Bondalen
Det første  fjernsyn av Hjørundfjordstinderne gjennom Bondalen er
i høieste grad overraskende...  ...
Det er et fullendt alpelandskap, overraskende som det kom over oss,
med sin møreblå farvetone, og til dels belyst av den dalende sol,
står det for mig som det skjønneste jeg så i Søndmøre. ...  
(fra NTÅ 1876 - artikkel av Emmanuel Mohn)

 
x-Kart-ikonBondalen Bondalen er cirka 1 mil lang. Dalen har sannsynlegvis namnet sitt frå elva Bóna, “den blanke”. Elva har vore vanskeleg å temje ned mot fjorden. Den har særleg herja på sørsida, Hustadsida, og laga tidlegare eit klart skille i dalen. Det er ikkje meir enn rundt 100 år sidan dei fyrste rett gode bruene for hest og kjerre kom på plass. Før den tid var det nok eit klart skille mellom sjøbygdene og Bondalen med tilhøyrande kiving til tider.

Den opne dalen med sidedaler har truleg gjort sitt til at Bondalen har ein lavare vintertemperatur enn ellers langs fjorden. I klarvér kan det vere skille på 5-10 grader under, så frostrøyken driv bortetter Sæbøvika.

På Sæbø har det vore fleire møbelverksemder opp gjennom åra. Hjørundfjordingane og Bondalingane har tradisjon for å delta på vinterfiske og fangst. Her var mange dugandes bygningsarbeidarar, anleggsfolk og vegarbeidarar. I Bondalen har det vore oppdrett av rev og mink. Fleire kjende hestehandlarar var frå bygda.

I dag er enno gardsbruka viktige i Bondalen, men no oftast i kombinasjon med anna yrkesinntekt. Siste no er utbygging av fellesfjøsdrift. To store er under oppføring i 2008. Truleg den største satsninga nokonsinne i Hjørundfjorden.

Her ligg også eit godt synleg grus- og sandtak på Holen, som gir arbeid til flere frå dalen og grendende kring.

Turisme er viktig knytta til blant anna hotelldrift, utleiegehytter, restaurant og camping. 

Dei lokale servicefunksjonane er samla på Sæbø, men det er mange som pendlar ut av Bondalen til arbeide i kommunesentra i Ørsta og Volda. Fleire gjeng turnus innan maritim og marin sektor eller knytta til oljeutvinning i Nordsjøen.

Bondalselva
fisker_i_bondalselva_01Det rett store fiskeeventyret var på slutten av 60-tallet og et stykke ut på 70-tallet. Etter et heller laber fiske har det siste åra teke seg godt opp att.
 
I 2005 vart det fiska 4.242 sjøaure og 3.294 laks  med en snittvekt på 3,1 kilo på laksen og 1,1, kilo for auren.

Bondalselva er delt i fleire soner og sesongen varer vanlegvis frå 15. juni til 31. august.  

 

 

 

 


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!