Hjørundfjordportalen » Lokalt » Stein og mineralar

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum (I går)
Gjestebok
Søk


Annonse

Annonse

Annonse

  • Skriv ut
  • Hjelp

Stein og mineralar

Hjørundfjorden har i sin vakre natur også mange mineralar og spanande steinar.

 

 Peridotitt Peridotitt
Denne steinen reknar dei interesserte medlemmane som noko av det finaste som finst.
Steinen er ein peridotitt og vart funnen ca.1100 m/o.h ved Kvitegga.

Det grøne som ein ser i steinen er Peridotitt, det gulbrune er Enstatitt, det raude er Pyrop som er ein granat.

 Rutil med pyritt Raud rutil med svovelkis
Dette er ein raud rutil med pyritt som Helge Nordang har funne i steinbrotet på Flatneset.

Raudefargen er Rutil og "gullet" er Svovelkis, pyritt.

Fluoritt Fluoritt med kloritt og mikrolin
Ein stein frå den rikhaldige samlinga til Helge Nordang. Steinen er ein Fluoritt og er funnen i Norangsdalen.Norangsdalen går frå Øye i Norangsfjorden(som er ein sidefjord i Hjørundfjorden)over til Hellesylt.Norangsdalen er eit mykje omtalt turistmål og var betre kjent rundt 1900 enn Geiranger. Her var kong Håkon på besøk under kroningsferda.

Steinen sin raudfarge er Mikrolin, det grøne er Kloritt og det lilla er sjølve Fluoritten. Fluoritt vert brukt m.a. til belegging av optikk.

Funnstaden er Norangsdalen. 

 kalsitt_0031Kalsitt og stilbitt
"Underverket" er ei grop langt vest på Steinreset, aust for Slogen, ca. 1100 moh. Gropa er ca. 5 m lang, 2 m djup, 1 m brei. Utløp av vatn til undergrunnen i eine enden. Opning ca. 1 kv.dm. Steinprøva som er avbilda er utlånt av Torstein Urke som var med til Underverket som 11 åring i 1928. Prøva er bestemt etter syretesting. Midtfeltet er kalsitt (kalkstein) i små, men tydelege krystallar. Over-og undersida er mineralet stilbitt i krystallform. (Innlagt av Per Urke 07.11.07)
Oppretta 31.07.2006 12:54 av Tor Eirik Trandal.
Endra av 18.03.2008 18:01 Eli Anne Tvergrov.

Annonse

Aktivitetskalender

12.sep.
(Sagafjord Hotell)
(Idrettsbygget ved Lærarskulen)
13.sep.
(Grøthaugen)
16.sep.
(Grendahuset)
17.sep.
(klubbhuset på sæbø)
(Sagafjord Hotell)
18.sep.
(klubbhuset på sæbø)
19.sep.
(Hjørundfjord kyrkje)
20.sep.
(Frølandsetra)
23.sep.
(Grendahuset)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

741 registrerte brukarar, 1 medlemmar online, 22 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 160 stk - 02.04.2008

423 besøk idag.

1580 besøk - 08.05.2008
939401 besøk og 9277948 visningar totalt