Skogfruer (hulder)

Desse skal holde til i skogane, og ligner på vanlige jenter i passelig gifteklar alder. Dei hadde det med å bergta ungkarane, når desse ikkje fekk med seg at jenta hadde hale. Oftast å sjå på sommaren. (Berent Erichsen Aakre 1843.)


Havmenn
Når fiskarane var ute på sjøen, kunne havmenn stige opp. Då "stod" dei i sjøen like til beltet. Havmennen spådde eller sa noko om komande usedvanlige hendingar. Når ein var lei av å høyre på havmannen, kunne ein sette ein hatt på hovudet til han. Då senka han seg igjen ned i sjøen.(Berent Erichsen Aakre 1843.)


 

Havfruer
Desse steig opp over havflata og sang så fortryllande at dei kunne fortrolle ein kar til åhoppe rett i bølgene etter dei. Desse kunne også spå om tilkomande hendingar. (Berent Erichsen Aakre 1843.)


Uldre og Haubokker

Dei budde i lødene, fehus, skog, kjellere og i bergholer der dei av og til gjorde seg synlege for menneska. Dei tolte ikkje at ein banna eller at ein laga støy. Kleda var for det meste blå. Det var også dyra deira. (Berent Erichsen Aakre 1843.)

 

Cisilie Olsdatter i Ola garden på Ytre-Standal. eller "Ho Ola-Sisele" (f. 1785 d. 1877), som ho til dagleg vart kalla, høyrer med til dei få kvinner frå eldre tid som det lever risper og stubbar etter. Ei lita historie etter henne fortell både litt om dialekta her og om overtrua på den tid.

Dei underjordiske var til like sikkert som det var menneske til. Eit vanleg namn på desse var bokkar (med å-lyd). Særleg var desse aktive kring juletider, og då var dei til sjøs og fiske til liks med anna folk. "Jau, dei sa’de de' dei såge dei fare fram jøna’ elvagrandane mæ’ fiskeheinkå sina,” hermar dei etter henne Sisele. O det er ingen grunn ti lå tvile på at ho trudde fullt og fast på det. (etter Ragnar Standal)


 

Blåfolket

Dei underjordiske trivdes godt i Hjørundfjorden, og det seiest at dei trivdes særleg godt i Ytre-Standalen.

Då det vart halde beiteskjøn i 1882, hadde dei eit samkome på setra med rjomegraut, lefse og anna godt. Brått banka det i veggen. Dei brydde seg ikkje større om det. Så banka det igjen, og då fekk dei ein stuss. Tredje gongen det banka, sprang dei ut, og då kvarv det eit blått lys. Dei hadde nok uroa dei underjordiske som alt var flytta inn i sela, for det leid langt på hausten.

Ho Storstov-Randi i Nilsgarden, som var fødd i 1835, hadde fleire gonger sett dei underjordiske på sætra. Dei var så fantastiske ti1 å danse, og ville gjerne ha sætrejentene med i dansen. Ho hadde ut graut ti1 nissen og, ho Randi, og det synte att på mjølka det året, og på høystålet, som vart så drygt.

Ola i Ola-garden, fødd i 1757, skulle ein sundag etter kyrkjetid fram i dalen og henta hesten, så han kunne ha han kunne ha han for handa måndagsmorgonen. Det var ein fin sumardag dette, og komen fram på Kagebakken, tok han ti1 å sjå seg om etter øykjene. Då oppdaga han at det kom ein mann nedover sætrehaugen og leidde ein hest i kvar hand etter 1uggen. Han skunda seg vidare framover og tenkte at det var ein av grannane som hadde knipe med seg hesten hans også. Og då han kom fram i Haumyra, gjekk båe hestane der og beitte, men han som hadde leidt dei, var borte som ei ånd i ein fillehaug. Det var difor greitt å forstå kva skalgs kar det hadde vore. (etter Ragnar Standal)


 

Jenta som vart bergteken 

Framme i dalen på Ytre-Standal ligg det to store steinar. Den minste vert kalla Likkje-bergesteinen og den største, som helst er ein berghamar, vert kalla Store-bergesteinen. I Store-berge-steinen har dei frå gamalt av trutt at det budde underjordiske folk.

For over rundt 150 år sidan tente ei jente i Jakob-garden på Ytre-Standal.. Ho heitte SvideKari og var frå Bondalen. Den dagen dei skulle jaga på sætra, skulle ho ”gå øvre” og ta med seg nokre kviger som gjekk fram på Høgehjellane. Ho skulle jaga dei fram over Solastølane og ned på sætra. Då ho kom fram i Store-bergesteinhola, vart ho bergtekja av ein mann. Mannen hadde to søner. Dei ville ha henne ti1 kone, men ho berre gret og ville ut att. Då sa faren ti1 dei: ”De ser at ho roar seg ikkje her hjå oss, så de må sleppa henne ut att. Men hadde du vore her, ” skulle du ha vorte ”salige”, sa han til henne. Så slapp ho ut, og kom seg ned på sætra seint på kvelden.

Ho var ikkje lik seg, og da det leid på natta, ville ho med all makt opp att. Det var serleg det at ho skulle verta ”salige”, ho ikkje kunne koma seg frå. Då sende dei bod etter Ola-Jo. Ein religiøs mann som las til henne frå Bibelen og fekk henne til å roa seg. Men seinare ville ho aldri meir ha noko snakk om episoden. Ho har truleg sovna og drøymt alt saman mo bergtakinga.(etter Ragnar Standal)

 


Jenta som forsvant - Klokkura i Frølandsdalen

I Frølandsdalen ligger det en stor ur som heter Klokkura. Ein gong tok bygdefolket med seg sjølvaste kyrkjeklokka fram hit i håp om at lyden fra denne skulle kalle tilbake ei gjetarjente som var bergteka av dei underjordiske, eller av huldra som budde her. Tiande morgonen såg dei ein Huldrekar kome ut av ura med jenta. Han var så sint at han slengte henne langt bortover marka. Slik vart jenta berga, men ho vart aldri heilt seg sjølv etter dette.
I andre variantar av dette sagnet heiter det seg at bygdefolket ga opp å ringe litt for tidleg. Her kjem nemleg jenta ut til folket ein aller siste gong for å fortelle dei at hadde dei berre ringt litt til så ville ho vore berga.



 
Kjelder bl.a.
Årsskrift 10 Hjørundfjord Sogelag.  - s 81 Utdrag av "Forsøg på en antiqvarisk historisk Beksrivelse over Mindesmærker og Sagn vedkommende Jørringfjords Præstegjeld" av - Berent Erichsen Aakre 1843.