bakketunet010 Bjørkemotkirka
 Bakketunet på Bjørke  Utsikt mot Bjørkevikja.

 

Bjørke vert saman med Urke rekna til å vere av de aller eldste gardane i Hjørundfjorden. Gravfunn heilt frå tidleg jernalder (600 e. KR.) tilseier at Bjørke til og med kan vere den aller eldste.  

Bjørke kan på mange måter seiest å vere eit kraftsentrum i fjorden. Her ligg sjølve grunnlaget for det lokale storkraftselskapet Tussa Kraft. Dette pregar bygda. Det er dei utsprengte massene frå fjellet etter kraftutbygginga som har gjort det mogleg med veg ut til Viddal. I landskapet ser du kraftlinene, og innbyggarane fekk i 1987 symjebasseng i gåve av kraftselskapet, i same bygg ligg også kontor for lækjar som har faste tider her inne.

I fjellsida til venstre ovanfor Bjørke viser ein to-delt fossestreng. Det er ein liten rest av Tyssefossen som er regulert gjennom fallsjakt inne i fjellet ned til Tussa Kraftverk nede ved fjorden. 

Bjørkebruka ligg oppe på flatene på Bjørke.  Det er for øvrig på deira grunn kyrkja er plassert, ned mot sjøen på Leikevollen i Bjørkevikja. Her ligg den kommunale kaia. I området er det regulert for industri- og næringsareal. Her er det også regulertt for bustadtomter. Bjørke eig alle naustomtene i Bjørkevikja. Skjåstaddalingene og Saure fekk bruksrett på nausttomtene, men berre til bruk for fiske og utstyr som høyrer fiske til. Bedehuset i bygda ligg også her i Bjørkevikja.


Åkre ligg i sørsida opp mot Tyssefossen.  Gardane har grense mot Leira, Sellereite og Bjørke. Før eigde dei heilt inn til Tyssa og Tyssefossen, men segna fortel at ein som vart kalla "Trettar-Sjur" ville eige endå meir. Han ville nå heilt til Vikeelva for laksefisket si skuld.
- Då røyste dei seg Bjørke-karane , og tok frå han både Berget og Myrane, skriv Elling Urkegjerde.

Gardane skriv seg minst frå mellomalderen, men dette er ikkje av dei eldste gardane i fjorden. Opphaveleg kan han ha vore åkerland for Bjørke, og kanskje ikkje utskild som eigen gard før kring år 1000. Gamletunet låg samla nede i Åkersvika der Jogarden ligg i dag. På 1600-talet var her berre to bruk. Seinare flytta dei eldste av bruka oppover motTyssefossen.

Åkersfolket har i tidlegare tider vore i strid med naboane lenger ute i fjorden. Når folket frå Leira kom med buskapen sin og skulle til seters hadde fyrst ein kar frå Bjørke sett hardt mot hardt. Året etter kravde Åkre-karane "løysepengar" for kutrakket. Slik fekk dei Alskridene utanfor Kalneset. 

Tyssa og Vikeelva var for øvrig store utfordringar for alle som skulle krysse, der det ikkje var skikkelege bruer. Kyrne symde over osane, men straumen førde dei stundom langt utpå vika før dei greidde å kave seg til lands.

- På Åkre er sola vekk i 13 veker på vinteren, seier Ragnar Standal i Hjørundfjordsoga. På Ner-Åkre ligg inngangsporten i Fylsberget for Tussa Kraft sitt anlegg.

 


Dei var tidleg driftige her inne, deltok på vinterfiske og seinare på selfangst. Frå Bjørke vart det dreve både Trondheimshandel og Bergenshandel fram til Ålesund på slutten av 1800-tallet tok over som handelsby. Rundt 1890 vart hotellet “Søndmør” bygd her. Men etter berre 5-6 år var det hotelldrifta over.


Ein av gardane på Åkre heiter Bakketunet. Dett er eit sjeldant tun, med seks bygningar. Her ligg stabbur, røykstove, smalefjøs (sau), kufjøs med sengeplass på fjøshjellen,  lissjestallen - opphaveleg legdshus for militærklede, hestestall og løde frå cirka 1850, kledd med bord frå ein åttring. Grindløda er datert til 1549.

I nabotunet på Erkegarden, er det høve til å finne både små og store funn i løa til familien Mork. Her vert det drive antikvariat - Morks antikk. Åpningstider vert annonsert.

Tua oppe på Bjørke ved Tussafossen er ein av dei eldste husmansplassane i Hjørundfjorden. Huset er sett i stand og ved sidan av er Tingstova
sett opp (anm: eige stykke om desse skal lenkast hit...)

Bygda fekk eige kulturhus i 1953. Dette ligg eit lite stykke opp frå fjorden med flott utsyn. Dette vart i si tid røyst av Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag


Bjørke skule er stengd inntil vidare. Elevane gjeng i dag i Austefjorden (Fyrde) i Volda kommune.

 


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!