Hjørundfjordportalen » Lokalt » Alle artiklar

Artiklar

June 2006

Ivar Svein Mo

29.06.2006

Det skjer mykje på Kvistad

Midt under slåtten tirsdag 27.6 kom ei stor kran til Kvistad og me lurte fælt på kva den skulle her. Ho vart stasjonert i Bakketunet med Stig,og det var vel ikkje uventa for der føregjeng det ei omfattande vøling av huset.

Les heile

[3 kommentarar]

Gerd Sofie Langvatn

29.06.2006

Jonsokfeiringa på Lekneset

Vi er ein meir eller mindre trufast gjeng som feirer Jonsok på Lekneset. I år var det også såpass lite vind at vi fekk tendt på bålet!

Ingebjørg og Oddlaug laga til rømmegrauten, Olga stilte med boller.

Nokre fiska litt, elles grilla vi og kosa oss.

Les heile

[2 kommentarar]

Rune Sæbønes

28.06.2006

Nordic Sky klar for Hjørundfjorden

Laurdag startar CruiceService i Langevåg med den etterlengta og daglege båtruta Ålesund – Hjørundfjorden. Akkurat i tide vart båten som skal trafikkere sambandet ferdig. Tysdag ved midnatt vart ”Nordic Sky” levert reiarlaget, og onsdag var båten på jomfrutur i Hjørundfjorden.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

28.06.2006

Albatros vitja Hjørundfjorden

Onsdag ettermiddag sigla turistskipet Albatros inn Hjørundfjorden. Vitjinga er eit av atten anløp i Norangsfjorden denne sesongen. Albatros er registrert på Bahamas. Han er 185 meter lang, og har ei breidd på 28,388 meter.

Les heile

[3 kommentarar]

Tor Eirik Trandal

28.06.2006

Bygdefolket.. kom med tekst til "Folk og bygd"

Eg masar nok ein gong... Vi manglar mykje tekst og bilete frå bygdene i Hjørundfjorden og einkvan må kome med nokre innspel her. Vi kan ikkje la besøkande på portalen tru at her berre er 2-3 bygder i fjorden vår. Enok Kippersund har teke seg av ein del på Bjørke og omegn, og eg sjølv har skrive litt om heimbygda mi, Trandal.

Dette er alt for lite!

Derfor ber eg om at dei som kjem frå dei respektive bygdene skriv nokre ord og sender dei til meg på mi e-post adresse (Den finn du under "kontaktpersonar" her på hovudsida)

Les heile

Knut Hustad

28.06.2006

Fagarbeider med langorv.

I dag har eg sett traktorar med ulike skåttereiskap i aksjon - gjerne store traktorar med stor kapasitet. Det som likevel har gjort mest inntrykk, er ein mann som har brukt langorv.

Les heile

[8 kommentarar]

Rune Sæbønes

26.06.2006

Sæbø vann siste kampen før ferien

Sæbø tok ein enkel 3-0-siger over Moltustranda i den siste seriekampen før ferien. På Sæbø stadion var Sæbø aldri truga av gjestene, sjølv om det første målet ikkje kom før det var gått 45 minutt.

Les heile

Hilde Muren

24.06.2006

Jonsokfeiring på Kapteinskvia - Hilde

Det vart ei triveleg jonsokfeiring på Kapteinskiva i år som andre år. Ein stor dugnadsinnsats sørga for at bålet som brant opp under Hjørundfjorddagane vart bygd opp att, og ga varme til langt over midnatt.

Arrangementet starta først med Lurvetog gjennom Sæbø, og vart ført vidare med grilling og samvere på Kvia. Nokre av dei yngre våga å prøve badetemperaturen medan den eldre garde søkte stadig nærmare varmen frå bålet .......

For fleire bilde, sjå www.sabogrendalag.blogspot.com

Les heile

Ivar Svein Mo

22.06.2006

Jonsokkveld på Stavset 23.6.2006

Geitabonden ved Hjørundfjorden

Legg Jonsokkvelden til Stavset. Der får du oppleve gamalt kulturlandskap og historia om garden der geitene hjelper til med å halde landskapet i hevd. Det vert servert ”geit i kål”, smaksprøver av kornøl og mjød – og anna drikke til.
Jonsokbål, musikk og dans ved stranda.

Båt frå Bjørke kl. 16.45 via Viddal til Leknes 17.05
Frå Sæbø 17.15 med buss frå Standal til Stavet.
Også buss (idrettslagsbussen) frå Sæbø kl.16.45 til Stavset.
Retur frå Stavset kl. 23.00

Billettar: Båt Bjørke/Viddal kr. 100 t/r
Båt/buss Sæbø/Leknes kr. 60,- t/r
Kulturkvelden alt inkl. (ikkje mat og drikke) kr 180 (kr 150 stud/pensjon.)

