lekneset

Vis Leknes på kartet

Leknes er eit markert nes i fjorden og ein naturleg stad for vete (signal). Ein slik var plassert vest på Leknesnakken. Her opp ligg også hengedalen Leknesdalen på 300 m.h.t. Den var sætredal med eitt sel før i tida. Den lettbeinte kurasa gråkolle tok seg lett frem oppe i dette terrenget.

Leknes var mest sannsynleg den fyrste bufaste staden i Hjørundfjorden. Her har dei gjort fleire fornfunn i form av pilspisser og steinøkser. Det er også ei bronsealderrøys her. Leknes var lenge eigd av adel og prestar i ei endelaus rekkje av eierskifte etter både konkursar og tidlege dødsfall. Dei som leigde jorda måtte fylgje godt med for å vete kven dei skulle stå ansvarlege for.

Staden er solrikt sjølv om sola er vekk 6-7 veke på vinteren. Eit bevis på mykje varme er den einaste viltvaksande eika i Hjørundfjorden som ligg på sørsida av Leknesnakken.

Leknes har hatt god tradisjon for å halde gråkolle, men også geita har hatt mykje å seie her. Dei dreiv også godt fiske blant anna etter laks.


Sogelagsbøker

Kilde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal
som vert anbefalt på det varmaste!
Kom gjerne med supplement - skribenten er usikker på ferske fakta!