Fottur merka med svart - ekspert.

Ca 5 km.

Er utgangspunktet for denne turen Sæbø sentrum, så er det enklast om du tek ferja over til Lekneset.  Deretter køyrer du langs Norangsfjorden etter fv. 655 til Øye og Hotell Union.  Men ikkje stopp her - du må køyre ca. 500 m vidare til vegkrysset.  Ta av i retninga som skiltet til Norang viser.  Køyr opp bakken og du ser eit fotturskilt som viser vegen til Jakta.  Du kan køyre noko vidare etter ein traktorveg, hald til høgre og finn så ein sdtad der du kan setje frå deg bilen.

IMGP1690b

Raud strek syner omtrent ruta du kan gå frå Norang i Norangsfjorden for å nå toppen av fjellet Jakta.

Turen startar heller bratt oppover - oppover til Konedalen.  Råsa er lett å finne oppover, men på ein stad oppover må du krysse elva.  Her er det no festa ein kjetting på begge sider, ein kjetting som kan vere til god trøyst om motet skulle svikte litt.  M