Ein kort presentasjon av Hjørundfjord og Norangsfjord.

Av Per Urke

Hjørundfjorden er ein av dei mest særmerkte og storslagne fjordane i landet. Mellom dei vakraste og villaste fjellpartia på Vestlandet, tøyer fjorden seg 33 km i rett line sør-sør-aust frå Storfjorden og innover til Bjørke i sørenden. Ved Leknes går den trange Norangsfjorden i austleg retning mot Øye.

KArt

Kart Hjørundfjord og områda rundt fjorden.


Hjørundfjorden er omkransa av høge, stupbratte fjell. På vestsida frå nord har ein Ramoen (eller Jønshornet) , ved Standal ligg høgste fjellet på Ytre Sunnmøre: Kolåstinden (1432 moh.) omkransa av Sylen, Fingeren og andre nunatakkar. Nær Sæbø ligg Dalagubben og lenger sør  Skåratind (1546 moh.). Over Bjørke stikk Horningdalsrokken opp med si karakteristiske spisse nål. På austsida av fjorden rekna frå sør ligg sjølve dronninga mellom Hjørundfjordfjella: Jakta (1589 moh.). Rett opp om Øye ligg  Fjellkongen sjølv, det kjende Slogen (1564 moh.) med sin karakteristiske topp. Saksa ved Leknes (1173 moh.) og  aust for Trandal ligg Råna (1586 moh.) , som har gitt namn til Rånahalvøya mellom Hjørundfjord i vest og Storfjorden i aust.

Hjørundfjorden

Det er hit vi ønskjer å invitere deg!

Som ein ufatteleg stor bulldosar har isen grave fjorden djupare og djupare gjennom istidene – kanskje opp mot 30 i talet.  Fjorden er over 400 m på det djupaste.

 Utsikt frå fjellet Otola på vessida av fjorden, tvers over for Viddal. Vi ser nordover mot Ålesundområdet. Neset som stikk så markert ut i fjorden er Lekneset. Urkebygda ligg th. for Leknes. På motsett sida av Lekneset ser vi litt av Sæbø.

FJORDEN BLIR TIL

 Det er mektige krefter som har forma dette landskapet som har ein botn meir enn 400 m under sjøoverflata og ruvar nær 1600 m over same sjøflata.

Det er isen som var  byggmeister av fjordlandskapet. Gjennom mange istider har denne mektige geologiske urkrafta meir enn noko anna fått utforme fjord og dalar gjennom si veldig gravande makt.

Dei gongane isen låg over landet opp til 1500-1700 meter tjukk, utgjorde det ei ufatteleg tyngde som pressa jordskorpa ned  samtidig som isen sin elastisitet alltid søkte nedover og seig mot smelteområda i utkanten. Isen som grov ut Hjørundfjorden kom sigande frå dei høgste områda som grensar mot Nordfjord og utover mot havkanten utanfor kysten.

Isbreen grev og gnurar på underlaget med den store tynga si. Stein, sand og grus som han fører med seg, verkar som ei veldig sandpapirskuring med den gravande krafta mot underlaget og sidene. Der grunnfjellet er mjukast, grev isen snøggast, medan hardaste fjellgrunnen vert mindre påverka og står att. Gjennom mange istider som kvar strekte seg over tusentals år, har desse veldige ismassene grave ut fjorden, dalane, sidedalar og fjellbotnar.

Det meste av lausmassene frå denne gravinga har vorte lagt att i smelteområdet utan for kysten. Det er dette som i dag ligg som dei grunne, store fiskebankane utanfor kysten, heilt ut mot Norskerenna.

På slutten av issmeltetidene, då iskanten stoppa opp og trekte seg tilbake inn gjennom fjorden, vart det lagt att endemorener  - lausmasser - som ligg att på botnen. Dette skjer og der is frå ein fjord støyter mot isen frå ein annan fjord. Slike botnmorener finn vi ytst i Hjørundfjorden, mellom Leknes og Sæbøneset, mellom Finnes og Kalnes og mellom Maude og Stenes. Kjempegarden i Maradalen – ein hengedal mellom Trandal og Leknes – er eit godt eksempel på ei endemorene frå den aller siste istida, kanskje for mindre enn 10.000 år sidan.

