trandalbygda-vinter
 

x-Kart-ikonTrandal når du med båt cirka 45 minutter fra Ålesund.

Gardane er dokumentert å vere frå mellomalderen, truleg eldre. Dei fleste av husa står trygt, men det har gått ras heilt ned til husa på Indre-Trandal.


Det var vide kjent at gardane på Trandal hadde særs gode veksthøve i djup skredmark, gode beiter og med breane som låg lenge i fjella og slik hindra at markane turka ut. Området vart mykje nytta av folk frå øyane som sende melkekyr og sauer inn hit på beite.  Tradisjonen held dei enno i hved gjennom utleige til sauebønder frå nabobygdene og nabokommunane.

 

Trandalbygda
 

Trandal kan vise til allsidig næringsverksemd opp gjennom tidene. Blant anna dreiv nokre av Trandalingene med byføring av varer til Bergen og Trondheim.

I 1906 ba Trandal om å få verte eigen damskipstoppestad. I 1908 fekk dei eige brevhus. Før den tid måtte dei hente posten på Sæbø preikesøndagene. Rundt århundreskiftet og fram til 1920 var her både ullspinneri og forfabrikk (bork- og beinmølle). Det var oppdrett av rev her på 30-tallet, og ein av gardbrukarane gjorde det rett godt gjennom sin produksjon av rokkar (til spinning).

Laksefiske med kilenot og seinare laksegarn var også lenge ein viktig næringsveg.


Trandal var eigen skulekrins og dei hadde eige skulehus frå 1913. Telefonen kom i 1939 fraå Leknes og i 1970-åra kom stabil elektrisitet med ny sjøkabel frå Store Standal til Nes. Ferjekaia vart liggande midt i bygda ved den tidlegare private damskipskaia.


1950- og 1960 åra var ei vanskeleg tid på Trandal. Talet på skuleborn gjekk nedover. I 1965 vart skulen nedlagt.


Sist i 70-åra vart det ny oppblomstring på grunn av  tilbakeflytting av unge familiar. Skulen vart igjen opna i 1983. Det kom teppefabrikk (i kort periode), fellesfjøs for 300 geiter (1979), ein mekanisk verkstad og sist i 80-åra fiskeoppdrett (seinare nedlagt).

På 80-talet var det storstilt nydyrking oppe i sjølve Trandalen og det kom til 4,5 kilometer veg heilt til Trandalsætra.

I dag er det meste av gårdsdrifta nedlagd. Men det er ny giv i form av satsing på turisme. Det har kome til ny båthavn i bygda og i 2007 fullførde Tussa Kraft småkraftverk fra Trandals-elva.


 

Tilkomst:
Sjøvegen er eigentleg einaste tilkomst her, men for friskusar er også fjellruta Sykkylven - Trandal ein fin dagstur.

  1. Ferge frå Sæbø, Leknes eller Standal som er dei tre stadane ein kjem seg via vegnettet.
  2. Bruke eigen båt, eller nytte seg av Cruiseservice sitt skysstilbod med "Nordic Sky" som har rute Ålesund - Hjørundfjorden - Ålesund i sommarhalvåret. Ein kan også nytte seg av skyssbåten "Hjørundfjord" som har tilhaldsstad på Sæbø.


 

Aktuelle lenker:

 

 

 


 
Som ei kvar bygd med respekt for seg sjølv har også Trandal ein eigen bygdesong.
Songen er skriven av Arnie "Skiffle-Joe" Norse, men blei til med mykje hjelp frå Jetmund Trandal.
 

Trandalsongen

1
For den som ikkje veit
kvar Trandal hen seg gjøymer
så er det ganske greitt
ein stad du aldri gløymer!
Blant høge fjell og stup
ved Hjørundfjordens djup
Bak evig snø kor fonner går
ligg bygda vår!

6
Rundt berg og steinfylt jord
i tusen år dei pløyde
og skaffa krøter fôr
av hunger ingen døydde!
No kan dei vera kry
dei slapp til hjelp å ty!
Ein kamp mot fjell og is og snø
er blitt til brød!
2
Frå Raudemolens topp
du skuer Sykkylvs-dalen
og rett til himlen opp
St. Peter står i svalen
Du skuer vidt og bredt
til Standal ser du lett!
Men dit kor elva skumkvit går
ligg bygda vår!
7
På ishavs-fangst dei var
den fyrste mann på feltet!
Mot Grønland ferden bar
de heime kan ei svelte!
Og mang ein stormfull natt
i åpen båt dei sat
I slik ei stormnatt, akk o ve
gjekk mange ned!

3
Kring Trandal-bygda står
ein mur av solid vyrkje
om "Jura" sagnet går
og "Mora-dalen"s kyrkje!
Mens "Råna" viser kos
for skipa er ho los --
Men "Trandal-hatten" kaut og kry
er alltid ny!
8
I tidens skjebne-bolk
du mang ein ting kan finne
dei blei eit velstandsfolk
fordi dei ville vinne!
Forutan hest dei var,
på rygg dei grøden bar!
Og eigne E-verk bygde dei!
Og eigen vei!


4
Frå Hirdmenns sagatid
har Trandal-bygda standet!
Og kjempet mang ein strid
for Noreg, fedrelandet!
Men kampen også stod
mot håpløshetens flod
Av slit og blod og manndom stor
blei stein til jord!
9
Vår bygd i omkrins er
ei stor, men heller liten,
men folket som bur her
gjev ikkje frå seg biten!
Trass slit frå morgongry --
av Trandal er vi kry!
Trass evig snø og harde kår
er bygda vår!
5
I fjellet veks det bar
ein tresort meget sjelden
som saga-minner har
frå då den var i elden!
Den kjem nok godt "ihåg"
den krig, Hjørungavåg!
Frå Nes ein barlind-båge stiv
tok fleire liv!

 

 

 

 

Tekst og melodi:
Arnie "Skiffle-Joe" Norse



Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Men også bufaste på Trandal.
Få med deg bøkene til historielaget og til Ragnar Standal om du er interessert i historia til fjorden her!