LeiraLeira1
 Leira (Foto Per Atle Røe) Leira (E.A.Tvergrov)

Leira er bygda til venstre for Åsen midt i bildet. Leira er gardane nede ved sjøen. Høgare oppe, til venstre i det grøne feltet, ligg Sellereite. Til høgre for Åsen ser ein innover til Bjørkevika. Neset som stikk fram i fjorden frå sida av Åsen er Kalnes som ligg rett overfor Finnes til høgre. Like innanfor Finnes ligg Sætre. Sæssfossen (Sætrefossen) kan skimtast mellom Finnes og Sætre. Oppe i fjellet ovanfor ser ein innover i Bakkedalen. Den grøne bota ein ser rett bak Åsen, er nedst i Skjåstaddalen.

 

x-Kart-ikonLeira og Sellereite og gardane der, er minst frå mellomalderen. Her er funn av både stridsøks og spyd. 

Det var vanskeleg med sommerbeite og historia viser til uvenskap med naboane knytta til dette (ca 1667-1690). Karane frå bygda her vart jaga med staur frå Finnes i forsøket på å ta dyra rett opp til Bakkedalen derfrå ein sommar då det toppa seg etter flere år med usemje. Seinare måtte dei  byte frå seg skogsmark for å få dyra trygt fram til seters. Då gjekk dei inn til Bjørke og kryssa elva Tyssa. Der vart kyr drept som klar melding til Leirafolket om at naboane på Bjørke meinte alvor.


Det var eit syn, vert det fortalt, når kyrne kom symjande over Tysse-elva og Vikeelva, for så å vandre ut at gjennom stranda mot Sætre og opp mot Bakkedalen. Forholda roa seg ned med tida.

Lenge dreiv Finnes og Leira meieri saman i Bakkedalen.

I dag er det geita som gir levebrød for fleire av bøndene her.

 


Sogelagsbøker

Kilde: Innbyggjarar på Hjørundfjordstranda og Hjørundfjord sogelag sine bøker & Ragnar Standal som vert anbefalt på det varmaste! 

Kom gjerne med supplement - skribenten er usikker på ferske fakta!