Dei høgste skarpkanta og taggute fjelltoppane – såkalla nunatakkar - i Hjørundfjord har raga over isbreen og er lite påverka av den.  Desse fjelltoppane har gjennom tusenåra blitt forvitra av frost og is, tining og frysing og dessutan verkar rennande vatn og vinden som forvitringskrefter.

Flyfoto
Flyfoto over Hjørundfjord og Norangsfjord med Urkebygda i midten. Så høgt opp som isen nådde, opp mot 10-1300 moh. vart fjella avrunda. Ovanfor er det alpine landskapet – Sunnmørsalpane – med taggar og spir.

Hurtigruta

Ei båtreise innover Hjørundfjorden gjer oss ”bergtekne”, slik ein turist på ei av hurtigrutene uttrykte seg.”Polarlys” passerer Standal med Kolåstinden som bakteppe. Foto: Rune Sæbønes/Møre-Nytt.

Fjell

Dei blåsvarte fjella reiser seg ende til vers, med skarpe skuggeverknader frå stup, juv og fonnagjel. Kvasse tindar, taggar, sylar og tårn reiser seg mot ein solblank himmel som mektige katedralspir. Det er nunatakkar som ikkje vart dekte av breen, men stakk opp av isen utan å bli slipt ned til runda kollar slik vi ser både på austre og vestre Sunnmøre.  Det er dette som er Sunnmørsalpane. (Foto Svein Myhre)

Etter å ha kome sør gjennom fjorden til området mellom Molaupen og Nes, kan ein sjå denne figuren i ein fjellvegg på austsida. Sjå kartet.

 

Det er sjølve Trollgjøttemannen som viser seg fram. Det er knytt segn til denne kjempekaren.
Molaupen


GAmle hj kart

Frå Årsskriftet til Hjørundfjord Sogelag hentar vi denne oversikta over stadnamn og gardsnamn langs fjorden og inn gjennom dalane som går opp frå fjorden. 

Fjorden er 33 km lang frå Bjørke i sør til utløpet ved Festøya i nord. Fjorden er graven ut av isbreane gjennom istidene og på det djupaste måler ein 441 meter. Ved Festøy, ved Leknes, ved Stenes og Finnes legg det att endemorener på botnen, slik at der er djupna noko mindre.


Vi dreg innover fjorden. Små grender  og enkeltgardar – dei fleste med nedlagde gardsbruk no til dags  – har vore heimstad for flittige hender i tidlegare tider.  Namn som Brattheim fortel det meste.

Store Standal er ei grend som er kjent som storeksportør av sand og stein. Det går veg opp til Standaleidet og vidare til Ørsta. Standaleidet har lange tradisjonar som vintersportsstad og blir no utbygd med hytter i stor skala.

Store Standal

 

Fjella på austsida i vinterdrakt. Biletet er teke frå vegen opp mot Standaleidet. Ved fjorden ligg Store-Standal. På motsett side ligg gardane på Nes og Trandal. Til venstre for desse gardane ligg Molaup. Sjå kart.

 

Foto: Eli Anne Tvergrov.

Desse fjellområda er sommarbeite for geiter, sauer og kyr. Og i slikt terreng skal ein vere både kjend og fjellvand for å hente dyra heim før vinteren kjem. Og under sankinga av bukkar gjekk det skikkeleg gale 24. november 1971 då Molaupsfonna tok heile 7 menneskeliv.

Ryningen

Strandgarden Rynningen  ligg straks sør om Trandal. Vi ser nausta for færingane (robåtane), geila (stien) opp frå nausta til våningshusa og løa som inneheldt både fjøs og rom for vinterforet, i hovudsak tørka høy. I gammal tid slo ein gras i liene i utmarka – utslått. Dette vart frakta heim og tørka på garden i hesjer eller på bøen når det var godt ver.

Etter istidene steig landskapet og fleire dalar langs fjorden endar ikkje ved stranda, men høgt oppe i liene. Slike hengande dalar finn vi m.a. på Trandal (Lissje-Trandaldalen) og i Maradalen i omlag 600 meters høgde.

