saeboe-sommer saeboe-vinter
 Sæbø ferjekaia (EAT)
 Sæbø i skugge midt på vinteren (EAT)

x-Kart-ikonSæbø er tettstad og tidlegare kommunesenteret i Hjørundfjord kommune. Namnet kan koblast mot sjå og bø - garden ved sjøen. Fjella stenger for sola ned til Sæbø i 4 månader på vinteren. Sæbø var opprinneleg prestegardsgrunn og som senter er ikkje staden gamal. Fram til rundt 1900 stod omtrent berre kirka og nokre få hus her. Området var trua av ei utemma Bondalselv og delvis også Skondalsfonna. I 1903 kom likevel både kai og rutetrafikk på plass, og frå cirka 1915 vaks strandstedet Sæbø fram.

Hjørundfjord fikk eigen sparebank frå 1879. Slik vart det lettare å låne, samstundes som pengane vart verande i bygda. Banken er fortsatt i drift som filial i Sparebank-1 systemet.

I 1932 starta sikringa av Bondalselva. Dette opna for utviding av busettinga i Sæbø.

I 1958 kom folkeskulen i gang på Sæbø. Sæbø skule er kombinert barne- og ungdomsskule. Den dekkjer heile Bondalen, Norangsfjorden, Trandal og Store-Standal. Skulen er eit samlingspunkt ved større arrangement som eksempelvis Hjørundfjorddagane.

På sjølve Sæbø ligg i dag to campingplassar, eitt hotell og servicefunksjonar som kolonialbutikk, omsorgssenter og helsetilbod.

På sommaren og ved høgtidstoppane opnar også bygda sitt bakeri.


 

 

saeboneset1

Sæbøneset var opprinneleg fem husmannsplassar under prestegarden. I dag er dette bygdas største byggefelt.


 

 

flatneset

Flatneset med knuseverk ligg som eit lett synleg punkt heilt på enden av Sæbøbukta ut mot sjølve Hjørundfjorden.

 


Aktuelle lenker og namn

 



Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!