Arrangør: Hjørundfjord kulturvernlag i samarbeid med Dei Nynorske Festspela

Les heile

Fred Ingar Somby

21.06.2006

Dalegubben - 1344m

Det sies at Dalegubben gir den beste utsikten over Hjørundfjorden. Når nedkjøringen i tillegg ser ut som klippet ut av et eventyr, er toppen et naturlig valg en solskinnsdag...

Les heile

Tor Eirik Trandal

20.06.2006

Ein betre portal? og diskusjonsforum...

Vi som driv og lagar til Hjørundfjordportalen er veldig interesserte i kva dokke heime tenkjer. Kva vil dokke ha meir av, og korleis kan Hjørundfjordportalen verte meir interessant?

Les heile

Rune Sæbønes

19.06.2006

Tok pappa-perm, sikra Sæbø-siger

Sverre Børge Hjorthaug vart far fredag. Då fekk han og sambuaren Elisabet ein son, den førstefødde. Måndag kveld tok han seg fri, og var med på å sikre Sæbø siger i toppkampen mot Tjørvåg på Sæbø stadion. Hjorthaug skåra og storspelte i forsvar.

Les heile

[2 kommentarar]

Rune Sæbønes

18.06.2006

Også Joker har søndagsope

Frå og med i dag (18. juni) har også Joker Sæbø søndagsope.Forretninga nyttar seg av denne mulegheita etter at Fylkesmannen i Møre og Romsdal har definert Sæbø og Urke som typiske turiststader.

Les heile

Knut Hustad

18.06.2006

Kyrkjegardsgjerdet vert måla

For ca. eitt år sidan vart det sett opp nytt gjerde rundt den nyaste delen av kyrkjegarden til Hjørundfjord kyrkje på Sæbø. I dag starta dugnadsarbeidet med å få gjerdet måla.

Les heile

[4 kommentarar]

Unn Frøland

15.06.2006

Plattingdans

" Sjuande far i huset" spelar til dans i Bondalsparken på laurdag. Me håper vergudane er med oss og at mange tek turen. BFUL arrangerer

Les heile

[3 kommentarar]

Tor Eirik Trandal

15.06.2006

Bilete til årsskriftet

Dette er ein fin møteplass for å skaffe bilete til årsskriftet "Frå Hjørundfjord". Dette året er eg særskilt interessert i bilete tekne i 1906 (for hundreår sidan) og frå 1956 (altså for 50 år sidan). Bileta frå 1956 må vere spesielle, tekne på spesielle dagar, av spesielle hendingar, ev. skulebilete. Dette året er det også andre næringar som er tema for årsskriftet, så har du bilete frå verkstadar, smier, handverkarari arbeid osv. så kan desse bileta vere av interesse.

Jarle Walseth

Les heile

Tor Eirik Trandal

15.06.2006

420 Kv kraftlina

Mange har sterke meiningar om hovudkraftlina som er tenkt bygd gjennom Ørsta kommune og dei flotte naturområda våre. Merkeleg er det då at det ikkje har vore nemnt her på Hjørundfjordportalen. Eg vil med dette opne for debatt angåande denne omdiskuterte kraftlina som kan få store konsekvensar for naturen og miljøet vårt.

Les heile

[3 kommentarar]

Tor Eirik Trandal

15.06.2006

Fotograferte Hjørundfjorden

Den kjende fotografen Terje Rakke var søndagskvelden 11.juni og mandag 12.juni i Hjørundfjorden og fotograferte. Han driv fotofirmaet Nordig Life og har i ei årrekkje hatt oppdrag frå Fjord Norge AS. Svært mange av bileta hans vert brukte i publikasjonar frå både Fjord Norge AS og Innovasjon Norge retta mot individuelle og turoperatørar på verdsbasis.

Les heile

Knut Hustad

13.06.2006

Attlegg og dynamitt

I dag har eg sått attlegget. Moderne reiskap er brukt, men er det plukka nok stein? Og er eit nysått attlegg god nok grunn til ei aldri så lita feiring?

Les heile

[5 kommentarar]

Rune Sæbønes

12.06.2006

Sæbø tapte toppkampen

Sæbø tapte måndag 2-3 for Bergsøy2 i toppkampen i 6.div avdeling 2. Sæbø henta opp 0-2 til 2-2, men kom eitt mål bak igjen. Trass i store sjansar det siste kvarteret, vart det tap.

Les heile

Rune Sæbønes

11.06.2006

3000 så langt

Kring 3.000 personar har vore innom Hjørundfjorddagane så langt. Det stadfestar Øystein Haugen og Eldbjørg Tvergrov i arrangementsnemnda.

Les heile

Rune Sæbønes

11.06.2006

Grusbana er full

- Grusbana er snart full med bilar. Det er eit teikn på godt besøk, seier Bernt Arve Hustad. Han har sine faste kjennemerke for vitjinga under Hjørundjforddagane.

