Hjørundfjordportalen » Lokalt » 1679 Skylstad og Valset

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum (I går)
Gjestebok
Søk


Annonse

Annonse

Annonse

  • Skriv ut
  • Hjelp

1679 Skylstad og Valset

6. februar 1679 vart nesten heile Skylstad sopt av murane av Brekkefonna. Nesten  heile sørveggen av Slogen gleid ut. 28 (ei kjelde seier 27) menneske omkom.

Skylstadskredet er skildra som det nest største snøskredet i landet. Berre raset som råka Klevgardane i Oppdal (ved Gråura) 12. februar 1868 har teke fleire menneskeliv. Der døde 32.

Husa som vart røyste etter raset vart sett opp på ein sikrare stad, lenger opp på motsett side av dalen. Fortsatt kjenner gardsfolket lufttrykket frå Brekkefonna,  men no er dei rimeleg sikre.  

 

Bak Skylstadskredet, som det tredje største snøskredet der vi kjenner talet på omkomne, fylgjer storskredet (snø/vassglåp) framme på Valset i Bondalen. Der miste 27 mennesker livet same natta som ulykka på Skylstad.

Husa på dei 4 bruka vart raserte. Det vart gjort stor skade på innmarka og mange husdyr strauk også med. Gardane var derfor flytta til ei klynge lenger fram - nord for elva og etter utskiftinga i 1843 spreidd på rekke vidare framover.

Oppretta 24.03.2008 17:12 av Eli Anne Tvergrov.
Endra av 24.03.2008 17:12 Eli Anne Tvergrov.

Annonse

Aktivitetskalender

12.sep.
(Sagafjord Hotell)
(Idrettsbygget ved Lærarskulen)
13.sep.
(Grøthaugen)
16.sep.
(Grendahuset)
17.sep.
(klubbhuset på sæbø)
(Sagafjord Hotell)
18.sep.
(klubbhuset på sæbø)
19.sep.
(Hjørundfjord kyrkje)
20.sep.
(Frølandsetra)
23.sep.
(Grendahuset)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

741 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 33 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 160 stk - 02.04.2008

448 besøk idag.

1580 besøk - 08.05.2008
939426 besøk og 9278099 visningar totalt