x_saltre1_ea_tvergrov_jpg

 

Kart-ikon

Saltre har uklart opphav. Dette var opprinneleg ein gard. Men den har vore delt i to bruk. Tidlegare var den å rekne som eit bygdesenter for Hjørundfjordstranda med Post, Telefon, skule og fast anløp av rutebåt.

På Saltre er mest sannsynleg ein mellomaldergard eller frå vikingtid.  "Saltrefluda" ligg utanfor garden og dette var før nye tider med oppdrettsanlegg ein av dei beste fiskeplassane i fjorden. Innover mot Sagelva gjorde dei det godt ei tid med laksefiske.

Saltre har eigen setredal. Her var det seter og sel saman med Klubbeneset. Desse var i bruk kvar sommar fram til midten av 1900 talet. 

Saltre har for øvrig den kortaste ruta opp til Jønshornet.

Garden skal vere rimeleg trygg for snøras. Elva derimot kan vere "ruskete". I sterkt regnver kan den demme seg opp og kome med jord og stein. For eksempel i 1953 i eit voldsomt regnver. Endå seinare kom ho med ein stein på 4 meters lengde gjennom bruopninga.

Folket på Saltre fortel at sola er vekk frå 25. november til 20. januar. 

I dag er det fast busetnad på eine garden. Den er pr. 2008 i full drift med geitehald. 

Heilt opp i fjøresteinane har Marine Harvest Norway AS avd. Vartdal sjøbasert oppdrett av laks. Lokaliteten heiter Sagelva

 


 

x_saltretunet1_eatvergrov

Saltre skule 

Skulebygninga (kvit bygning øverst) er frå 1909 og låg nesten midt i skulekrinsen på Hjørundfjordstranda  (Årsneset til Brattheim). Skulen var i drift til vegen kom rundt 1965.

Under krigen var Saltre skule innkvartering for fyrst 10polske krigsfangar som hogg ved på Brattheim hausten 1943. Dei hadde eit nesten avslappa forhold til sine fangevoktarar undervegs i opphaldet. På vedhogsten vart fangane passa på av væpna tyske vaktarar. Ein av tyskerane hadde ei vond (skada?) skulder. Derfor tok han ikkje alltid med det tunge geværet. Ein dag såg dei den tyske inspeksjonsbåten kome stevnande mot dei. Ein av polakkane sprang då fleire kilometer i ulendt terreng inn att til skulen, henta geværet til soldaten, og kom ut at med dette til soladen og dei andre før båten kom. 

På ettervinteren 1945 kom 59 russiske krigsfanger (frå ein leir Ålesund). Dei måtte vere ved skolen under langt tøffare tilhøve heilt til etter at krigen var slutt. Det var både trangt og vanskeleg, og dei vart strengt vakta.

Då freden kom reiste dei tyske vaktene på fyrste båt, fangane vart verande. Bygdefolket måtte hjelpe med mat og klede, og frå andre bygder kom det og hjelpesendingar. Dei budde ei stund rundt om på gardane og hjelpte til i våronna som takk. (Hjørundfjord nr. 7).


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!