Hjørundfjordportalen » Lokalt » Olavsegner
|
|
OlavsegnerOlav Trygvasson reiste rundt i Noreg i tida etter kirkemøtet på Moster i 1023, for å kristne landet. Det kan ikkje dokumenterast at han var i Hjørundfjorden, heller ikkje då han rømde inn sjølve Storfjorden i 1028. Likevel går det mange historier om han i Hjørundfjorden. Truleg var det naturleg for folket i Hjørundfjorden å knyte samman trollfortellingane dei hadde, med han som i norsk folketru stod som hjelpar for folket. Segnene er ulike kvarandre i detaljane, men dei ender alltid med at Olav den Heilage ordnar opp.
Pila på Store-Standal og Gluggefjellet Pila fauk vidare heile 12-13 kilometer før den var ved målet, og gjorde det den var meint for... Enten drepte den trollkjerringa (trollet) eller så var det Trollgjøttemannen sjølv som vart stempla inn i fjellet. Pila hadde slik kraft at då den slo i veggen i berget, kom den i retur over fjorden. Den landa og vart ståande på Store-Standal på eit jorde ned mot fjorden. I 1830 stod pila slik at den halla mot fjorden. Men den hindra effektivt jordbruk, og så kom bøndene til at den gjorde større nytte i eit kaianlegg dei bygde. Dermed tok dei opp pila... Dette likte ikkje det antikvariske systemet! Bøndene fekk klar melding om å sette opp att fornminnet. Dette gjorde dei, men no nede i fjørekanten i utkanten av åkeren, peikande rakt til vers. Trollgjøttemannen og Heilag-Olav Trollgjøtta er et fonngjøl cirka 1. km nord for garden Nes (ut fjorden). Øvste del av gjølet går over i ein 100 meter høg og loddrett berghammar. Her ser du Trollgjøttemannen. Segna vil ha det til at ein mann som kunne trollkunst frå Molaupen hadde skapt seg om til en orm som blåste opp ein orkan då Heilag-Olav passerte utanfor Nes på veg ut fjorden. Kongen gjekk fremst i båten og brann røykjelse. Det vart då stillt rundt båten. Karane rodde i stilla beint gjennom orkanen og fram til ormen. Den fanga dei og kongen kasta den så - hardt - oppi berget. Så hardt vart dette kastet at det viser merke etter dette den dag i dag i form av Trollgjøttemannen. Olavshola - St. Olavs dal, Skondalen og Nevedalen ![]() Den svære “gryta” i fjellet over Hustad er knytta til Heilag-Olav. Herfrå kan det høyrast drønn og kome røyk. Eit tredje fortel at han hadde hest. Heilag-Olav sette over på hesten sin frå eitt fjell til eit anna. Lengda var på 1000 alner. I fjellsidene ser ein merke etter spranget.
Spora i Bondalskleivane I Bondalskleivane viser det spor etter ein barnefot, ein hestefot og kufot frå den gongen Heilag-Olav for der... Molaupssåta (toppen t.v.) stikk 800-900 meter opp rett frå sjøen. På sørsida er det et hol gjennom fjellet. Det er synleg litt ut på fjorden mellom Strandabøen og Molaupen. Oppe i holet fortell segna om ein koparkjele full av gullmyntar. Det var Olav den Heilage som gøymde den der i eit knipetak, då han var rømling inn fjorden...
St.Olavsvoren på Skår Det vert sagt at då Helag-Olav var på kristningsreise kom han til Skåraneset der han la til lands. Der fekk han bygd ein steingardsstubb av steinar som var så store at vanelge folk ikkje hadde makta å svinge på dei.
Kappskyting Etter at dei var ferdige med å lage St.Olavsvoren (St.Olavsgarden) kobla dei av med å skyte over fjorden (om lag 2500 meter) på ein stein i Førkjingsflåa. Der viser det djupe merke etter pilane den dag i dag.
Fleire segner kjem til så lenge prøv f.eks. :
Oppretta 03.03.2008 12:31 av Eli Anne Tvergrov.
Endra av 15.04.2008 22:47 Eli Anne Tvergrov. |
Aktivitetskalender
12.sep.
(Sagafjord Hotell)
(Idrettsbygget ved Lærarskulen)
13.sep.
(Grøthaugen)
16.sep.
(Grendahuset)
17.sep.
(klubbhuset på sæbø)
(Sagafjord Hotell)
18.sep.
(klubbhuset på sæbø)
19.sep.
(Hjørundfjord kyrkje)
20.sep.
(Frølandsetra)
23.sep.
(Grendahuset)
|
|
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal |
||
741 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 23 gjestar
Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 160 stk - 02.04.2008
425 besøk idag.
1580 besøk - 08.05.2008
939403 besøk og 9277954 visningar totalt