Hjørundfjordportalen » Lokalt » Alle artiklar

Artiklar

July 2006

Knut Hustad

31.07.2006

Myrstankelbein - eit problem for golfen?

I desse dagar svermar den mykje omtalte myrstankelbeinen. Går vi ut i graset, vassar vi gjerne i desse krypa. Ver heller ikkje overraska om du møter eit stort antal langføttingar på ytterdøra når du går ut om morgonen. Men er det denne karen som også lagar problem for dei som spelar golf?

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

31.07.2006

Uavgjort for Sæbø-jentene

Sæbø sitt jentelag spelte måndag kveld uavgjort 0-0 mot Åram/Vankam i Norway Cup. Med dette resultatet er Sæbø sikra minst B-sluttspel. Tysdag spelar jentene sin siste kamp i grunnspelet mot Bangsund. Med poeng i den kampen vert det A-sluttspel for Sæbø-jentene.

Les heile

Tor Eirik Trandal

30.07.2006

Lydar i Trandalfjella

<strong>Mysteriet er løyst</strong>Tirsdags kveld i ti-elleve tida kom det plutseleg trompetlydar frå Trandaldalen utifrå intet. Vi var fleire som prøvde å lokalisere lydkjelda, og moderne hjelpemiddel som kikkert vart også teke i bruk utan særleg hell.

Les heile

[4 kommentarar]

Kristina Kvistad Hustad

30.07.2006

Sæbø by night.

Klokka hadde passert midnatt, og frå stova kunne eg høyre Danseband Jukebox.
Ute var det klart og vindstille. Temperaturen var det heller ikkje noko å seie på. Eg bestemde meg for å ta meg ein tur ut. Kameraet hang på knaggen der det alltid heng. Eg treiv det med meg, og lista meg stille ut døra.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

29.07.2006

Haglbyer og Store Smørskredtind

Heradstinden – Store Smørskredtind – er og vert majesteten i Sunnmørsalpane. Men kombinerer ein denne tinden med utette vassflasker, lyn, torevêr og haglbyer, ja, då er det ikkje like kjekt å vere på toppen…

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

28.07.2006

August på Sagafjord

Det vert dansemusikk alle dagar utanom søndagar, lunsjobord søndagar, og guida bygdevandringar. Dette er noko av tilboda frå Hotell Sagafjord i august.

Les heile

Rune Sæbønes

28.07.2006

Måndagstrimmen i Klokkeura

Måndagstrimmen har hatt ein flott sommar. Sist måndag gjekk turen til Frølandsdalen. Det var ny rekord for deltaking.

Les heile

Rune Sæbønes

28.07.2006

Mikkel storfiskar

Mikkel Riise (14) har brukt sommarferien fornuftig. Sidan han fekk sjøsett båten for nokre veker sidan, har mesteparten av tida vore brukt på sjøen. Fangstane har til tider vore store.

Les heile

[1 kommentar]

Sondre Kristoffer Mo

27.07.2006

Albatross ruva i Hjørundfjorden igjen.

Dette er 5. gongen Albatross kjem inn i Hjørundfjorden, den skal kome 4 gongar til.
Den skal kome igjen 13. August, 30. August, 6. September og 28. September.
Eg og bror min Hallvar var ut på Hustadneset og såg det. Det er ein flott opplevelse å sjå desse store turistskipa når dei kjem inngjennom fjorden. Dette er å anbefale til alle



Les heile

[4 kommentarar]

Ivar Svein Mo

27.07.2006

Ein raud rutil med pyritt frå Hjørundfjorden

Helge Nordang viser i dag fram ein spesiell stein som han fann i eit steinbrot, vi legg ut bilde av steinen og skulle nokon av hjorundfjord.no sine brukarar ha spørsmål, så kan dei rette spørsmål til Helge gjennom kommentarspalta nederst på artikkelen.Husk at du må være innlogga som medlem og det er gratis og greit å gjere for alle.
Skriv gjerne kommentarar så vi får ein peikepinne på korleis interessa er for stein og geologi. Viss dette viser seg å være populært kan vi med faste innslag vise kva slags rikdom fjella våre innheld.(alle bilder kan klikkast på for å få fullversjon)

Les heile

Ivar Svein Mo

26.07.2006

Vakraste steinen i Hjørundfjord?

Volda og Ørsta geologiklubb vil dersom det er interesse på portalen for det,presentere med artikklar sine verdifulle steinar i samlinga si.Det vert i fyrste omgong steinar som er funne i Hjørundfjordfjella.

