tryset

Tryset lenger opp i dalen hadde heller ikkje seter. Dei slo seg derfor saman med naboane på Gjerde for å få til setring i Rognestøyldalen.

Både Gjerde og Tryset har vore utsett for øydeleggande jordras rundt 1700-talet og seinare snøras som har gjort stor skade.
Tryset ligg midt i dalen tett inntil riksveg 655. Garden har hatt busetting sidan vikingtida.
I 1875 avdekka dei her ei mannsgrav med saker i frå rundt år 900. Sola er vekk 9 veker på vinteren, og så høgt i Bondalen var frykta stor for at frosten skulle øydelegge avlinga.

I 1757 vart Tryset og Gjerde hardt ramma av jordras. Eitt av husa på Tryset gjekk med. I dag står dei to gardene på Tryset fortsatt i klynge.

Lengst framme på Tryset, på Rekkedalsmark,ligg ein stor fellesfjøs, der bønder frå fremste dalen har gått inn i samdrift frå våren 2008.


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!