strandabøen-naert

x-Kart-ikon

Strandabøen tyder garden ved stranda.

Treslag som er glade i varme som alm og hassel har det ekstra fint her på solsida av Hjørundfjorden.

Strandabøen nytta sjøen godt med fiske, hausta mykje hasselneter og smidde tønneband. Ålesund etterspurde bjørkaveden, og Strandabø kunne levere. Garden har i periodar vore blant dei meste velståande langs fjorden.

Rundt 1840 og framover var handel og frakt viktigaste inntektsgrunnlaget. Fleire slektsledd hadde skuter og dreiv inntektsbringande handel til Trondheim og langs kysten. På garden vart det bygd eigne jekter (frakteskip). Frå sjøbua på Strandabøen gjekk handelen livleg.


Gardbrukarane

Kring 1. verdskrig rusta Hans Ananiasson Strandabø ut den innkjøpte frakteskuta Seabird til sildefiske ved Island. Han skaffa til veges not og utstyr, men det vart bomtur. Banken og andre långivarar banka på døra, og garden vart seld på tvangsauksjon. \Ole Viddal kjøpte garden på auksjonen i 1922. Han sette i gong eit omfattende arbeid med å restaurere og fekk opp nybygg. Blant anna naust og ysteri. Dottera Karoline (Kalla) og svigerson Paul Viddal (tilsett i MRF) kom under tvil til Strandabøen og overtok i 1923. Det vart bygd kraftverk, elektrisk dreve ysteri, elektrisk vinsj for stein- og gjødselfrakting og rundt 1930 også eit gartneri. Gartneridrifta gjekk godt. Dei reiste til torgs i Ålesund to gonger i veka. For å vere på torget i tide, var dei i gong alt frå 5-tida på morgonen.

Dottera Synnøve Viddal og mannen Ragnvald Brattheim overtok i 1939. Han satsa på fiske og laksenot. Men hausten 1945 tok dei eit val og flytta over frå Strandabøen til Store-Standal. Det vart for einsamt og vanskeleg på den veglause garden. Då dreiv gamle Kalla garden ei tid saman med sonen Syvert i to år. Etter 1947 var det berre sommardrift der til 1960. Då kjøpte Vestlandske Kraftsamband garden for kroner 20.000.


Kulturminnet Strandabøen
Det kvite våningshuset på Strandabøen var det fyrste i Hjørundfjorden med ark. Berre det at det var kvitt vitna om velstand. Dei som segla inn fjorden la gjerne om kursen slik at dei kunne kike på Strandabølåna.  Dette var også fyrste huset i fjorden med vassklosset og bad (1926).

Dei tidlegare eigarane vart nok skuffa utover på 1960-talet, då dei såg at dei nye eigarane ikkje held bygningane ved like.

I 1979 tok Storfjordens vener og Hjørundfjord sogelag initiativ til å gjere noe for å vedlikehaldet. Då vart både sjøbuda og løa reve og taket på dei andre husa var forsøkt tetta. Nokre utbedringer har vore gjennomførte sidan av flere.


 

Von om endring
I dag er det Tussa Kraft som eig Strandabøen. Fjordfolket har store voner til dei utbetringane som dette selskapet ser ut til å prioritere på Strandabøen.

Strandabøen - eit særs viktig kulturminne i ytre del av fjorden!


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!