Les heile

[4 kommentarar]

Ivar Svein Mo

25.07.2006

Private mjølkekvoter til sals.

Landbrukskontoret har hendvent seg til hjorundfjord.no om at dei kan formidle sal av mjølkekvote.
Hjørundfjorden bygdemoblisering oppmoder alle som har planar om kjøp av kvote om å ta kontakt med landbrukskontoret.

Les heile

Ivar Svein Mo

25.07.2006

Vår Herres søkelys på Hjørundfjorden

Knut J.Riise sende oss dette bilete som han har teke med si eiga tekst:


Sender eit bilete til frå mitt arkiv. Tykte det passa så fint i Hjørundfjordportalen.Tok det ein tidleg morgon i april i fjor. 15. april for å vere nøyaktig, frå Larsabakkane.

Helsing Knut J.Riise

Takk for bilete Knut, og vi ynskjer oss mange fleire med gode tekster.

Les heile

[1 kommentar]

Ivar Svein Mo

25.07.2006

På veg mot Dalegubben

Knut J. Riise har sendt oss desse bileta for bruk på portalen. Dei vart tekne 21.juli 04.

Takk til Knut for bilete av ypperste motiv vi kan få.

Les heile

Ivar Svein Mo

24.07.2006

Båtforlis i Hjørundfjorden.

hjorundfjord.no har fått kjennskap til at der ligg ein trebåt på 16meters djupte på Urneset ved Nes på Trandal. Det har ikkje lukkast å få kjennskap til kven eigaren er, men etter opplysningar vi sit inne med så høyrer båten til ut i øyane.
(Bilete er teke frå Stavset og viser Nes og den aktuelle staden båten har hatt problem)

Les heile

Ivar Svein Mo

24.07.2006

Kvistaddalen var besøkt av mange søndag

Søndag 23.juli hadde mange funne vegen til Kvistaddalen i Bondalen- Sæbø. Familiefolk med unger som ikkje kunne ta turen til fjells, hadde campa på Vasstøylen.
Bilete viser Kvistaddalen frå Tua mot Bondalen.I Bondalen ser vi gardane Stokke og Myrholen med Halsen øverst.Frølandsdalen går på skrå bakom.(Dobbelklikk på bilete for stor størelse)

Les heile

Tor Eirik Trandal

21.07.2006

Aktivitetskalenderen

Eg minner om at aktivitetskalenderen er åpen for alle registrerte brukarar. Alle arrangement som er åpent for allmenheita er slikt vi vil ha inn i denne kalenderen. Bursdagar og liknande er difor ikkje lov å leggje inn, men det seier seg sjølv. Vi vil lage til ei anna ordning for bursdagsbarn etterkvart.

Dei som er ansvarlege for aktivetar som er lista i aktivitetskalenderen kan få rettane til å redigere dei med å ta kontakt med Tor Eirik Trandal. E-post adressa finn du på <a href='?side=kategori&sideid=133'>"kontaktpersonar"</a>

Om det er spørsmål til bruken av aktiviteskalenderen eller andre ting som dokke lurer på ta gjerne kontakt med meg så får vi klarheit i det så fort som mogeleg.

Les heile

Unn Frøland

19.07.2006

Agurknytt: Slåttemennene dansar i Bondalen

No dansar ”Slåttemennene” rundt om på attlegene i Bondalen (og andre stader) etter å ha ete seg store og sterke på grasrøter i heile vår og i forsommar. Det er tid for å sikre etterslekta.
For dei som er særskilt interesserte kan ein lese meir om desse fortryllande skapningane på <a href='http://no.wikipedia.org/wiki/Storstankelbein
' target='_blank'>http://no.wikipedia.org/wiki/Storstankelbein</a>

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

17.07.2006

Portalen og målform

Mange har stilt spørsmål om språk og rettskriving på hjorundfjord.no. Her kjem nokre råd og retningsliner.

Les heile

Knut Hustad

17.07.2006

Flotte hesjar.

For ei tid tilbake vart det her på portalen skreve ein god del om hes og hesjing. Foto av atteleger fulle av hesjar vart etterlyst, men at det var frå Finnmark at biletet skulle kome, var overraskande....

Les heile

Tor Eirik Trandal

16.07.2006

Heidi Hauge og Roy Martin på Trandal

I helga gjekk arrangementet "Køntri på landet" av stabelen på Christian Gaard på Trandal. Artistane som spelte opp til dans var Heidi Hauge, Roy Martin, og GP's Duo beståande av Gunnar "GP" Pedersen og Sigfrid Eiksund. Det vart ei vellukka helg, og både Frank Storeide og Gunnar "GP" Pedersen er strålande fornøgde med dagane.

