273-Stennes

Stenes ligg på sørsida av Norangsfjorden på eit nes som stikk godt uti fjorden. Som etternamn vert forma Stennes brukt, men gardsnamna har ein n.

Namnet Stenes kjem mest truleg av stedja, som tyder vassrett flate avgrensa av loddrett fjellvegg. Få stader kan vel namnet passa betre.

Stålberghornet heng mest loddrett over tuna.(1248 m.o.h.) Sola er borte i 5 månader, likevel var garden rekna som ein årviss stad for korndyrking.
 
Garden er heilt sikker frå mellomalderen, men kan sporast attende til yngre jarnalder. (ca. 500_300 f .kr.) Der skal ha vore funne ei steinøks og nokre andre reiskap av stein , men desse er no  ikkje råd å finna att.

Når ein ser garden frå andre sida av fjorden må ein vera klar over at grensene mot Norang går etter Ystenesgjølet og at grensa mot Viddal er ein heil kilometer innanfor Stollbergneset, ved Jaktefonna.

Opp gjennom tida har det vore mange skader av steinskred på både heimebøen og slåtteteigane i utmarka. Utpå slutten av 1700 talet vart mannen på ein av gardane drepen av stein på slåtteteigen.

Då der ikkje var nokon naturleg stad for sætring, har dette vore prøvt både i Norangsdalen og visstnok og i Urkedalen.

Eit minus var at dei i turre sumrar måtte over fjorden etter vatn. Fyrst i 1978 fekk dei vassledning frå Maude.

Veg til Norang kom i 1976, telefon i  1954 og elektrisk kraft i 1956.

Det er mogleg å finna sikre namn på brukarane på di to bruka attende til 1635, før det er det mykje meir usikkert. I dag er det diverre berre br.Nr. 1 som er i drift. Her er det no Einar Arve som er drivar, og det vonar vi han vil halda fram med. Få stader syner seg betre fram for turistar og andre reisande

H.N.