storestandal

Kart-ikonStore-Standal var opprinneleg 13 gardsbruk i klynge.

Husa ligg fortsatt mest i klynge på grunn av den store rasfaren frå Storhornet (Sylvkallen). Dei fleste husa ligg midt i dalen. Nokre ved fjorden, og så er det fire hus ute i Bakkane på vestsida av elva. Det er funn her frå både steinalderen og jernalderen.

I vikingtida budde det storfolk her. På Standal kan det fyrste gardskapellet/kyrkja i fjorden ha vore.

Ein trur at gardane er oppkalla etter namnet Stein. Likevel er det også dei som tenkjer seg at Standal kjem frå skotske røter. Segna vil ha det til at stamfedrene her kjem frå Skottland. Det kan ha vore to brødre som heitte "Stan" som slo seg ned på dei tome gardane rett etter Svartedauden (1351).

Bøndene har dreve med storfe, geit og sau. Dei har i liten grad nytta seg av fiske frå fjorden, men fleire deltok på vinterfisket ute på øyane. Det vart kjøpt inn eigen motorbåt til dette rundt 1. verdskrig.

I 1920-åra vart det bygd forsamlingshus, og då Stavsetskulen vart lagt ned i 1949 vart forsamlingshuset skule. I 1963 kom skuleruta med båt for elevane til Sæbø (seinare ferje).

På eit då barnerikt Standal vart det i perioda 1977- 2003 (?) igjen skule på forsamlingshuset. Fram til no har så elevane herfrå reist til Sæbø skule, med ein skuleveg som er på ein time kvar veg.

Enno er det gardsbruk her i drift med mjølk- og kjøtproduksjon (eigne bruk og samdrift utanfor bygda. Bøndene driv gjerne i kombinasjon med anna næringsverksemd. Nokre vekependlar eller har arbeid knytt til Standal Knuseverk.

 


Sand som arbeidsplass
store-standal-knuseverkDei store sand- og grusmassene på Store-Standal vert nytta kommerisielt. Her er både grus-, sand- og asfaltproduksjon.
Pr. 2008 ca 10 arbeidsplassar på Standal Knuseverk AS.

Det meste av sanden vert teken ut med båt, men også noko med lastebil til lokale veganlegg.

 

 

 

 


Storhornet (Sylvkallen)
store-standal2Storhornet 1.317 m.o.h. er sjølve toppen seier Standalingane. Sylvkallen er berre der snøen som ligg lenger nede i fjellsida, og som du ser frå sjøen, sommarstid! Frå partiet der Sylvkallen ligg rasar det ut eitt - av og til to snøras som endåtil sindige Standalingar må innrøme at dei ikkje likar noko særleg. Dette er Storefonna. Det ville ikkje vore mogleg å bu på Store Standal om ikkje fonna sjølv hadde hjelpt til... Gjennom kvar einaste vinter har opparbeida ein naturleg fonnvoll framføre seg.

Fjellet kastar lange skygger og derfor er sola vekk i nesten 20 veker på vinteren. Det er ein svær grusrygg som vernar husa på Standal, men lufttrykket frå Storefonna røskar i husa. Særleg kjenner dei det i hustaka på de nedste gardane.

- Siste gong det gjekk hardt føre seg var i i 1930. Gjeng fonna bør alle helst vere hus, og dei store vindusrutene må "sikrast" for trykket som kjem, seier dei.

 

 

 


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Gi melding om du har forslag til endring/korrigering/supplering!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!