilde frå Rise 2003 Velukka dugnad på rampa.
[Bygdeutvikling] [Lest 3337 gongar] [1 kommentarar]

I går på laurdag 9.september arrangerte Bygdemobliseringa dugnad for å lage turveg lags elva frå Hustadbrua til Rise. Mange møtte opp, det vart registrert 22 frammøtte etter ei stund, og stemninga var av den aller beste....
(på bilete ser du Rise i 2003)

Les meir...
08.09.2006 (Lest 1593 gongar)
Filmklubben Ungdomshuset Haukly
[Ymse] [Lest 1593 gongar] [2 kommentarar]

Nå er sommeren over og aktivitetene på Haukly er kommet i gang igjen.
Vi har fåt oss nytt elektrisk filmlerret.
Nå mangler vi berre blendingsgardin.
Kjekt for oss i laget at ungdomen bruker Haukly.

Les meir...
07.09.2006 (Lest 3500 gongar)
BjarneOrsta Eivind Ryste - den nye kontaktpersonen
[Bygdeutvikling] [Lest 3500 gongar] [5 kommentarar]

Den nye kontaktpersonen til Hjørundfjord bygdemobilisering hos Møre og Romsdal fylke, er ørstingen Eivind Ryste. Denne mannen let det meir enn skine igjennom at kvinnene i Hjørundfjorden er viktigare enn mennene. Det har i dag lukkast hjorundfjord.no å få eit eksklusivt intervju med denne personen...
Les meir...
07.09.2006 (Lest 3099 gongar)
DSCN1626 Hjørundfjord-jenter markerte seg i friidrett
[Sport] [Lest 3099 gongar] [0 kommentarar]

Hjørundfjord-jentene er ikkje berre flinke til å spele fotball og handball. Dei meistrar også friidrett. Under Ørstaleikane sist helg gjorde fire jenter det sterkt for Norangdal IL.
Les meir...
07.09.2006 (Lest 2376 gongar)
Somarfugl Sommarfugl-quiz
[Ymse] [Lest 2376 gongar] [5 kommentarar]

Kva sommarfugl er dette? Vi teng lesarane si hjelp, og inviterer til ein quiz. Lesarane må sjølvsagt nytte seg av det dei kan av hjelpemiddel. Skriv i kommentarspalta kva sommarfugl de trur/veit dette er.
Les meir...
07.09.2006 (Lest 1825 gongar)
Sæbø-smågutane i slag
[Sport] [Lest 1825 gongar] [0 kommentarar]

Smågutelaget til Sæbø slo til med ein flott siger over Tjørvåg tysdag. Dagen etter at A-laget tapte for Åmdal, retta smågutane opp Sæbø-æra med å slå Tjørvåg 11-5. Det stod 8-2 til pause.



Les meir...
07.09.2006 (Lest 2329 gongar)
9050904 Ørn tok måse på Sæbø stadion
[Lokalnytt] [Lest 2329 gongar] [2 kommentarar]

Torsdag gjekk ei ørn til åtak på ein måse på Sæbø stadion. Sivert Aarseth (14) såg kva som hende, og han fortel at ørna gjekk til åtak på måsen i lufta.
Les meir...
07.09.2006 (Lest 3270 gongar)
Kvamsedal 7 Frå  osen 2005 Rekordfangst i Kvamsedalen
[Landbruk] [Lest 3270 gongar] [0 kommentarar]

Laurdag 2.september vart det teke ein stor ørret i Kvamsedalsvatnet. Rekord i den nyare tid.
Les meir...
06.09.2006 (Lest 1577 gongar)
Trandal, sauesanking 031 Vakker fjord - og fleire spørsmål
[Ymse] [Lest 1577 gongar] [0 kommentarar]

Etter ein måndag med opp imot 50 mm regn, kom tysdagen. Våt den også, men ein ferjetur kan også brukast til å fundere...
Les meir...
06.09.2006 (Lest 1690 gongar)
sau Konsulent
[Ymse] [Lest 1690 gongar] [0 kommentarar]

Når eg las artikkelen om sauesankinga til Odd Bjarne så kom eg på ei god historie som eg har samla på. Reknar med at enkelte av oss kjenner oss godt igjen.

Den er dessverre på bokmål, men det reknar eg med går bra.

Les meir...
06.09.2006 (Lest 1392 gongar)
Logo bygdeutviklinga Søknad om ein million kroner .
[Ymse] [Lest 1392 gongar] [0 kommentarar]

Styringsgruppa i Hjørundfjorden Bygdemoblisering bestemte på møte 22.08.06, at det skulle søkjast Ørsta kommune om ein million kroner til gjennomføring av dei regulerte tiltaka i Sæbø sentrum.
Les meir...
05.09.2006 (Lest 1391 gongar)
Logo bygdeutviklinga Oppsummering frå Styringsgruppa sitt møte 22.08.06
[Ymse] [Lest 1391 gongar] [0 kommentarar]

Oppsumering frå møtet til Hjørundfjord Bygdmobilisering, Styringsgruppa, på Bondalen grendahus, tysdag 22.8.06 kl. 2000.


