IMG_190.JPG-Torill-Nydao
 Molladalen (foto:Torill Nydal - http://www.follestaddalen.net)


Molladalen - ofast høyrer du namnet saman med fjellklatring.
Men dalen er lett tilgjengeleg også for ei vanleg middels sprek familie på tur.

Fyrst oppdaga av engelske klatrepionerar, sidan av stadig fleire entusiastar.

Taggane og variasjonen gjer Molladalen så spesiell. Naturen er verna.

Img_0074_TorillNydal
Img_0163_TorillNydal
IMG_0187-TorillNydal
 Molladalen (foto:Torill Nydal - http://www.follestaddalen.net)

 

Jønshornet (1419) som me seier her langs fjorden (Ramoen seier dei i Barstadvik...) er høgste toppen i ytre Hjørundfjord. Toppen var fyrste landkjenning for fiskebåtane når dei kom inn frå havet.

jonshornet
 

 

Du kjem deg opp til Molladalen blant anna frå Ytre Standal. Eller du kan gå frå Barstadvika og ta rundtur og ende på Ytre-Standal.


Aktuelle namn:

 

randers
Kristofer Randers - eigentlig døypt Ole Christopher (1851-1917). fjellvandraren, naturelskaren og lyrikaren.
Randers var på flere vis med på å spre kunnskap og opne Sunnmørsfjella gjennom reisehåndboka “Søndmøre” som han skreiv på oppdrag for  Ålesund-Sunnmøre Turistforening i 1890. 
Randers fekk seinare ein av fjelltoppane i Molladalen oppkalt etter seg (Randers topp).
Diktaren Randers er mannen bak bysangen til Ålesund “Unge skudd på Norges byers stamme”. Han har fått ei eiga statue i Ålesund. Den stod opprinneleg på Rønneberghaugen midt i Ålesund, men vart flytta til  Aksla bak Fjellstua. Der ser han i dag inn mot Sunnmørsalpane som han var så glad i.
 slingsby

William Cecil Slingsby (1849-1929) fra England. I engelske klatrekretsar gjekk Slingsby i front for Norge som klatrearena, som motvekt mot det britiske klatremiljøet si einsidige fokusering på Alpane.

Han er kjent for å vere ein av dei som verkeleg marknadsførte og oppdaga dei norske fjelltoppane.

Slingsby gjekk sterkt inn for klatring i Storbritannia, og han medverka til  skipinga av fleire lokale klatreklubbar i England.

 

Emanuel Meyer Mohn (1842-1891) fra Bergen var en stor friluftsentusiast, skribent og eiknar. Artiklane sine fekk han trykt i Turistforeningea sine årbøker. Dei vakte stor oppsikt, og gjennom desse fekk han ry som Noregs fremste fjellsportsmann.

Mohn og Slingsby møtte kvarandre i 1874. Dei oppdaga at dei hadde mange av de same planane og ambisjonane om fjell dei gjerne vil bestige. Dei har begge fått fjelltoppar oppkalla etter seg i Molladalen.

 


Mest aktuelle lenker/info.