Les heile

[2 kommentarar]

Ivar Svein Mo

15.07.2006

Landbruket i slutten av 50 åra

I slutten av 50 åra var det optimisme og folk var jordnære og mykje folk trekte mot byen for å busette seg for å finne seg ein leveveg. På gardane vart det mindre med folk som kunne hjelpe til. Ein øyk var vanleg, men det kunne være ynskjeleg med ein til og då var det oksen måtte ut av fjøsen.....

Les heile

Knut Hustad

15.07.2006

Alfred Nobel, dynamitt og Moamartinus.

Rett før det small, snudde han ryggen til, trekte skuldrane så godt han kunne oppunder øyro og bøygde seg lett framover. Det var ikkje kjekt å få for mykje av stoffet ned mellom skjortekragen...(Sjå eigen artikkel v/Ivar Svein Mo om oksen i Martinesgarden. På ingressbiletet ser ein Jørgen Mo og den eldre mannen bak oksen er Rasmus Mo. Fotograf er Ole Mo)



Les heile

Tor Eirik Trandal

14.07.2006

Innlegging av aktivitetar gjenåpna

Det er no mogeleg å leggje inn aktivitetar i aktivitetskalenderen igjen etter at denne funksjonen var nede til vedlikehald nokre dagar. Systemet skal no være oppe å gå igjen som normalt. Vennligst send oss tilbakemeldingar om dokke alikevel finn feil.

Les heile

Enok Kippersund

13.07.2006

Med "Trollfjord" mot nord

27.juni 2006: Nordgåande hurtigrute "Trollfjord" slakkar ned for å leggje til kai i Ålesund. Vil skipet halde seg flytande når vi straks går om bord med alle våre kjempestore forventningar?

Du er velkomen til å lese litt om starten og sjå nokre bilde på:

http://www.hugen.no/reisa/reisa01.htm

Les heile

Perry Bjørke

13.07.2006

Ungdomskampanjen

Kampanjen ROLIG,NÅ / www.rolignaa.no
Kampanjen tar for seg dette:
Alkohol og virkninger-Drikkepress-Risiko-Alkohollangere


Les heile

Knut Hustad

13.07.2006

Dagens turist.

Egbert Murawski,(66) Schwarzwald, Tyskland. Er på Sæbø saman med kona Cristel. Har til no fått ein laks(4,3 kg) og to pjakkar.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

13.07.2006

Milepåle for hjorundfjord.no

For første gong fekk Hjørundfjordportalen, hjorundfjord.no, over hundre treff i løpet av eit døger den 12. juli (104). Det viser at hjorundfjord.no er i ferd med å verte lagt merke til, og det er ikkje noko som gler oss som styrer med portalen meir.

Les heile

[4 kommentarar]

Rune Sæbønes

12.07.2006

Taklo stiller ut på hjorundfjord.no

Nils Taklo stiller ut måleria sine på hjorundfjord.no. Han har ei permanent utstilling under bildegalleriet. 83 bilete ligg inne til no, og alle er til sals.

Les heile

Tor Eirik Trandal

11.07.2006

Gamle uttrykk for vêret

Hjørundfjorden har som kjent eit vêr som kan være lunefullt frå tid til anna, og lite har vel vorte så omdiskutert som akkurat vêret. Derfor har folk gjerne oppretta sine eigne ord og uttrykk for dei forskjellige vêrtypane.

Mange gamle uttrykk har vel allereie gått i gløymeboka for dei aller fleste, men kanskje fins det nokre som enno kan desse orda?

Les heile

Rune Sæbønes

11.07.2006

Meir breiband i Hjørundfjorden

Dei aller fleste stadane langs Hjørundfjorden skal no få breiband med høg kapasitet og høg oppetid.
- Dette er det mange som har venta på, seier administrerande direktør, Ivar Driveklepp til www.smp.no.

Les heile

[4 kommentarar]

Rune Sæbønes

10.07.2006

Rise-modellen på Sagafjord

Modellen av gamle Rise er no plassert på Hotell Sagafjord. Hjørundfjord Kulturvernlag ynskjer at modellen vert sett av flest mogleg, og plasseringa på hotellet er gjort i samråd med Rise-folket.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

10.07.2006

Konsesjon til Urke Kraftverk

NVE gjev Tussa Energi AS løyve til å bygge Urke kraftverk i Urkeelva i Ørsta kommune, Møre og Romsdal. Kraftverket er planlagt som eit elvekraftverk med ein årleg produksjon på om lag 35 GWh som tilsvarar forbruket til 1750 husstandar.

