storfjorden

x-Kart-ikonStorjorden heiter indre del av Hjørundfjord. Den må ikkje blandast saman med storebror Storfjorden lenger ute. Storfjorden her er namnet på fjordpartiet frå etter Hustadneset i vest og frå rundinga av Stenes i aust og innover til Bjørke.

I Storfjorden finn vi gardane frå Viddal til og med Finnes. Der etter fylgjer gardane mot Bjørke og vidare opp Skjåstaddalen. Dei soknar alle til Storfjorden kyrkje (Skår har i tradisjonen høyrt til Hjørundfjord kyrkje). 

 

Storfjorden er vanlegvis den mest rolege delen av fjorden, men kastevindane kan vere lumske. Sjølv dei med gode lokale kunnskaper har vorte overraska med verst tenkeleg utfall. Snøras har teke heile kyrkjefølge og steinsprang har drept fleire.

Siste årea er det spesielt vegstrekninga mellom Viddal  og Bjørke som har vore i fokus. Her er vegen tidvis stengt i periodar på vinterhalvåret, og det er i ferd med å kome ny og betre sikra veg.


Fra gamalt av var det eit godt samarbeid her knytta til fiske og fangst, men til tider i kampen om ressursane kunne det også vere sterk konflikt gardsbruka mellom.


Bjørke og Skjåstaddalen er ein av plassane på Sunnmøre som har flest bevaringsverdige bygningar frå eldre tid.  

Geit, kraftproduksjon og ridesenter er tre aktuelle stikkord for området. Mange vekependlar ut av regionen eller dagpendlar til arbeid i nabokommunen Volda  eller til kommunesenteret Ørsta.

 


Sogelagsbøker

Kilde: Innbyggjarar på Hjørundfjordstranda og Hjørundfjord sogelag sine bøker & Ragnar Standal
som vert anbefalt på det varmaste!
 

Kom gjerne med supplement - skribenten er usikker på ferske fakta!