Standalseidet-haust08 
 Standalseidet-vinter08
 Foto: E.A.Tvergrov  

Standalseidet ligg 260 meter over havet. Nesten oppe ligg Standalssetra som både Standal og også Stavset nytta. Med stor mjølkeproduksjon var det naturleg å starte eige meieri der frå 1895 til 1918. Dei hadde eiga meierske tilsett. I dag er dei fleste av sela bygd om til hytter.

Det er skarp stigning opp Standalsbakkane og dei ga vegfarande store utfordringar heilt fram til 1981 då den ekstremt bratte vegen (250 m høgdeforskjell, med stigning heilt ned på 1 : 3,5) vart erstatta med svingar opp etter lia.

Standalshytta -  Ull

DSCN0681Copy

 Skihytta - Ull (foto www.aast.no)

Skihytta Ull stod ferdig vinteren 1913, oppført ved hjelp av lokale snekkere og et ikkje utebydeleg mengde med dugnadsinnsats. Ull har etter dette vore eit sentralt samlingspunkt for Aalesunds Skiklub.


Dei seier sjølv at utan hytta ville sannsynlegvis vore historie i dag.
Den ligg 380 meter over havet på Standalseidet, like ved Kolåstind og Sætretindane.


ÅST har inngått bruksavtale med Aalesunds Skiklub for ubetjent avdeling med 10 senger.

Standalhytta var tidleg i århundret det heilt store turmålet for skiglade ålesundarar, som på søndagane kom til Store Standal med båt direkte fra byen.

 

 

 

 

Kolåstinden

utsikt-standal-ktind-tnydal
IMG_0043-torill-nydal-ktind
 Fotos: Torill Nydal - www.follestaddalen.net

 

Det er mange spennende turvegar ut frå Standalshytta. Den mest kjente er opp til Kolåstinden, 1.432 meter. Ruta går opp Kvanndalen mot nord fra hytta. Vær merksom på bregleppe som åpnar seg seint i skisesongen. Det er makelaus utsikt frå toppen.

Storbreen under Kolåstind er rasfarlig. Om sommaren må turen til topps på grunn av bresprekker gjennomførast med tau, isøks og stegjern.

 

Utbygging
Oppe på Standaleidet foregår det pr. 2008 ei storstilt utbygging av hyttefelt - både som nøkkelferdige hytter og sjølveigartomter.

 


Aktuelle lenker: