x-stavset-eatvergrov

x-Kart-ikonStavset har på dialekt uttale med f-lyd. Navnet kan komme av bratt fjellvegg (fjellstav) men opprinnelsen er uklar. Det er to gardsbruk som høyrer til under Stavset, og busettinga kan sporast tilbake til vikingtida.

Stavset hadde ikkje eiga seter og dette baud på vanskar. Ved å gå rettens veg fekk dei i 1877 setrerett på Standalssetra frå og med 14. juli kvart år. Eit år prøvde bøndene på Stavset seg nokre dagar tidlegare. Då vart dei møtte med "staur og stenger". Det var ikkje anna råd enn å gjere vendereis med dyra på den veglause strekninga over svaberg og gjøl, ut i sjøen i båt og på land igjen tilbake til Stavset.


Tunet Stavset er rasutsett. Det er ikke tilfeldig kvar husa står. Likevel i 1942 small ei fonn rett i husveggen på Oppigarden. Tømmeret heldt, men midtpartiet med kjøken og gang gjekk fonna rett gjennom. Dette hendte midt på dagen og på kjøkkenet satt kona i huset. Naboguten kom til og fikk berga ho uskada opp og ut fra snøen.

Huset vart stelt på etter beste evne, men i 1950 kom nytt hus i betong. Dette har seinare vorte utbedra med ekstra rassikring i form av tilbygg bakover som skal stå i mot - om snøras kjem.

Stavsetfluda leverte godt med fisk og her var også et lakseverp berre 100 meter innanfor tunet. Dette har bonden i Oppigarden fortsatt i årleg drift i form av kilenot.

Leveveg i dag er knytta til geita, turisme kombinert med inntekt utenfor gården.

Stavset utleigehytte

Eigne nettsider  til hytteutleige på Stavset

www.stavsetfjordhytte.no

 



Samband Ytre-Standal og Stavset

x-veg-standal-EAtvergrovDei farlege hamrane mellom Ytre-Standal og Stavset gjorde sitt til at det ikkje kom god sti utover før sist på 1920-tallet.

I 1938-39 kom det køyreveg og det var gardbrukarane frå Ytre-Standal og Stavset som bygde. Den 8 år gamle Bjørg Stavset mistet livet under bygginga.
Ho skulle bære middagsmat til faren sin, men ramla utfor hamrane. Fyrst rundt 1950-talet vart det bilveg mellom dei to grendene vidare innover til Store-Standal.
Foto t.h. av Peder Årsnes og ein kamerat på den nye vegen mellom Ytre Standal og Stavset.  

 



Stavset internatskole

 stavsetskulen-elevar  

x-stavsetskile-kammers-EaTvergrov

 Her er elevane med lærar og
husfar og husmor siste året
skulen var i drift - 1948.
 På biletet sit Eldbjørg Standal Tvergrov med det 7 år gamle barnebarnet sit. Dei er på den vesle kvisten innanfor rommet der husmora hadde sitt soverom. Dette var Eldbjørg si seng, det året ho starta på skulen i 1948. Då var ho 7 år gamal.
Medelevane var 13 og 14 år gamle. Eldbjørg budde heimafrå Ytre-Standal frå måndag til laurdag ettermiddag. Elevene gjekk på skule annakvar veke. Heimlengselen var så stor at sjuåringen meir enn ein gong gjekk heim til Ytre-Standal aleine, så sant kjerrevegen var trygg for ras og veret var god

3. juli 1914 vart skulen på Stavset skipa. Dette vart ein internatskole med lærarbustad og rom for ei husmor i same bygning.

Huset ligg sør på Stavset (kvit bygning) i nokså bratt terreng. Skulen var internatskule i 35 år og var i drift fram til 1965.

Sjå også

Grendalagsidene til Stavset og Ytre-Standal grendelag på  www.stavset-ytrestandal.no


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!


Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!