Frå Elsandtindane

Frå Elsandtindane sørvestover mot fjellheimen  med Saksa nærast og i bakgrunnen t.v. tronar Jakta (1589 moh.) høgast opp. Foto: Knut Hustad.

Maradalen er ein hengedal med to små vatn. Dalen ligg på austsida av fjorden mellom Trandal og Leknes om lag 600 moh. og har vore brukt til sauebeite gjennom lange tider. Ei morene – ein rest etter isbreen – ligg vest for det største av dei to vatna som ei mørk stripe i terrenget (sjå biletet). Det går ei segn om at det var fredlause som rømde hit og bygde denne inntil 6 meter høge vollen til vern. Eit anna segn fortel om forføljing av katolikkar og at desse slo seg ned her etter reformasjonen. Det vert og sagt at det fanst både gravplass og restar etter kyrkja.

 

På vår ferd innover fjorden er vi no komne til Sæbø – største tettstaden i Hjørundfjord som er ein del av Ørsta kommune.

Frå Grøthaugen

 
Ved Sæbøbukta ligg kyrkjestaden Sæbø med Bondalen som strekkjer seg vel 10 km vestover mot Bondalseidet og Ørsta sentrum.

 

I bakgrunnen Elsandtindane, Maradalen og Saksa.

 

Sæbø var tidlegare sentrum for Hjørundfjord kommune, men vart ved kommunesamanslåinga på 1960-talet ein del av Ørsta.

Foto: Ivar Svein Mo


Du kan ikkje rekne med å få vere åleine på Hjørundfjorden ein fin sommardag.

 

Det er over 100 år gammal tradisjon for at dei store cruiseskipa – tidlegare vart dei kalla turistdampane – gjekk innover og sette i land passasjerar på Øye inst i Norangsfjorden.

 

Her er Queen Elisabeth 2 på sin siste visitt. Biletet er teke frå Hustadneset tvers over fjorden mot Saksa, rett over baugen til ”Dronninga”.

Foto: Arild Stokke.

Queen Elisabeth 2


Hurtigruta Polarlys på fjorden

Hausten 2012 hadde Hjørundfjorden vitjing av Hurtigruten som presenterte  eit opplegg som vart kalla ”Autumn Gold”. Her ser vi ”Polarlys” som ligg for anker utanfor kaia på Urke medan fleire hundre passasjerar frå mange land er på bygdevandring i bygda og på busstur innover til Øye og Norangsdalen. Om opplegget er vellykka, kan vi kanskje få sjå Hurtigruten som ein flittig gjest i fjorden.I bakgrunnen skin sola bå den vesle grenda Skår og på det mektige fjellmassivet Skåratindane med Skårasalen som høgaste punkt. Foto: Rune Sæbønes/Møre-Nytt.

Hjørundfjorden går vidare sørover forbi Lekneset og innover til Bjørke.

Bjørke

Bjørke – i botnen av Hjørundfjorden – er kyrkjestad for Indre Hjørundfjord og har ein av dei store kraftstasjonane på Sunnmøre – Tussa-anlegget. Tyssefossen t.v.

 

Frå Bjørke går Skjåstaddalen sørover til Austefjorden i nabokummunen Volda.


Vår tur går ikkje inn i enden av Hjørundfjorden, men ved Lekneset

svingar vi til babord – venstre – og skal inn Norangsfjorden.

Foto: Ivar Svein Mo
Frå Skårasalen


Frå Lekneset

Leknes er ferjestad. Vi ser her inn over Norangsfjorden. Spissen av Slogen i midten og det massive Stålberghornet t.h.


Frå Saksa

Frå Saksa (1073 moh.) mot Stålberghornet og Øye og Norangsdalen i fjordbotnen.Strandgarden Stenes under Stålberghornet. Litt av Urke-bygda er synleg nærast.


Urkedalstindane

Austover frå Urkebygda stikk Urkedalstindane opp som ein tanngard av eit rovdyr.

 

Ein turist vart ståande heilt still for å betrakte desse toppane og så kom det: ”Dette er som ei altertavle!”


