Hjørundfjordportalen » Lokalt

Artiklar med "Hjørundfjordheimen 00" som stikkord

Hjørundfjordheimen Sæbø

28.06.2018

Vellukka Gardsdag på Hjørundfjordheimen.

I strålande sol, kosa vi oss på plenen med hesjing, musikk, kaker og kaffi.
Mange trivelege folk og dyr kom innom, vi hadde ein storarta dag.
Ei stor takk til alle som hjelpte til , uten dei hadde vi ikkje klart å få til dette.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

25.06.2018

Gardsdag på Hjørundfjordheimen.

No er det på tide med Gardsdag på Hjørundfjordheimen att.
Onsdag 27 juni.
Vi vil gjerne du tek deg ein tur, og vil du bidra med noke så ta kontakt.
Aktiviteten på tunet vil foregå mellom kl 13 og 16.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

30.05.2018

Tur til Hoven

Ein optimistisk gjeng frå Hjørundfjordheimen tok turen til Loen og Hoven ein kjempeflott maidag!

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

27.03.2018

På besøk til Hagestova.

Med heimebaka kake i bilen tok vi turen over Eidet , til Ørsta.
Der vart det eit koseligt treff på Hagestova som ligg i nyoppussa lokaler på Ørstaheimen.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

29.03.2018

Jula varer heilt til påske?

Litt forsinka viser vi litt glimt frå jula.
Etter ein kald og kvit vinter med mykje glatte vegar gler vi oss no til påske og litt vårlege forhold i sikte.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

22.12.2017

Julebakst på Hjørundfjordheimen.

Når jula nermar seg er det godt å ha litt heimebaka å byde på. På Hjørundfjordheimen er vi svært flinke til å bake, og endå betre til å smake.
På bildet er eit brett med nydlege peparmyntegodteri.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

23.12.2017

Førjulskos.

I tida før jul er det mykje som hender, kjekt med besøk og musikk som varmar og lyser opp.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

25.11.2017

Haust og mørketid.

Stor stas var det når desse "skumle spøkelsa" kom innom på sjølvaste Halloween. Dei fleste av oss viste knapt kva -knask eller knep betydde men vi fekk lære litt om dette no.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

16.11.2017

Open dag på Hjørundfjordheimen.

Open dag i år er over, det var svært kjekt for oss alle at så mange tok turen innom. Ja, vi sette nok publikumsrekord i år.
Med eit haustpynta miljø på trappa vart alle ynskt velkommne til Open dag.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

25.09.2017

Hjørundfjordheimen på Hurtigrutetur.

Bebuarane på Hjørundfjordheimen spanderte på seg ein tur med Hurtigruta MS Kong Harald.
Nokre vart med frå morgonen av, medan andre tok ein kortare variant.
Uansett vart det ein flott dag for alle.

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjordheimen Sæbø

25.08.2017

Hjørundfjordheimen på rekebord.

Som seg hør og bør vart det rekebord på bebuarar og personalet ved Hjørundfjordheimen i år også.
Eit bugnande festbord med utruleg god mat.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

26.08.2017

Hjørundfjordheimen på hjortefarm.

Ein dag bestemte vi oss for å sjå nermare på hjortedyra som er på Hovdenakk Hjort a/s.
Vi avtalte med eigaren, ja dette vart ein spennande tur.
Det er ikkje berre statsrådar som likar slikt.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

24.08.2017

Ein sommar er på hell.

Med eit sommarbilde frå ein av ei flottaste dagane med sol og varme, viser vi litt "klipp" av sommaren som no er på hell.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

06.07.2017

Sommarstemning

Sommar og sol er utetid, og vi på Hjørundfjordheimen kan å nyte livets små og store gleder.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

04.07.2017

Gardsdag i strålande vèr.

I strålande solskin og god høytørke vart det perfekte forhold for årets gardsdag på Hjørundfjordheimen.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

10.07.2017

Hyttetur.

Når Hjørundfjordheimen reiser på hyttetur vert det akkurat som eit eventyr.
Då passar det godt med matpause ved de tre bukkane bruse.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

21.05.2017

Vårlege syslar

Dagane er lyse og vi er i vårstemning.
Mange små turar ut i det fri, og syslar som høyrer våren til.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

22.05.2017

Flott 17 mai.

Med blå himmel og strålande sol vart Nasjonaldagen til ein perfekt dag på mange måtar.
På Hjørundfjordheimen kosa vi oss heile dagen.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

01.05.2017

Tapas & dansekveld

Hjørundfjordheimen hadde tapas og dansekveld med "fri bar", utlodding,og då sto stemninga i taket.
Silje og Karin diska opp med spennande og velsmakande tapas.
Alle var einige om at det var ein trivelig kveld

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

11.04.2017

Uteliv og Sykkel.

Innimellom regnbygene er vi ikkje seine om å ta oss ei runde ut, enten med nyesykkelen eller til fots.
Ut på tur aldri sur.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

05.01.2017

Romjulsfest på Hjørundfjordheimen

Bløtkaker og andre kaker av beste sort.Flott juleforteljing av Mathias Austerheim, med gang rundt treet og dei kjende kjære julesongane vart romjulsfesten til ei triveleg stund.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

24.12.2016

No er det jul!

No er jula her, og vi legg siste hand på verket.
Trea skal pyntast og juleborda dekkast, lysa skin i kvar ei krå.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

12.12.2016

Adventsfest og ventetid på Hjørundfjordheimen.

