Hustadneset

Hustadneset  har vidt utsyn. Her ligg eitt gardsbruk og herfrå leiger dei ut hytter. Det er godt høve for fiske her på neset, der fisken også er kjend for å bite godt.

Det var her på Hustadneset Knut Sjursson Leknes, som drap kona si, vart henretta i 1731. Steglet heiter staden (freda) der hovudet vart sett på stake for skrekk og advarsel om nokon andre kunne falle for freistinga å drepe kona si eller gjere anna vondt.

 

Hustad  (sørsida) er den fyrste garden på sørsida av Bondalselva.

Bondalselva var stendig ein trussel og spesielt rundt 1500-tallet gropa elva unna bakkane og raserte mykje for bøndene og kyrkja som stod på Hustad.
To gonger vart kyrkja skadd. Truleg ein gong av snøras, og ein gong av Bondalselva.

I 1581 vart gardane på Hustad flytta til sikrare stad og kyrkja flytta til Sæbø.

Gamle rettsprotokollar viser at det til tider var bråk mellom bønder og presten om elva. Begge partane prøvde å leie elva unna og over på naboen... Skadeflaum var vanleg heilt opp til 1932. Då vart elva skikkeleg sikra. I 1940 kom Hustadbrua og etter krigen vart arbeidet med elveførebygginga fullført og forsterka.


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!