bondalseidet
 
  

x-Kart-ikonBondalseidet og Ørsta Skisenter AS ligg  sentralt plassert på beste solsida av Sunnmørsalpane. Anlegget ligg  ca. 10 minutter køyring opp frå Ørsta sentrum og 10 kilometer fram Bondalen frå Sæbø. Her er det ei stolheis, to T-kroktrekk og eige anlegg for borna. Gode løyper og offpistehøve i særklasse, spesielt for dei som har lyst til å gå litt sjølv. Stolheisa gjer at sesongen kan drøyast heilt til mai. Her ligg også eit flott langrennsstadion og tilhøyrande lysløype.


Frikøyrarar lovpriser de gode høva mulighetene til rundturer fra Bondalseidet. Anlegget har i flere sammehengar kome med i kåringar og vorte rangert som i eiga klasse når det gjeld toppturar kombinert med nedfart utanfor merka løype. Då endar du opp eksempelvis ned Frølandsdalen/Bondalen eller Follestaddalen. Dette krev planlegging når det gjeld transport i retur til skianlegget, samstundes er det viktig med gode kunnskapar om skavlar, snøskred og snøen i seg sjølv...

Kombinert med skiheisa har Bondalseidet ypperlege høve for luftsport som hang-gliding og paragliding.
Kafé på toppen er open i helgane i toppsesongen. Nederst i anlegget ligg kiosk med lettare servering.
Det foregår storstilt hytteutbygging og ein heil landsby er i ferd med å ta form på Bondalseidet.

Fastbuande og hyttefolket er flittige i spora.

Skulane, og særskilt Sæbø skule,  har anlegget som ein viktig del av undervisninga si.


Aktuelle lenker: