Festøykollen-EATvergrov

 

Kart-ikonFestøy er strengt tatt ikkje del av Hjørundfjorden, men gamle Vartdal kommune. Festøy er ein gammal plass, minst frå vikingtida og då eit sentralt kommunikasjonspunkt. Herfrå sende dei "vetesignal" (sjå Festøykollen). 

Festøy er slett ikkje ei øy, slik namnet kan indikere. Nei, namnet kjem frå at dette var staden ein fekk i land bufeet til sommarbeite i fjordane (fe-stød).

I dag er Festøy først og fremst ein ferjestad. Her kan du krysse til enten Solavåg (E39 til Ålesund) eller til Hundeidvik (mot Sykkylven). Reisa over mp du ta på øvste dekk. Då ser du Hjørundfjorden i heile si lengde og enda vidare - heilt sør til Hornindalsrokken i Sogn og Fjordane.

Skal du inn langs fjorden er det nettopp her du tek av frå E39 innover fylkesveg 65. Du passerer matfiskanlegget (torsk) til Atlantic Cod Farms. Verksemda med matfisk vert leia frå Festøy, medan yngelproduksjonen pr. 2008 skjer på Fosen i Rissa kommune

I industribygget rett innanfor anlegget held Bacalao-fabrikken AS til.  (klippfisk vert utvatna, miksa med ingrediensane potet, tomatpuré ++ og vips så har du bacalao).

Festøykollen (ca. 900 m.o.hh.) over Festøy ser du lett frå frå sjøenå veg over med ferja. I Barstadvika seier dei Romestrandhornet om toppen. På "Strendene" i I Hjørundfjorden seier vi Grøtvarden.
Den tida Hjørundfjorden skulle stå for eit vikingskip i krig (leidangtida) var Grøtvarden en stad varden skulle tennast. Dette er eit lett turmål, opp frå Skarbødalen, opp fra Brattheim eller frå Vollane i Barstadvik.


Vindsneset er neset du runder rund svingen etter Festøya. Namnet kjem av å vende- å snu:  Der landet snur og Hjørundfjorden opnar seg.

 

 



Oksen
Oksen nederst i Oksura er grensa mellom kommunane Hjørundfjorden og Vartdal før i tida. Steinen ser ut som ein "burande" okse sett frå sjøen.

Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!