Hjørundfjordportalen » Lokalt » Toppturar i vinterfjell

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonse

Annonse

Annonse

  • Skriv ut
  • Hjelp

Toppturar i vinterfjell

Oppdatert førerapport for fjell på nordvestlandet, klikk her: http://fjellinordvest.net/content/view/390/817/  (Her kan vi alle vere med å hjelpe til slik at vi til ei kvar tid veit kva forhold det er i vinterfjellet)

Først ein liten filmsnutt:  http://www.sunnmore.net/div/Filmsnutt%202010.wmv

Hjørundfjorden og fjellturar høyrer saman. Mange, både fastbuande og tilreisande/turistar, nyttar fjella sommar som vinter.  Fleire  skriv også her på hjorundfjord.no om desse turane og det vert sett stor pris på – særleg om foto vert lagt ved artiklane.  Desse turskildringane veit vi gjev mange inspirasjon til å ta seg ein fjelltur, mens andre igjen har glede av berre å lese om  turane. 

Eitt av problema med fjellturane som er skrivne om her på Hjørundfjordportalen, er å finne dei att i arkivet.  No prøver vi å rette på det.  Under har vi no lagt ut lenkjer til dei fleste fjellturane/toppturane vinterstid som det er skrive om.  Klikk på namnet til fjellet og vi får vone at du får ei hyggeleg stund.  Etter kvart som fleire fjellturar kjem til (hugs at du er særs velkomen til å skrive om fjellturar i Hjørundfjorden/Ørsta/Volda sjølv om du ikkje bur- eller er herifrå), vil vi legge dei inn på denne sida: Toppturar i vinterfjell. Ein peikar til denne sida finn du i venstre marg når du går inn på hjorundfjord.no, evt. også ved å klikke deg inn på Natur.

Lenkjer til toppturar vinterstid  på hjorundfjord.no finn du under i nokolunde alfabetisk rekkefølgje.  Turar gått etter 1.1.10 vil vi også prøve å datere slik at ein slepp å lure på om det er ein "gammal" eller "ny" tur det er snakk om.

Aldalen, renne
Bergehornet, 14.2.10
Bjønnatanna
Blæja/Lissjenibba, 13.3.10
Blåbretinden
Blåegga
Blåtinden, 21.1.10
Blåtinden, 27.3.10
Bytingstinden, 24.3.10
Dalegubben
Dalegubben
Dalegubben III, 14.3.09
Dukhornet
Eidskyrkja
Eidskyrkja, rundtur, 20.2.10
Eidskyrkjeplatået, 15.2.10
Fingeren
Fingeren II, 21.2.10
Fossholtinden
Fossholtinden
Giganten (Mohns Topp), renne
Grøtdalstinden
Grøtdalstinden
Grøtdalstinden
Grøtdalstinden
Grøtdalstinden 30. nov.
Grøtdalstindane, 9.6.10
Grøtdalstindegga (namnlaus)
Gubberenna, Molladalen, 31.5.10
Hellefjellet
Hyningane
Høgdetur i Sunnmørsalpane, renner
Jeksla
Jønshornet
Keipen
Keipen(II), 7.5.10
Kjerringa
Klovetinden
Klovtinden II
Klovtinden
Kolåstinden
Kolåstinden, 30.3.10
Koppefjellet
Koppefjellet II, 12.2.10
Kvasshornet
Kvasshornkollen
Kvitegga
Kvitegga, nesten

Kårdalstindane
Langhornet
Langhornet II

Langnestinden
Liahornet
Lissjedalshornet
Lissje Eidskyrkja, Nordveggen
Lissje Eidskyrkja
Lissjeskåradalen
Lynghalstinden
Masdalshornet
Melshornet

Masdalskloven, renne, 1.6.10
Middagshornet
Midtre Sætretind
Mohns Topp
Nivane

Nordre Grøtdalstind, 21.4.10
Nordre Smørskredtind
Nordre Sætretind
Nordre Sætretind
Nordre Sætretind, renne
Nøvedalstinden
Randers Topp
Randers Topp II, 27.2.10
Roaldshornet
Romedalstinden
Rotbergshornet, 7.1.10
Råna
Sandegga
Sandhornet, 23.1.10
Sandegga, 17.1.10
Saudehornet
Skarabben
Skårasalen
Skårasalen
Skårakongen

