Hjørundfjordportalen » Natur » Natur
|
|
Natur
Hjørundfjorden har ein storslått natur. Her vekst dei villig, fleire artar som rett og slett ikkje skulle vore så langt nord i Europa. I lia kan du sjå hjorten. Gaupa har vore i fullt sprang over hyttetaket, jaga av huskatten. Ørna seglar over oss. Kvasse tindar, taggar, sylar og tårn reiser seg rundt heile Hjørundfjorden. Dette er nunatakker, fjell som stakk opp gjennom isbreen i istida. Frost og is har sprengt i mange tusen år på desse toppane. Dermed har de vorte så sterkt forvitra og har fått slike underlege former, sprengt av nedbrytningskreftene. Me kjenner dei som Sunnmørsalpane. Kven kom fyrst opp? Frå 1886 vart det opna sommarrute med dambåt Hellesylt, Geiranger, Ørskog til Hjørundfjord. Fram til då hadde det vore ein strabasiøs tur å kome hit. No kunne turismen settast i system. Engelskmenn kom tidleg hit saman med nordmenn og andre som hadde betre tid og råd til å sjå seg om enn dei som budde her. Det var desse som fyrst gjekk inn for å oppdage Sunnmørsfjella og som insiterte på å kome seg heilt til topps. Me som bur her, gjekk nok kanskje opp tilfeldigvis, eller vi var med dei som kom hit som kjentmenn. Å ta seg systematisk opp til fjellttoppane fordi ein hadde tid og synest det var morosamt - det låg ikkje for oss som budde her. Men vi har teke det igjen siste åra, får ein vel seie...
Oppretta 12.11.2007 00:55 av Tor Eirik Trandal.
Endra av 18.03.2008 22:53 Eli Anne Tvergrov. |
Aktivitetskalender
30.juli
(Sæbø)
(Hjørundfjord kyrkje)
31.juli
(Sæbø)
(Grasbana)
1.aug.
(Sæbø)
(Hjørundfjord kyrkje)
2.aug.
(Stokkehornet)
3.aug.
(Bakkedalen)
(Hjørundfjord kyrkje)
4.aug.
(Ytre-Standal)
(Sagafjord Hotell)
5.aug.
(Bjørke)
6.aug.
(Hjørundfjord kyrkje)
7.aug.
(Grendahuset)
9.aug.
(Vasstøylen/kvamsedalsreset)
10.aug.
(Hjørundfjord kyrkje)
11.aug.
(Sagafjord Hotell)
|
||
|
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal |
||||
736 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 15 gjestar
Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 160 stk - 02.04.2008
142 besøk idag.
1580 besøk - 08.05.2008
907425 besøk og 9094202 visningar totalt