Øye

Øye

Øye i retning frå Norangsfjorden (E:A.Tvergrov)
     Hotell Union Øye


x-Kart-ikon Øye er gardane Skylstad (står på eiga side), Norangshol (Øggarden) og Norang. Dei eldste gardane er minst fra vikingtida med fleire gravrøyser og gravhauger. Her seier ei segn at det var overlevande etter Svartedauden. På garden Norang er sola vekk i 5 månader og sola klatrar berre så vidt toppane på midtsommaren.

Skyssverksemda for turistane og fjellføring var lenge ei god attåtnæring for bøndene. Frå 1885 var det dampbåt på Hjørundfjorden to dagar anna kvar veke. Då kai også kom på plass - truleg fyrste i Hjørundfjorden - i 1891 kunne turismen handterast meir effektivt.

Veg over til Tryggestad kom på plass frå 1820-talet. På Øye var det eige meieri som var i drift kvar sommar fram til 1918. Dei fekk eige kraftverk frå 1941 som var i drift fram på 60-talet.

Norangdal elveeigarlag laga dam for stamlaks ved elveosen på Øye i midten av 1960-åra. Her sette dei også opp klekkeri. Elva er enno rekna som ei god lakseelv.

I ein storm i september 1853 brann husa på fire av bruka på Øye ned til grunnen. Berre ei smie og kornmagasinet på Øye stod att neste morgon. Fleire mista alt de eigde. Presten i Hjørundfjord skreiv derfor brev til biskopen i Bergen og ba om naudhjelp neste vår. Om dei fekk hjelp er ikkje kjent, men Hjørundfjordinga samla inn høy (sjølv om det seiest at ikkje alle ga av hjartet...).

Frå Øye sendte dei kyr ut frå fjorden 14. oktober og henta dei igjen kvart år til 17. mai. Dette slutta dei med etter fyrste verdskrig (sjå også fodkyr under Ytre-Standal).

Bøndene dreiv med notfiske og turking av fisk fram på 60-talet. Mange deltok også på vintersfisket ut mot havet.

Gardsdrifta har gått både i griserøkt og melkekyr. Vegarbeid og graving har vore inntekt for fleire.

Øye hadde lenge eigen landhandel. Den er i dag nedlagd. 

Borna går på skule på Sæbø.

Hotel Union Øye er det fleire som har arbeid på. På fleire garder leiger dei ut rom til fjellfolk og andre turistar.

Det er dei herfrå som pendlar til arbeid på Hellesylt. På verste vinteren er vegen gjennom Norangsdalen stengd. Då er det hybel på Hellesylt og ei reise på fleire timar rundt via Nordfjord via Sæbø for å kome heim i helga som ventar.

 

norang

 
 Øye
 Dette flyfotoet av Norang er eit oversiktsbilete over Norang slik det såg
ut på 1940-talet. Husa står ikkje slik som på biletet i dag. Vegen er
forbetra mykje, og det ser meir ryddig og "systematisk" ut, men
somme av husa stend framleis slik dei stod før.
(Eigar: Leiv Øye Nordang, bilete er teke i 1950-åra).
Henta frå skuleoppgåve Sæbø skule. 
 

 

 


Aktuelle lenker:
 

 

 


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!