Les meir...
05.09.2006 (Lest 2808 gongar)
Trandal, sauesanking 011 Sauesankinga på Trandal snart ferdig
[Landbruk] [Lest 2808 gongar] [0 kommentarar]

Trass mykje regn, vert i desse dagar dei ca. 630 sauene og lamma på Trandal, sanka. Ein av dei tre medlemane i Trandal beitelag, Odd Bjarne Bjørdal, seier seg nøgd med lammevektene så langt.
Les meir...
05.09.2006 (Lest 1598 gongar)
Tussa med betre breibandskapasitet
[Lokalnytt] [Lest 1598 gongar] [0 kommentarar]

I samband med at Tussa Netway skal auke kapasiteten på sentralane SBØ og SBOS onsdaf, vil det verte eit brot på sambandet mot internett. Dette vil skje rundt kl 09.00. Etter at dette har vorte gjort vil altså båndbreidda auke og stabiliteten skal også bli mykje betre.

Tussa må ha eit brot på ca 5 minutt mot SBØ (Sæbø) og SBOS (Sæbø sentrum) i samband med omkoplinga.
Det må også verte eit kortare brot (under 1min) mot AMD (Åmdal) og FSA (Follestaddal).

Les meir...
05.09.2006 (Lest 2631 gongar)
Bilde av Sæbø og Rise Tursti langs elvarampa – Hustad-bru - Rise
[Ymse] [Lest 2631 gongar] [3 kommentarar]

Bygdemobiliseringa har no starta arbeidet med å lage tursti langs elvarampa.
Vi skal ha dugnad på laurdag den 09. september kl 11 og håper at akkurat du vil hjelpe til.
(Bilete er frå Grøthaugen framom Moagjølet og viser Nye-Rise og Sæbø sentrum)

Les meir...
04.09.2006 (Lest 2084 gongar)
Åmdal i hundre, Sæbø tapte
[Sport] [Lest 2084 gongar] [1 kommentarar]

Det var Åmdal, og ikkje Sæbø, som var i hundre på Sæbø stadion måndag kveld. I toppkampen i sjette divisjon vann Åmdal 3-2 i eit tett lokaloppgjer. Åmdal vann fortent.
Les meir...
03.09.2006 (Lest 2482 gongar)
70-årsdag 047 Dyrlege og plommeekspert
[Ymse] [Lest 2482 gongar] [0 kommentarar]

Plommene er i år ekstra gode. Har du ikkje plommetre? I så fall bør vel naboen få eit besøk...
Les meir...
03.09.2006 (Lest 1586 gongar)
Før toppkampen: God Sæbø-statistikk
[Ymse] [Lest 1586 gongar] [0 kommentarar]

Før morgondagens toppoppgjer mot Åmdal på Sæbø stadion, har vi kika litt i historiebøkene. Legg vi statistikken til grunn er det håp om meir jubel for heimepublikum på Sæbø stadion i morgon.
Les meir...
03.09.2006 (Lest 1465 gongar)
Island og Færøyane 2006 173 Hes i Nordavind - og rundballar
[Ymse] [Lest 1465 gongar] [0 kommentarar]

I sommar hadde vi ein heil føljetong om hes og hesjing. Rett nok er vi no utanfor sesongen, men har vi noko å lære av bøndene på Færøyane og Island?
Les meir...
03.09.2006 (Lest 1654 gongar)
Bjørke Bjørke 01700 Dugnad på råsa til Tyssedalen
[Ymse] [Lest 1654 gongar] [1 kommentarar]

Rydding av råsa til Tyssedalen
Les meir...
02.09.2006 (Lest 1775 gongar)
Råsa til Tyssedalen 06 Råsa til Tyssedalen skal ryddes
[Ymse] [Lest 1775 gongar] [3 kommentarar]

Skjåstaddalen Ungdomslag og Bjørke Idrettslag skal i høst rydde råsa til Tyssedalen på vegne av grunneierene på Bjørke.
Les meir...
01.09.2006 (Lest 2433 gongar)
DSCN1611 hjorundfjord.no på plass på Sagafjord
[Portalnytt] [Lest 2433 gongar] [2 kommentarar]

hjorundfjord.no har starta det uformelle møtet på Hotell Sagafjord. Til no er det ganske få som har møtt, og vi har utsett den generelle informasjonen om portaln til kl. 21.10. Denne saka vert fortløpande oppdatert.
Les meir...
01.09.2006 (Lest 2271 gongar)
Bellingen 002 Mannfolktreff på Bellingen
[Ymse] [Lest 2271 gongar] [1 kommentarar]

Stikk du innom Belligen på Sæbø ein fredag etter klokka 15, treff du dei - mannfolka i sin beste alder....
Les meir...
01.09.2006 (Lest 1551 gongar)
Fjell Kva for eit fjell er dette
[Ymse] [Lest 1551 gongar] [6 kommentarar]

Ser det er populært med litt konkurransar på hjorundfjord.no og tenkte eg kunne bidra med litt sjølv.
Les meir...

Sponsorar

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

22.nov.
(Gymsalen sæbø)
(Sæbø bedehus)
26.nov.
(Sæbø bedehus)
27.nov.
(Gymsalen sæbø)
28.nov.
(Grendahuset)
29.nov.
(Gymsalen sæbø)
(Sæbø bedehus)
2.des.
(Grendahuset)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1049 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 36 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

1027 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2662641 besøk og 22568827 visningar totalt