valset
 

Valset  (nordsida) er frå vikingtida.  På fyrste teigane til gardane på Valset ligg det flere gravrøyser frå den tid og her har dei funn både hestebissel, vikingsverd, øks og spyd. Valset låg tidligare sør for Fjellselva. Men i 1679, samstundes som snøraset på Skylstad i Norangsdalen gjekk, omkom 27 mennesker etter eit snøras (eller vassglåp). Husa på dei 4 bruka vart raserte. Det vart gjort stor skade på innmarka og mange husdyr strauk også med. Derfor vart gardene flytta til ei klynge nord for elva og etter utskiftinga i 1843 spreidd på rekke framover.


 

tvergrova

Tvergrov (nordsida) er gardane øvst på nordsida av Bondalen. Husa ligg på cirka 250 m.o.h. Sola er her året rundt, og dei store snømengdene (gjerne opptil to-tre meter utanfor husa) smeltar heldigvis raskt unna i sørvendte bakkar.


gml-busetnad-tvergrov

 Gamlestova på Tvergrova På biletet ser vi "gamlestova" på Tvergrova.
Husa før i tida blei bygde på for kvar generasjon som flytta inn.
Ser nøye etter, kan du sjå fire skorsteinar på huset, ein for kvar familie
om budde der. Naboane sa at "gamlestova" var som eit "slagskip" når det r
auk av alle fire skorsteinane. Vegen framme på biletet er den gamle
hovudvegen. Personane på biletet f.v. Bern Ole, Ingeborg, Ingebjørg
og Anna med Borghild i armane. (Eigar: Oddbjørg Tvergrov, ca. 1922-23)

Henta frå skuleoppgåve - Sæbø skule 

 

 


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!