Les heile

Tor Eirik Trandal

10.07.2006

Mine bilete

Vi har no lagt til ein funksjon som heiter "mine bilete". Der kan du ordne opp i bileta dine, og slette dei som ikkje vert brukte.

Les heile

Knut Hustad

09.07.2006

Dagens turist.

Horst Magerkurth,(68), Tyskland(v/Freiburg).
Bur på Hjørundfjord Camping. Har til no fått to laksar, ein på 5,6 og ein på 4,0 kg.

Les heile

[2 kommentarar]

Tor Eirik Trandal

08.07.2006

Treg portal i går

Til dei som opplevde ein særs treg og ustabil Hjørundfjordportal i går har eg fått svar på ein mail eg sendte til vår leverandør av heimesideområde. Feilen skuldast ein kunde som køyrde særs tunge database-operasjonar i lang tid, og at han på denne måten overbelasta serveren vår.

Denne brukaren er flytta til ein anna server og Hjørundfjordportalen er oppe og går som normalt igjen i dag.

Les heile

Rune Sæbønes

08.07.2006

Stans på Trandal

"Stans på Trandal, slik som folk gjer flest.
Kom til Trandal, og føl deg som vår gjest."
Slik er innleiinga til den nye sommarhiten til Gunnar GP Pedersen. Han er husmusikant på Christian Gaard i juli. Han og gjestene er ikkje i tvil. Det er ingenting som slår Trandal i sommar.

Les heile

[4 kommentarar]

Rune Sæbønes

07.07.2006

Dette veret

Då tidlegare ordførar Sigbjørn Kvistad flytta frå Sæbø til Hamar sa han at det var ein ting som slo han: "På Hamar er det ingen som snakkar om veret". Kanskje ikkje så rart. Hovudteorien må jo vere at dess meir veret skiftar, dess meir snakkar vi om det. I så måte er Hjørundfjorden ein plass vi snakkar om veret. Ofte.

Les heile

Rune Sæbønes

06.07.2006

Badeliv på Sæbø

Det vert bada på Sæbø og i Hjørundfjorden elles. Varmen siste daga har lokka mange ut i fjorden. På Sæbø-kaia var fire spreke jenter i aktivitet torsdag.

Les heile

Knut Hustad

06.07.2006

Dagens turist.

Elias Sætre(64) Sykkylven. Eigar den 23 meter lange taubåten TB "Rond". Bur mesteparten av sommaren ombord i båten saman med Eva Haugen.

Les heile

Tor Eirik Trandal

06.07.2006

Positiv til turistferje på Hjørundfjorden

Formannskapet stiller seg positiv til søknaden frå ferjeselskapet 62 grader Nord om å opprette ei ferjerute på strekninga Solavågen - Leknes. Selskapet har søkt om konsesjon på å trafikkere ruta, og søknaden er ute på høyring. Det er fylkestinget som skal gje konsesjonen.

Les heile

Tor Eirik Trandal

06.07.2006

Jubilantar og Norden-folk i Hjørundfjord Kyrkje

Gudstenesta i kyrkja på Sæbø den 2.juli vart ei festgudsteneste, ein preikesundag me neppe vil gløyme. Opning med festleg prosesjon - Kyrkja sine liturgiske representantar saman med konfirmantjubilantane og bunadskledde nyckelharpespelande representantar for Foreningen Norden.

Les heile

Tor Eirik Trandal

06.07.2006

Tussa byggjer ut 24 breidbandssoner på Sunnmøre

Tussa byggjer ut 24 trådlause breidbandssoner på Sunnmøre. Det vil i første omgang bli bygt ut 16 trådlause soner for å dekkje ferjekaier, og 8 trådlause soner for å dekkje sentrumsområda i regionen. Tilbodet gjer at dei som har breidband frå Tussa, no også kan få tilgong til breidband via bærbar PC, enten dei ventar på ferja eller dei har behov for å kople seg opp når dei er i sentrum. Utbygginga går for fullt i desse dagar, og alle sonene vil vere ferdig utbygde i rundt månadsskiftet august/september.

