Hjorundfjorden-oversiktsfoto-solevaagen
Foto frå Solavågen inn Hjørundfjorden     (EATvergrov)
  
Dersom ein stor i Solavågen og ser over Flisfjorden inn mot Hjørundfjorden, kan ein mest tru at landskapet der ikkje gav rom og livd for bufaste folk.
I klårver kan ein sjå den 33 kilometer lange fjorden mest til endes, eit synsfelt som må bite seg fast i nokon kvar. Fjella reiser seg bratte opp frå fjorden og kan liknast med gotiske tårn opp mot himmelrømda, frå Ramoen (Jønshornet) ute ved munningen til Hornindalsrokken som eit slankt spir langt inne i synsranda.
Landskapet kan verke sundkløyvt og sprengt, audsleg og kaldt med bratte flog, hamrar, svad, gjøl og juv. Men lendet er ikkje alltid slik å sjå. I solskin får det eit lokkande fargespel med bråe skiftingar, frå kalde skuggar i forsølte gjøl, til solglitr på blått berg eller snødekt tind.
Det som verkar kaldt i vinterdrakta, kan få milde tonar ein vårda med stavstilt sjø. Det bårar i hugen når Skafonna legg sylvsløret sitt over fjorden.
(Skreve av 90-år gamle Bakke-Knut på Ytre-Standal kring 1970-talet).

Busetting 

Dei fyrste vart bufaste her i steinalderen - mest sannsynleg på Leknes.
Bygdelag:
  • Hundeidvik (fram til 1803 - gjekk då til Sykkylven skipreide)
  • Strendene (Trandal, Strandabø, Molaup, Store,Standal, Stavset, Ytre-Standal og Hjørundfjordstranda (i dagligtale “Stranda”)
  • Sæbø og Bondalen
  • Norangsfjorden (Urke og Øye) og
  • Storfjorden (Bjørke og Skjåstaddalen).
Hjørundfjord vart slått saman med Ørsta og Vartdal til Ørsta kommune i 1964.

Fjorden

Hjørundfjorden er djup, ned mot 441 meter like sør for Stavset og 440 meter utfor Molaupen. Elles er den rundt 400 meter ute i fjorden, ved Viddal omlag på 220 meter og så vert det grunnare og grunnare inn mot Bjørke.
Fjorden vil viser seg fram både i høgde og djupne.
På ferda innover frå munningen, ved Vindsneset på vestsida og Gjeveneset på austsida, skiftar landskapet karakter. Ein og annen staden gir strandsidene rom for gardar, sjølv om fjella gjer stranda så smal som råd er, særleg på austsida. Lenger inne opnar det seg meir opp med dalføre, på vestsida for sjølve hovuddalføret, Bondalen.
Fjorden går mot søraust, med spreide grendelag på begge sidene, og deler bygda i to mest halvstore partar.
Stålberget kløyver Hjørundfjorden. Hovudfjorden held fram mot Bjørke med namnet Storfjorden, truleg til skilnad frå den mindre fjorden på andre sida av Stålberget i austsleg retning mot Øyelandet, med namnet Norangfjorden. Frå begge fjordarmane går det dalføre: Skjåstaddalen og Norangsdalen.
Kring fjorden og i dalføra ligg bygdelaga som har skapt eininga Hjørundfjorden. Denne eininga er så gamal at ho skriv seg frå tider segn og soge ikkje når. Fram til 1803 høyrde 13 gardar i Hundeidvik, Sykkylven også til Hjørundfjorden skipreide, men ikkje til kyrkjesokna.
Hjørundfjord har vore særs tynt folkesett, naturleg nok slik landskapet var. Høgast var folketalet rundt 1890. Då budde det ca. 4,20 menneske pr. kvadratkilometer.

Dialekt og bokstaven H

Eit karaktertrekk ved Hjørundfjorden,spesielt ut i fjorden, var halvemålet. Då vart bokstaven h lagt inn på ”feil stad”. Det vart sagt “(h)an (H)ans var hute (h)eile tida” og godt  nytthaar” i staden for “godt nyttår” og  “eggebær” istadenfor  “(h)eggebær”.

Dialektforma vart praktisert av dei eldre frem til 1980-talet. “H” vart sett inn like mykje i ord der den ikkje skulle vere som der den vart uttalt. Tradisjonen likar å forklare dette delvis med at dei fra Standal kan ha skotske forfedre.

Hus og grend i bratte bakker

Den typiske Hjørundfjordbygda ligg ved sjøen, og gjerne i bratte bakkar. På gardane låg gjerne husa høgt oppe i forhold til slåttemarkene, noko som kan verke litt ulogisk då det måtte verte tungt å måtte drage med seg graset opp til løa istadenfor å rake det nedover og rett i hus.

Grunnen til at husa på garden låg såpass langt oppe var rett og slett fordi gjødselen var tyngre å drage oppover enn høyet som vart hausta.På denne måten fekk ein til å drive jorda uten å måtte slite seg ut.

Stavset

Stavset. (E.A.Tvergrov