Bjørn er del av namnet på fleire stader langs fjorden.
I 1847 slo bjørn opp fjøsdørene og drap småfe på Viddal, Hole og Leira. I jakta etter desse bjørnane, skaut dei to og to andre slapp unna. I 1864 jaga bjørnen sau i Molladalen utfor ein hammar og 76 dyr  var slått ihjel og mange vart oppetne. Rundt 1900 vart bjørnen utrydda fra distriktet etter systematisk jaging og felling.

Meir her...

260px-Lynx_lynx

Gaupa (Lynx lynx) kan sjåast i terrenget. Ho vart blant anna  observert sist på 90-talet på kattejakt over eit hyttetak på Stigane. 

Meir her...

 Ulven gjorde det utrygt i skog og mark, men rundt 1870 var den siste skoten i nabobygda Sykkylven. Lokalt har den også hatt namnet "skrobb" eller "gråbein".
 Jerven vandrar her, og har vorte sett blant anna i Bondalen.
 Minken og røyskatten kan vere ei plage.
Bilde fra http://no.wikipedia.org/wiki/Oter

Oter kaller ein lokalt for ”Slentr”. Fleire av desse dyra har drukna inne i ei krabbeteine eller har vorte fanga i garnet etter å ha jakta på det som skulle verte ein lettvint fangst.

Meir her...

 Hjorten var sjeldan her fram til 1960. I dag er det ei talrik stamme her, som blant anna truar den sjeldne barlinda. Hjortejakt er haustens store eventyr for mange av de bufaste og etterkvart også tilreisande som leiger seg jaktløyve. Jakta foregår enten som drivjakt (jag) i fjellsidene, eller som posteringsjakt.
 Elg vart sist observert på kort tur innom i oktober 2006 ytst i Hjørundfjorden.
  -
  
Flott er ein mindre velkomen krabat. Store mengder av den heng blant anna saman med milde vintrar og mykje hjortedyr. Denne vesle blodsugande snyltaren skal du vere merksom på, om du går i terrenget her. Få den av kroppen så snart du ser den (Borelia).
  
 

Mus og lemen
Lokalt har mus også hatt namnet "Flysje".

 Frosk
Lappegoble = Rompetrollegg.
  

 


  Nise held til i Hjørundfjorden som ei fast stamme.

 Grindkval kan periodevis på hausten  kome som ein aldri så liten kvalinvasjon.
 Spekkhoggar kan også periodevis jage her. Lokalt har den også namnet "Staurhønning". 
 Torsken kjem oftast på etterjulsvinteren. 
Torsk under 3 kilo hadde eigenamn "Kroppung".


 Hysa helst  i mars og utover, då  kjem den for å gyte.

 Silda kjem innover i mars-april, små sild (brisling) og den som er større. Det er etter henne både  spekkhogger eller grindhval kan kome. I det silda kom gjekk nota ut i gamle dager. Vaktposter vart sett ut for å fylgje med og for å sikre best moglege kast før naboane rakk i.

 Sei og lyr er her heile året, medan storseien kjem spesielt i april og mai. Notlaga gjekk ut etter sei og lyr på ettersommaren. 
 Uer
I Hjørundfjorden kjent som "Klokkar" om dei minste av dette slaget.
 Makrell kjem helst i august og september. Så var det tid for silda.

 Knorr
Auskjærrjåt - ut frå lyden ....
 Kveite til jul var svært viktig - for det var kveite som skulle være på bordet julekvelden langs fjorden.
 Havål, størje og brugde kan bite.
 Laks
Pjakk (ungdommeleg laks)
 Ørret - lokalt Kræde.

 


  Alke og lundefugl kjem inn frå kysten om det er godt innsig av fisk.
 Skarv - toppskarv er vanleg. Skarveskiten på Molaupshammaren vart brukt som lokkemiddel for laksen. Det var kjent at den gjekk mot kvite merke (blik) i fjellet. Derfor malte også fleire av notlaga slike i fjellsida for å få laksen til å gå mot desse og inn i nota.
 Kongeørn og havørn er dei flottaste fiskarane i fjorden. De har begge tilhaldsstader her inne i fjellhamrane.
 Ugler:
Hubro, kattugle.....
 Diverse:
Songvaner, toppand, saman med blant anna dvergfalk, sivsporv, buskskvett, toppmeis og raudstjert.
 Spettefamilien
Gråspett og dvergspett har tilhald lang fjorden. I deler av heile gamle Hjørundfjord kommune er spettmeis og kvitryggspetten observert. Hakkespett har i Hjørundfjord også eit eige namn: "Treklopp". 
  Fossekall kan du finne fleire stader opp langs elvane våre. Ikkje rart når Hellesylt, ei av nabobygdene våre, er kjent for å ha ein av dei største lokasjonane.  I Norgangsdalen nytta dei for øvrig namnet "Elvaprest" om denne vesle flotte fuglen.