Kjempegarden-Knut Hustad Maradalen-Knut Hustad
Kjempegarden - Foto: Knut Hustad Maradalen - Foto: Knut Hustad

Maradalen ligg tvers overfor Sæbøneset, ca midt mellom Trandal og Lekneset. Namnet meiner lokalhistorikarane kan ha med  jomfru Maria å gjere. Ei segn fortel om katolske munkar og ”Mariadalen”. Men det er ingen sikre haldepunkt eller bevis for dette.


Ei anna segn viser til ein  gamal kyrkjegard midt inne i Sunnmørsalpane... Staden stig rett opp frå fjorden. Maradalen er slik og i 700 meters høgde flatar den ut i ei lita slette med to vatn. Her ligg kyrkjegarden,seier segna. Men kven bygde den og kven nytta den? Katolske munkar frå Borgund på flukt frå reformasjonen, seier den eine segnvarianten. På flukt frå det katolske kapellet på Standal, seier det andre. Her heldt dei til kanskje- Reformasjonsflyktningane - og her la dei sine eigne i grav... eller?


Det vert fortalt at historia fortsett: Munkane i Maradalen vart jaga vidare innover og dei slo seg ned inst i fjorden høgt til fjells i Skipedalen oppe i Skjåstaddalen. Bygdefolk meiner dette er endå meir usannsynleg! Kan munkane verkeleg ha rodd til Bjørke på sin flukt og drege skipet opp Skjåstaddalen? Segna seier at dei var på veg over Bueidet til Austefjord. Men på vegen fekk dei vite at folk var etter dei på Austefjordsida óg. Då tok dei opp tverrdalen straks sør for Skjåstad. Dei kom seg eit stykke på veg, men vart mest sannsynleg stoppa av den bratte kanten nedanfor osen av Store Skipedalsvatnet. Segna seier at restar av skipet låg der til rundt 1700. Nokre av munkane drog vidare, medan andre slo seg ned der oppe i Skipedalen.
Maradalen var i en periode setredal for Hustad, vert det sagt. Dei hadde fire setrehus her oppe. Der tar sagnet “av” igjen og fortel at i det i eine selet låg det eit einegga sverd, som peiker bakover mot år 600. Korleis kom det dit? Tveegga sverd var ikkje vanlege før nermare vikingtida.


Øvst i Maradalen ligg ein kjempesteingard. Den er ikkje laga av menneskehand, men av breen som ein gong i tida skubba den føre seg.

Dalen er også frodig og under fyrste verdskrigen selde Johan Leknes (?) skog på eit område utanfor Lekneset til Maradalen. Kjøpar var Ålesund kommune. Bondalingane var der på vedhogst, og rundt 1300 famner ved vart kappa opp.

Fra Sæbøneset sender dei fortsatt opp sau i Maradalen på sommaren. Her står også ei lita hytte, men både seterlivet og munkane er vekk.

Saksa - heiter fjellet. Frå Bondalen ser du fjellet, som har eit helt tydeleg avtrykk av ei gammaldags saks i gjølet nedover mot sjøen.


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!