urkebygda1

x-Kart-ikonUrke er ein av få gardar som ikkje låg aude etter Svartedauden. Her har det vore busetting minst fra vikingtida.

urke1

 

På Indre-Urke er det funne over 30 gravhaugar, både runde og avlange. Det er også gjort funn av mengder med steinøkser som truleg er offergåver. Truleg har det bodd folk av høy rang på Urke, men kven veit ein ikkje. Enkelte historikarar vil ha det til at det kan ha vore reine kongsgarden i Sykkylven i vikingtida. Då er ikkje vegen  så lang over til Urke...

Sola er vekk opptil 2 månader på Urke. Urkeelva som har gitt bygda namn, var før til stor skade. Den kan vere stri, og då måtte dei ned til fjorden og i båt om de skulle til kvarandre. Dette påvirka samarbeidet i bygda, med eit klart skilje dei i mellom, langt inn på 1900-tallet. På fleire vis kan ein seie at einaste rette samarbeidet var gjennom fiske med stor not. Då måtte dei ha alle mann saman i arbeid.

På land vart det fyrste samarbeidet knytt til felles skule, og kravet då om ei trygg gangbru. Den kom på plass rett etter 1870. Skulen vart laga slik at borna frå Leknes, Maude og Stenes kunne overnatte om naudsynt var. Då brua skulle utbetrast, var der dei som meinte at dette var luksus. Men med forsterka og god bru frå 1910 kom høvet for felles meieri. Seinare også eige fryseri, og eige vassverk for heile bygda på slutten av 1950-åra.

 

 

urke-kraftverk
Nye Urke kraftverk - Foto:Per Urke.

Frå 1924 kom elektrisiteten. Då dei fekk på plass eit nytt kraftverk i  1948 framme i Urkedalen, kunne tiltaket gitt Tussa Kraft konkurranse.   Men i 1968 kom eit snøras som bokstaveleg talt bles prosjektet med seg. Tussa Kraft overtok. Etter år 2000 vart det igjen blåst liv i planane om å lage nytt kraftverk. Dette sto ferdig sommaren 2008.

Fra 1917 kom eiga kai og veg inn til Øye i 1946. Den vart fullført til Leknes ca. 1953. I ei periode var det også planar om veg gjennom fjellet til Velledalen i Sykkylven.

Urke er ei av bygdene der det har vore tradisjon å sende kyr ut til øyane på vinterstid og ha kyr ekstra frå øyane på beite høgt til sæters på Urke kvar sommar. Dei som hadde ansvaret for sæterarbeidet hadde til dels svært lang veg med å få mjølka til gards. 8 kilometer med mjølk på skuldrane kvar einaste morgon. Så følgde gardsarbeidet for jentene, før dei igjen gjekk til sæters på kvelden for å mjølke.

 

 urke-setra
 Haukåssetra. Foto: Per Urke.



Å få graset i hus var for enkelte av gardane eit einaste langt slit. På Urkegjerde tok dei seg opp i rundt 600 meters høgde for så å bere på ryggen, dra og meise ned til sledeveg, for så å køyre det til turkeplass i tunet. Ikkje rart at nettopp her, vart dei pionerar i nydyrkinga i dalen.

Dei åtte sela på Haukåssætra vart restaurerte i 1990-åra etter at det sto att berre tre sel i 1983. Det er no god køyreveg frå Ytre Urke forbi denne sætra og vidare til inntaksdammen til det nye kraftverket.

Det vart dreve godt med sylvrev på flere av bruka på fyrste del av 1900-talet. Fyrste halvdel av 1900-tallet kunne heile fjøra være dekka av klippfisk til turk på sommaren. Urke var fyrste bygda at denne turkinga kom i stand.

Geitehald har vore vanleg. I 1978 starta tre av gardane ein av landet aller største samdrifter med 300 geit.

 

 

Gartneria på Urke, Klokk og Håndlykken har fått pris for verdifullt gartnerarbeid. Berre eitt er i drift i dag, Urke Gartneri .
 
Klokk hadde sandtak frå fyrste verdskrig til 1923. Snekkaryrket har vore næring for flere, og Slogen industri AS vart stifta på slutten av 70-tallet. Selskapet var i drift til innpå 80-talet. Seinare vart areal og lokaler omgjort til fiskeoppdrett. Fleire av karane var kjende som dyktige veg- og brukonstruktørar/ -arbeidarar.

Det har også vore gjestgiveri her og campingplassen er framleis i drift. Mange av gardbrukarane driv med turisthytter som attåtnæring.
Landhandelen er viktig for heile Norangsfjorden.

urke-gartneri urke2
Urke og gartneria. Foto: Per Urke Urke landhandel. Foto: E. A.Tvergrov

 

Frikegarden-Urke
Dei gamle husa i Frikegarden, midt i bygda. Det er kjekt å sjå at
etterkomarane veit å sette pris på og steller husa. Foto: Per Urke.

Urke er eit glimrande utgangspunkt for mange fjellturar av varierande vanskegrad. Kjende toppar opp mot 1600 m.o.h. er Slogen, Smørskredtindane og Jakta. Saksa (990 m) og Leknesnakken har på god utsikt frå ”lave” toppar.

Urkedalen  byr på lettare turterreng, elvar, fossar, sæter og med snøkledde tindar på alle kantar. Om vinteren er dette også eit flott område for ekstremsport på ski (Telemark & Snowboard).


Aktuelle lenker:

 


Sogelagsbøker

Kilde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal
som vert anbefalt på det varmaste!

Kom gjerne med supplement (sist justert juli 2008)
- Skrivaren vil alltid ha oppdaterte /ferske fakta og tillegg!