Les heile

Rune Sæbønes

11.06.2006

Minivassendgutane starta søndag

Vassendgutane kom ikkje til Hjørundfjorddagane i år, men kva gjer vel det når Minivassendgutane kom. Søndag starta showet med ein minikonsert med Minivassendgutane og gruppa Spawn frå Ørsta.

Les heile

Rune Sæbønes

10.06.2006

Fotball på storskjerm

Kl. 18.00 er det klart for VM-kamp på storskjerm i teltet. Rune Mo og Alf Mo monterer no storskjermen, og det er kampen Sverige - Trinidad og Tobago som skal visast.

Les heile

Rune Sæbønes

10.06.2006

Varmare enn San Fransisco

- Dette er varmare enn San Fransisco, seier bassist Arne Moe i Woodleg Odds. Han og bandet skal på scena kl. 16.00. Dei var nyleg i USA og framførte sitt nye repertoar i California. No er det Sæbø og Hjørundfjorddagane som står for tur.

Les heile

Rune Sæbønes

10.06.2006

Manglar vakter

Nemnda for Hjørundfjorddagane fortvilar. Det viser seg at fleire vakter ikkje møter. - Vi aksepterer at folk ikkje kan møte, men folk må seie i frå. Alle dei som møter gjer ein kjempeinnsats, og det er å leggje ei ekstra byrde på dei når folk ikkje møter, seier leiar Eldbjørg Tvergrov i Sæbø IL.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

10.06.2006

Tromma festen i gang

Brattvåg Trommekorps tromma folkefesten Hjørundfjorddagane i gang no kl. 14.00. Med heftige rytmer vart det skapt liv blant publikum med det same. Det var ordførar Hans Olva Myklebust som stod for den offisielle opninga.

Les heile

Tor Eirik Trandal

10.06.2006

Bilete frå Hjørundfjorddagane

Biletgalleriet vert kontinuerleg oppdatert med bilete frå Hjørundfjorddagane under heile arrangementet.

Bileta finn du på denne lenka:
Bilete frå Hjørundfjorddagane

Les heile

Tor Eirik Trandal

08.06.2006

Søkefunksjon for portalen

Vi har no laga til ein søkefunksjon på portalen.

Denne søkefunksjonen finn den på høgresida under innloggingsdelen. I søkeboksa kan du velge enten å søke gjennom "nyhetsarkivet", "artikkelarkivet" eller alle dei andre sidene på portalen. Merk at det er enten eller.. ein får ikkje søke gjennom alle områda samstundes. Finn du ikkje det du leitar etter ein stad kan du prøve ein av dei andre.

Håper dette viser seg å være ein nyttig funksjon som mange vil nytte seg av.

Les heile

Rune Sæbønes

08.06.2006

Borte bra, men heime best?

Hjørundfjorden er perla – det kan vi alle einast om. Men er det likevel slik at det er her vi bør vere heile tida. Nei, for gjennom historia viser det seg at hjørundfjordingane har utferdstrong. Det er det ikkje noko gale med. Å utforske verda gjev impulsar og livsgneist. Under kjem nokre reisetips.

Les heile

Rune Sæbønes

08.06.2006

Ørsta inn i Ålesund & Sunnmøre

Ørsta kommune går inn i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre. Med tjuefire mot seks røyster vedtok kommunestyret tysdag at marknadsføringa av Hjørundfjorden skal skje frå destinasjonsselskapet.

Les heile

Rune Sæbønes

07.06.2006

hjorundfjord.no presenterer seg

Hjørundfjorportalen, eller hjorundfjord.no, har eigen stand på Hjørundfjorddagane til helga. Der vil dei ansvarlege bak portalen vere til stades, og vise kva portalen har å by på. Forhåpentlegvis vil også fleire oppdage dette nye mediumet for Hjørundfjorden, og gjere seg nytte av det.

Les heile

Rune Sæbønes

04.06.2006

God eplehaust i år?

Apalane på Sæbøneset blømer slik dei sjeldan har gjort tidlegare. Viss det er slik i resten av fjorden, kan folk gle seg til ein eplehaust av dei sjeldne.

Les heile

[3 kommentarar]

Rune Sæbønes

03.06.2006

Branntilløp på klubbhuset

Torsdag var det branntilløp på klubbhuset til Sæbø IL. Truleg var det sola som var brannårsaka. Det tok nemleg fyr i ei t-skjorte som låg oppe på glaset til ein lysarkframvisar, og hovudteorien er at sollys har gått gjennom prisma/linsa til prosjektoren, og vorte konsentrert mot t-skjorta.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

01.06.2006

Bortesiger for Sæbø

Sæbø tok torsdag årets første bortesiger. Sæbø vann 1-0 mot Moltustranda på grusbana i Moltustranda. Marius Riise skåra målet, men like viktig for Sæbø var ein oppplagt Martin Liaskar i mål. Han stod som ein levande vegg i Sæbø-målet.

Les heile

Statistikk

1071 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 36 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

943 besøk idag.

4428 besøk - 06.05.2018
2890590 besøk og 24217716 visningar totalt