Midtvegs langs Norangsfjorden ser vi dei to tuna på Stenes som ligg under det mektige Stålberghornet. Dette er typiske strandgardar som nytta utmarka til beite for store geitflokkar. Difor er liene så opne og utan skog.

Skuleborna vart rodde over fjorden og så gjekk dei til skulen på Urke.

Det vart bygt veg til Stenes for nokre få år sidan.

Stennes


Frå Slogen

Her er utsikta frå Slogen (1564 moh.) vestover Norangsfjorden med Stenes, Urke, Leknes og Sæbø i bakgrunnen.


På Øye, i austenden av Norangsfjorden ligg Øye med det verdskjende  Hotel Union – eit historisk hotell med over 100 års tradisjonar som blir ivaretekne på beste måte.

 

Hotellet ligg nokre få  hundre meter opp om kaia på Øye. I Bakgrunnen fjellet Skruven.
Hotell Union

Turen frå Øye gjennom Norangsdalen er ein klassikar.  For 120 år sidan kom dei første norske, engelske og tyske turistskipa til Norangsfjorden. Med hesteskyss gjekk turistreisa gjennom Norangsdalen og enda på Hellesylt ved Sunnylvsfjorden. Denne turen tok mest heile dagen og det var pause for dyr og folk på hotellet på Fivelstadhaugen, øvst i dalen.

 I 1908 gjekk eit stort ras tvers over dalen aust om garden Skylstad og demde opp eit nytt vatn slik at sæterhusa (sela) kom under vatn. Vegen gjennom dalen gjekk der vatnet no ligg og vi ser restar etter både sela og gamlevegen i Lygnstølvatnet.

Staven

Lygnstølvatnet

Over ser vi det punktet der Norangsdalen er på det trangaste. Fjellveggen, Staven, t.v. går meir enn 1000 m rett opp.

 

T.v. ser vi murane av sel i Lygnstølvatnet og i bakgrunnen kneisar toppen av Smørskredtind.


Norangsdalen

Så er turen slutt. Vi avrundar ved grensa til nabokommunen Stranda aust i Norangsdalen. I dalen er det mange vatn, men elva mellom vatna renn i undergrunnen. Sjølv midt på sommaren vil det finnast restar etter snøen og snøskreda (-fonnene) frå siste vinter. Vi ser her vest over dalen med Smørskredtindane i bakgrunnen.




VEGVISAR TIL HJØRUNDFJORD

 

Tilkomst:

 

Sjøvegen:        Hurtigruta er nemnt, men normalt kjem vi til fjorden med ferje, skyssbåt, privat

                        båt eller kajakk frå Storfjorden.

                        Ferjetilboda er:

                        Solavåg – Festøy ,

                        Sæbø – Leknes – Trandal – Standal – Skår

 

                        NB!     Norangsfjorden mellom Øye og vestover mot Leknes er ein vindstill fjord                                 

                                    som egnar seg godt for kajakkbruk.

                       

 

Vegsamband: Frå Ålesundområdet:          

                                                Ferje Solavåg – Festøy, veg langs fjorden til Standal (ferje)

                       Frå Ørsta:                 

                                                Vegen frå Ørsta –  over Standaleidet til Standal (ferje)

                                                Vegen frå Ørsta over Bondalseidet til Sæbø

                        Frå Volda/

                        Stryn/Grodås/   

                                                Vegen frå Kalvatn til Bjørke og Viddal

                        Frå Stranda/

                        Hellesylt/

                        Stryn:              Vegen frå Tryggestad (fv. 655) gjennom Norangsdalen til Øye,

                                                Urke og Leknes (ferje)

        

 

Overnatting:

                        Hotel Union Øye, Sagafjord Hotell, Sæbø, Bjørke Fjordtell, Bjørke

 

                        Søk på nettet etter andre overnattingsstader på stadnamn, t.d.  Rekkedal, Bondal,

                        Sæbø, Ytre Standal, Standal, Standaleidet, Trandal,  Urke, Øye, Bjørke.

                        Du vil då få opp oversikt over utleigehytter, campingtilbod mm.