Høydalen2
Husmurane etter siste husa som stod her er fortsatt synlege.
Dei ligg om lag midt mellom Høydalsbøen og Høydalsneset. 

x-Kart-ikonHøydalen er av dei eldste husmannsplassane i Hjørundfjord og den låg under Store Standal. DStaden ligg mellom Store Standal og Sæbø.

Plassen er fyrste gong nemd i 1606. Den var teken i bruk som husmannsplass fram mot 1750. Desse hadde det nokonlunde bra økonomisk, men det var langt til naboane, eit vanskeleg terreng å sanke husdyra i, og det var ikkje trygt for snøras. Det var vanskelegast når mannen skulle i vinterfisket. Dette førte til ekstra tunge tak for kona, som vart verane einsam med ansvaret på bruket.

Ei periode var garden fråflytta. Dette hendte nok i 1796 då enkja på garden gifte seg til Bjørke. Då stod det sannsynleg folketomt i Høydalen til rundt 1829. Då dukke Sjur Sjurson frå Akershus oppi Høydalen. Han var gift med ei jente frå Standal.

Svigerdottera til Sjur ho "Syvrena" (Sevrine) var kona på garden midt på 1850-talet. Dette var ei dame uten om det vanlege. Ho var flink å gå i fjellet og ein gong ho skulle over breen langt bak mot Nøvedalen kledde ho av seg stakken og fekk seg slik forbi ei smal fjellhylle. Ho kom segt heilt opp i eit skar austafor Sylvkallen på denne ferda etter geitene i vanskeleg terreng. 

Ein gong mannen var i fiske er det sagt at ho tok storekjelen. Ho stakk årane ut gjennom gryteøyrene og så rodde ho til Standal. Ho måtte til Standal for å hente okse til ei ku som var "klar"...
Dette er det ikkje nokon som har prov på, men det er ei flott historie om ei flott dame! Det som er sant, er at ho tok seg fram ut den bratte stranda til Standal - ei imponerande ferd!

 

Fonnbreen i Høydalen vart utnytta til sal av is til dei moderne fiskeskøytene i Ålesund på 1800-tallet. Same verksemda var det også fleire andre stader langs fjorden.

Dei siste som dreiv garden spedde på inntekta både med fiske, størjefangst, smidde band og kasebinding. Bonden tok mot sauer frå Sunnylven i hamning, og det vert fortalt om eit voldsomt slit i arbeidet med å sanke disse.

Farene frå fjella i Høydalen
To gonger skulle snøfonn eller vassglop skada husa. Fyrste gongen gjekk det også med menneskeliv. Juledagsmorgon 1779 kom snøfonna, ein mann vart drept og fleire skada. Husa vart flytta, men så kom snøfonna ein gong til.
I slutten av 1870-åra går eit nytt snøras. Ny stove vart sett opp året før. Huset sine eigne folk og nokre mennesker som dagen før var komne til for å bordkle stova var i hus. I alt var dei 7 mennesker inne og alle kom frå det i live. Ikkje lenge etter, i 1892, vart Høydalen fråflytta.

Siste huset tok dei med - det står i dag på Hjellen, Sæbø.

gamlestova-hjellen

Denne stova vart teken i vassglopet i Høydalen,
oppattbygd i Høydalen av UIngebrikt Hjellen.

Så vart den riven og frakta til Hjellen.
Personane på biletet er: f.v. Anna Hjellen,
ldbjørg Holen (g. Hjellen), Agnes Stokke (g. Hjellen),
Elna Hjellen (g. Strandabø), Inge Strandabø,
Else Hjellen (g. Sæbønes).
Biletet er truleg tatt i 1945c (Foto: Arthur Hjellen)

 


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!
Kjelde: "Frå Hjørundfjord" - Årsskrift nr. 4 Hjørundfjord Sogelag 1982. Artikkel av Jarle Walseth.
Hjørundfjord sogelag.