stranda2
Stranda

 
Strekninga frå Brattheim heilt ute til Årsneset har navnet Hjørundfjordstranda, i daglegtale "Stranda".

Vidare i fylgjer grendene Ytre-Standal, Stavset og Store-Standal - som dermed ikkje høyrer til Hjørundfjordstranda. 

Dei fleste av gardane er frå middelalderen/vikingtid, men truleg har blant anna Store-Standal hatt busetting som er langt eldre.

Det er gardsbruk her som no er vekk, eller dei har vore flytta innan eigendomsgrensene gong på gong for å unngå steinras eller snøras. Likevel, her ville dei bu - og dei ga ikkje opp sjølv om naturen viste krefter. Her måtte dei streve for føda, og ofte vere smarte for å få ei ekstra inntekt.
- Men "armod" - fattigdom - var her ikkje, fortel blant anna Kari Årsnes som vaks opp på Stigane.

Gardane var tungdrevne og dei ligg enno stort sett vanskeleg og brattlendt til. Dette fekk dei før fråtrekk for i skattlegginga. Samstundes fekk dei tillegg fordi dei hadde godt med gras, gode beite, godt fiske og lakseverp. I dag kan nettopp tomteareal og avgrensa trygge områder vere av dei utfordringane ein møter overfor eksempelvis moderne EU-pålegg om byggeavstand til veg og anna...

Kommunikasjon
Kommunikasjonsforholda i Hjørundfjorden har vore vanskelege. Dette har i særleg grad dei ytste gardane i Hjørundfjorden erfaring med.

Store-Standal fekk kjerreveg over til Ørsta alt i 1891, men langs fjorden fantest berre enkle stigar. Dei gjekk ofte høgt oppe i bergsidene, og batt gardane saman så sant det ikkje var rasfare. Slik vart det naturleg å ha to skulekrinsar her (Saltre og Stavset).

Gardane her ute satsa, og skaffa seg god rutebåt. Den kom i 1909 (Primo) med Johan Saltre som kaptein og dei andre gardbrukarane som byttest på med å vere maskinistar. Båten var fyrst og fremst mjølkebåt som gjekk til Sunnmøre Meieri i Ålesund. Men den tok og med passasjerar og varer. Den hadde fleire stoppestader mellom Sæbø og Ålesund. Under krigen hadde for øvrig sonen til kapteinen Sverre Saltre båt som frakta "allskens varer" og også folk på flukt.

Då alle gardbrukarne her ute (etter mange økonomiske "om og men") stilte seg bak med fri grunn og personlige tilskot kom vegen. Arbeidet starta i 1936 rundt Saltre og i 1965 var vegen køyrande frå Årsneset til Festøya slik at skuleborna kunne ta til på skule i Barstadvika.

Pinseafta 1966 var det start for buss- og ferjerute på Hjørundfjorden. Seinare tids rassikring har gjort sitt til at vegen no stort sett er open heile vinteren.

Frå 2006 vart det heilårsveg over til Ørsta fra Store-Standal. Den kan vere stengt på vinterstid og særleg er strekninga Stavset til Store-Standal utsett. 

Levevegane
Hjørundfjordstranda har siste 30 åra vore prega av fråflytting og få av gårdsbruka er i drift. På den andre sida er det opptil fleire som har sterke ynskje om å satse på ein leveveg her og busette seg her.
Pr. 2008 er det flerie som satser, blant anna innen turisme og landbruket.

Dei som bur her har sterke slektsband. Dei som har flytta seg hit og busett seg her, er oftast dei med tilknytning til staden frå tidlegare. Fleire bur her, og enten dagpenlar eller vekependlar til andre stader utanfor fjorden.

Næringsvegane
Næringsvegane er i dag konsentrert rundt geitehald, oppdrett og turisme. Tidlegare var det mange som satsa på pelsdyr - særlig kring 1940 og 1950. Nokre få held fram til 1970-tallet.

Fiske var viktig - på fjorden i form av lakseverp og "utror". Seinare vart det sesongfiske etter sild og torsk ut mot storhavet. I dag er ser ein fleire oppdrettsanlegg på fjorden og settefisk-anlegg på Ytre-Standal. Desse gir arbeidsplasser - men då til dei som pendlar hit kvar dag - gjerne i turnus.

Dei fleste gardane deltok i klippfiskturke-tida rundt 1930 (seinare rundt 1950). Silda vart turka som fór til pelsdyra, med eksport til Austlandet (1940-1950). Elles var det å livnære seg på diverse handverk som attåtnæring. Dette kunne vere alt frå sylvsmedsarbeide, via gruvedrift, båtfrakt og bygningsarbeid til båtbygging.

Skule
Skuleelevane går fyrst ute i Barstadvik på barneskulen, Vartdal på ungdomsskule før dei må flytte når dei er 16 år for vidaregåande skulegong. Dette gjeld også for eventuelle elevar frå Ytre-Standal og Stavset. På Stavset har dei teke valet om å gå inne på Sæbø skule. Akkurat no er det ikkje ein einaste skule-elev på heile strekket.


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!