Når kveldane er mørke og dagane er korte er det eit sikkert teikn på at vi nermar oss jul.
Adventstida med lys i alle mørke kre og glas er ei fin tid.
På Hjørundfjordheimen kjem våre flinke pasientvennar frå Røde kors dei steller til adventfest for oss.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

23.07.2016

Sommar på Hjørundfjordheimen

Sommarutstillinga på trappa er ordna, fiske er temaet.
Båten heiter naturligvis Måken!
Karl, Bjørg og Annlaug studerer utstillinga og er svært begeistra.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

01.06.2016

Grilling og uteliv.

På Hjørundfjordheimen har vi verdas vakraste utsikt, og vi er ikkje seine å nyte denne utsikta både i sol og regn.
Karen og Solveig nyt morgenstemninga.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

29.05.2016

17 mai på Hjørundfjordheimen.

I duskregn vakna vi på nasjonaldagen.
Utover føremiddagen letta regnet og etterkvart vart det finare og finare.
Ein strålande dag med god mat og staselige festkledde folk.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

31.05.2016

Musikk og underhaldning på Hjørundfjordheimen.

Det vårast raskt, bjørka sprett og på Hjørundfjordheimen er det kjekt at mange tek turen innom og skaper liv og røre for oss.
Spesiellt kjekt er det med konsertar og musikkunderhaldning av ulike slag.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

17.04.2016

Strikka godbitar frå Hjørundfjordheimen.

Strikkeproduksjonen på Hjørundfjordheimen går for fullt.
Har du nokon som treng ei gåve?
Kansje trekk til nettbrettet kan vere tingen, eller eit sitteunderlag?
Strikka av gode "bestemorshender".

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

20.03.2016

Vår i lufta.

Sola har skine inn på Dalastova så no har vi leita opp solbrillene og starta "utelivet".

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

17.03.2016

Pårørandekveld.

"Den lange trappa"
Det er historia som Øystein Ørjasæter fortel om kona si som fekk Alzheimer og tida dei hadde saman.
Ei rørande og ærleg skildring.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

22.03.2016

Tur til Gjenbruk i Ørsta.

Hjørundfjordheimen vart invitert på kake og kaffi til Gjenbruk i Ørsta. Vi takkar aldri nei til invitasjonar!

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

17.03.2016

Besøk frå Borgund vidaregåande skule.

Nesten 30 elevar frå Borgund vidaregåande skule kom på besøk for å sjå korleis vi har det på Hjørundfjordheimen.
Dei kosa seg, og pasientane kosa seg...

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

20.03.2016

Vinterstemning

Vinterleg dekorasjon ved ingangsdøra vitnar om vinter, skiaktivitetar og snøv.
Aktivitetar er det på Hjørundfjordheimen i mange variantar.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

10.01.2016

Godt Nyttår!

No har vi starta på eit flunkande nytt år.
Mykje vert nok det same, men vi har som vanleg høge tankar om ting som kan verte betre, vi får sjå....

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

09.01.2016

Romjulsfest

Eit skikkeleg sunnmørsk kakebord kunne Hjørundfjordheimen by på til kaffien under Romjulsfesten.
Triveleg underhaldning og gang rundt treet var sjølvsagt med.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

17.12.2015

Mykje flott underhaldning i førjulstida.

Hjørundfjordkvintetten, Åmås friskule og Ørsta lionskoret, er berre nokre av dei som tek turen til Hjørundfjordheimen for å spre glede med sin vakre musikk.
Vi kosar oss over mangfaldet og har meir i vente i tida som kjem.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

18.11.2015

Vi treng råvarer!

Hjørundfjordheimen treng strongar så denne arbeidskaren kan få sage meir ved. Er det nokon som har stokkar på to meters langde og mindre, ikkje altfor tjukke, vil vi gjerne ha dei.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

19.10.2015

Hausten er komen.

Sommaren som aldri heilt kom er over, og hausten er tydelig rundt oss.
Epla er modne, fargane i skogen er gyldne, men blomsterprakta er framleis flott og soldagane nyt me ute uansett tempratur, på Hjørundfjordheimen.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

21.03.2015

Badenymfer i paradis!

No har vi fått smaken på det gode liv!
Bassenget i Volda har vi leigt nokre gongar før, men vi er alltid klar for ein tur dit, for å varme kropp og sjel!
Tenk at vi har nokre som tek av fritida si og er med, slik at vi kan få med oss dei som vil på dette flotte tiltaket.

Les heile

Hjørundfjordheimen Sæbø

21.03.2015

Hjørundfjordheimen i vårleg medvind.

I 2012 fekk vi Demensprisen, 2014 fekk vi Ørsta kommune sin arbeidsmiljøpris, so fekk forsyne meg katten Baldian Agria sin dyrepris, og som ikkje dette var nok, fekk vi i 2015 fylkets sin arbeidsmiljøpris.
Kake og feiring vart det- HURRA!
Denne og alle prisane delar vi med bygda, tusen takk til alle som er innom og bidreg med stort og smått, all hjelp og gode bidrag gjer at vi har det bra i felleskapet på Hjørundfjordheimen.

Les heile

Statistikk

1072 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 29 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

599 besøk idag.

4428 besøk - 06.05.2018
2914686 besøk og 24384919 visningar totalt