Skårasalen, oktober
Slogen
Slogen II
Snøhornet, renne
Solskinshatten
Solskinshatten
Snøhornet, Volda/Lauvstad
Snøhornet
Store Brekketind
Store Brekketind II
Store Smørskredtind
Store Smørskredtind
Storhornet
Storhornet Bjørke
Storhornet, renne
Storetoren
Sunndalsnipa
Svintinden
Sylvkallen
Sylvkallen
Søre Skåratind
Trandalhatten
Trongegga
Tungremtinden
Tungremtinden-Nesdalen
Tårnet, Austefjorden, 3.6.10
Tårnet
Tårnet, renne
Urkedalstinden
Vassdalstinden
Vassdalstind               
Vestlege Velleseterhorn
X5
Årsethornet, renne
Åvasstind

Du bør også klikke deg inn på denne nettstaden dersom du ynskjer oppdatert informasjon om toppturar i vinterfjellet: http://fjellinordvest.net/

imgp9594_kopi1

Ronny Haugen på veg ned Skondalen frå Dalegubben, Sæbø, 14.3.09.  Foto: Knut Hustad

Toppturar vinterstid

Fjellturane det er skrive om over, er stort sett meinte som rein inspirasjon – ikkje som detaljerte oppslagsverk om ruteval osb, men gode tips kan du likevel få, særleg om toppturane på austsida av Hjørundfjorden.  Vil du sjølv til fjells, bør/må du ha kart, t.d. turkartet Sunnmørsalpane.  I tillegg bør du absolutt prøve å skaffe deg boka ”Skiturar i Sunnmørsalpane” Fjella vest for Hjørundfjorden, av Helge J. Standal og Jon Hagen.  Boka kjem ut på Iriss Forlag, men er no utseld frå forlaget.  Er du heldig kan du framleis finne boka  i enkelte butikkar og bokhandlarar i Volda og Ørsta.

Diverre omhandlar denne boka berre Sunnmørsalpane vest for Hjørundfjorden.  Difor kan det nok vere klokt å kjøpe "sommarturboka" ”Fotturar på Sunnmøre” av Helge J. Standal, Jon Hagen og Gunnar Wangen.  Denne boka er også å få kjøpt i dei fleste bokhandlane i Ørsta og Volda, men enklast også her er nok å gå inn på heimesidene til  Iriss Forlag   og kjøpe boka der. Denne boka kan også gi inspirasjon til vinterturar.

Det er som nemnt mange som nyttar fjella "våre" til toppturar vinterstid. Mange av oss drøymer t.d. om ein kald vinterdag med 30 cm ny, lett snø/puddersnø, og at vi står klare til å køyre ned ei bratt fjellside, t.d. sørsida til Grøtdalstinden.  Men NB:  Hugs skredfaren.  Kvar og ein som går på desse toppturane må sjølve vurdere skredfaren og ikkje minst ta omsyn til den. Det kan vere klokt å starte fjellturen ved først å gå innom nettstaden snoskred.no.  Hugs også at kameratredning er den sikraste måten å overleve på dersom du vert teken av snøskred.  Hent, skriv ut- og les  skredkort ved å klikke her.  Bruk hjelm og ha på skredsøkar (sendar/mottakar) når du går på fjelltur.  At søkjestong og spade skal vere med er sjølvsagt. Og øv - også på utgraving av kameraten/kameratane.  Det er gravinga som tek mest tid.

God tur.

dsc_0487b imgp5013__large_

Fred Ingar Somby har akkurat passert Himmelporten på veg ned frå Grøttdalstinden laurdag 10. oktober 09.  Foto: Odd Erik Hovden.  Dette fotoet vart kåra til "Beste actionbilde" i FriFlyt. Til høgre: Skikøyrar passerer Giganten

Oppretta 05.04.2008 18:45 av Knut Hustad.
Endra av 16.06.2010 08:57 Knut Hustad.

Annonse

Aktivitetskalender

30.juli
(Sæbø)
(Hjørundfjord kyrkje)
31.juli
(Sæbø)
(Grasbana)
1.aug.
(Sæbø)
(Hjørundfjord kyrkje)
2.aug.
(Stokkehornet)
3.aug.
(Bakkedalen)
(Hjørundfjord kyrkje)
4.aug.
(Ytre-Standal)
(Sagafjord Hotell)
5.aug.
(Bjørke)
6.aug.
(Hjørundfjord kyrkje)
7.aug.
(Grendahuset)
9.aug.
(Vasstøylen/kvamsedalsreset)
10.aug.
(Hjørundfjord kyrkje)
11.aug.
(Sagafjord Hotell)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

736 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 16 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 160 stk - 02.04.2008

141 besøk idag.

1580 besøk - 08.05.2008
907424 besøk og 9094197 visningar totalt