Hjørundfjordportalen » Lokalt » Om portalen

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Om portalen

Om Hjørundfjordportalen
Hjørundfjordportalen er eit prosjekt som har til mål å samle Hjørundfjordingar, fastbuande som utflytta, og gje dei ein felles portal der dei kan treffes og få vite nytt frå nærmiljøet sitt. 

Portalen skal også være ein informasjonskanal for turistar og andre interessentar og gje dei utfyllande informasjon om fjorden på ein rask og enkel måte.


Utdrag frå undervegsrapporten til Hjørundfjord Bygdemobilisering.
(Rapporten kan lesas HER )

Kulturvernlaget og sogelaget har i samarbeid starta arbeidet med ein felles internettportal. Domena www.hjorundfjord.no og www.hjørundfjord.no er kjøpt og begge laga sine heimesider, saman med Sæbø skule sin, er alt knytt opp mot portalen. Dei nemnde laga ønskjer å legge til rette for at portalen kan bli ein felles informasjon og kommunikasjonskanal for alle aktivitetar i Hjørundfjord. Dei ser det særs viktig at alle gode krefter og initiativ i området står saman under felles merke. Ikkje minst fordi kommunikasjonar og avstandar gjer fysiske møte krevjande. Portalen vil difor bli  nytta aktivt både i denne prosjektfasen og seinare i arbeidet med å utvikle Hjørundfjorden som område. I prosjektfasen vil portalen bli nytta til møteinnkallingar, til referat, til samtalar og utvekslingar av informasjon, rapportar, målretta utgreiingar osv. slik at fysiske avstandar vert nøytraliserte og dermed opnar for betre samhandlingar. Ikkje minst vil vi slik kunne ha same fakta som utgangspunkt for vurderingar og samhandling.

Portalen er og tenkt utvikla som ekstern kommunikasjon- og salskanal. Alle utbod frå Hjørundfjord vil då kunne skje under same merke. Over tid ser vi at Hjørundfjord som merkevare kan bli eit sterkt merke for fruktbart samarbeide mot Ålesund og som supplement til Geiranger, men framleis med styrt identitet og innhald frå Hjørundfjord.  Vi vil at alle utbod av tenester og varer innan reiseliv og annan handel, skjer gjennom denne felleskanalen for å bli synleg som ein del av denne merkevaren då vi meiner at merkenamnet og –vara Hjørundfjord er i oppbygginga til å bli synleg og  sterk både i kommunen og ikkje minst utanfor. Det er ikkje usannsynleg at denne merkevara, vil rage høgt både nasjonalt og internasjonalt etter ei tid. Difor er det viktig at hjørundfjordingane no aktiviserer seg – for slik å vere på arenaen og ikkje tilskodar når næringsutvikling basert på natur, kultur og folk vert diskutert. Utnytting av Hjørundfjord sine kvalitetar må skje i samråd med folket i fjorden og ikkje bli avgjort av andre. Mobiliseringsprosjektet vil bidra til slik oppvakning, engasjement og ikkje minst vilje til å utnytte mulegheitene, dvs. etableringslyst.

 




Kven står bak portalen?
Hjørundfjord kulturvernlag
Hjørundfjord sogelag
Hjørundfjord bygdemobilisering

 

Hjørundfjordportalen er utvikla av Håkon Aleksander Trandal og Tor Eirik Trandal.
Headeren er laga av Tor Eirik Trandal med inspirasjon frå ein tidligare header laga av Mats Riise.

Oppretta 24.01.2007 17:31 av Tor Eirik Trandal.
Endra av 30.06.2008 20:36 Håkon Trandal.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

19.aug.
(Sæbø kai)
20.aug.
(Sæbø kai)
21.aug.
(Klokkura/Tryvatna)
26.aug.
(Sæbø kai)
27.aug.
(Hjørundfjord kyrkje)
(Sæbø kai)
28.aug.
(Bondalsbakken.)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

1041 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 25 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

454 besøk idag.

4046 besøk - 28.06.2016
2569210 besøk og 21865249 visningar totalt