Les heile

Tor Eirik Trandal

06.07.2006

Aktivitetskalender

Hjørundfjordportalen har no fått på plass ein flunkande ny aktivitetskalender som folk no kan benytte seg av. Håper denne vert flittig brukt framover. Alle registrerte medlemmar har høve til å leggje inn aktivitetar i aktivitetskalenderen.

Les heile

Rune Sæbønes

05.07.2006

Sunnmørsposten på tokt

- Kva er dette for sjømannskap? Spør ein morsk Ola Sæbønes.
- Kva er det for noko? Undrar Sunnmørsposten sine fjordfarande, Svein Aam og Knut Arne Årset.
- Leggje til i hamna med fulle segl. Det går ikkje an! Seier Ola.
Onsdag sigla Sunnmørsposten sitt reportasjeteam inn i hamna på Sæbøneset for ein rast. Då hadde dei reist frå Trandal, og Skår var neste stopp.

Les heile

[1 kommentar]

Kjell-Johan Aarseth

05.07.2006

Meir om hesjing. Attende til 1979

Såg at nabo-Knut ned på Haua etterlyste gamle bilete om hesjing, og måtte bla i albumet tilbake til 1979. No er kanskje ikkje det for gamle dagar å rekne for dei fleste godt vaksne bondalingar, men sjølv var eg ein ungfole på 6 år.

Les heile

[4 kommentarar]

Ivar Svein Mo

04.07.2006

Endeleg ein med god tid

Traff på denne karen i dag, og her var allverdens med tid så eg ba son min Sondre(10), å springe etter kameraet. Vi tok dette bilete, men gløymde å legge ved noko som kunne dokumentere størelsen. Snegelhuset hadde ein diameter på ca.15-20 mm og heile snegelen var under gange ca.30-35mm lang.Det er sikkert nokon av Hjørundfjordportalens lesarar som kan fortelje meir om denne karen.

Les heile

[1 kommentar]

Tor Eirik Trandal

03.07.2006

Hjørundfjorden på langs i færing

Sunnmørsposten sin maritime sommarredaksjon Svein Aam og Knut Arne Aarset er i desse dagar i ferd med å ro Hjørundfjorden på langs i bjørkedalsfæringen "Jakob Røv". Båten er utstyrt med eit såkalla "gaffelsegl", og planen er å få prøvd dette i løpet av turen frå Festøy til Bjørke.

Les heile

Rune Sæbønes

03.07.2006

Tour de Hjørundfjord?

Årets Tour de France er i gang. Dette sykkelløpet er faktisk verdas tredje største idrettsarrangement, og ein folkefest dei fleste knapt anar dimensjonane av. I år syklar syklistane også innom Tyskland, Spania, Nederland og Belgia. Det er då den ville ideen kjem. Kan eit slikt arrangement ha ein etappe i Hjørundfjorden? Det er faktisk mogleg.

Les heile

Knut Hustad

02.07.2006

Tid for gifting!

No ynskjer sikkert dei fleste bruder å ha ein brudebukett av flotte "kjøpeblomar", men til å pynte med...

Les heile

Rune Sæbønes

01.07.2006

Altmulegmannen

- Hei Oddvar. Har du brukt fløyta i det siste.
- Ja, men det er ein surklete lyd.
- He he. Det er ikkje rart. Inni her er det jo berre ein einaste rusthaug.
Bernt Arve Hustad skrattar godt på taket av M/S Hjørundfjord. Eigentleg vil ein verte overraska når ein ser folk på toppen av eit båttak. Men ikkje Bernt Arve. Han er altmulegmann.

Les heile

Rune Sæbønes

01.07.2006

M/S Hjørundfjord godt i gang

Laurdag var det tre månader sidan M/S Hjørundfjord kom i drift som samfunnsbåt for Hjørundfjorden. Reiar og skipper Oddvar Olsen er godt nøgd med starten. Laurdag fekk han også ei påskjøning frå grendelaga i fjorden og Hjørundfjord bygdemobilisering.

Les heile

Rune Sæbønes

01.07.2006

Nordic Sky i rute

Nordic Sky er i rute. Laurdag starta den daglege båtruta mellom Ålesund og Hjørundfjorden. Ni passasjerar var med frå Ålesund den første turen. To gjekk om bord på Sæbø, og tre personar vart med båten frå Øye til Ålesund. På Sæbø tok Hilde Muren frå Sæbø grendelag i mot. Ho helsa Nordic Sky velkomen til fjorden på vegner av alle grendelaga.

Les heile

Statistikk

1073 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 14 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

855 besøk idag.

4428 besøk - 06.05.2018
2941959 besøk og 24533723 visningar totalt